Robert Henriques

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 4. august 2022 kl. 20:16 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Robert Henriques. (Målar: Elisabeth Jerichau Baumann)

Robert Martin Henriques (fødd 14. december 1858 i København; død 29. desember 1914Frederiksberg) var ein dansk cellist, musikkanmeldar og komponist. Han var i slekt med med violinisten og komponisten Fini Henriques.

I barndomsheimen kom fleire av dei mest framtredande musikkpersonane på den tida, bl.a. Edvard Grieg og Anton Rubinstein. Robert Henriques studerte cello hos Fritz Bendix og Franz Neruda og seinare i Tyskland hos Friedrich Grützmacher og David Popper, og i musikkteori av Edmund Kretschmer. Etter heimkomsten opptredde han som solist og tok aktivt del i musikklivet i København bl.a. som medstiftar av foreningane G-Dur og Symphonia og i nokre år som dirigent for Akademisk orkester. I 1887 fikk han Det anckerske Legat.

Etter at han fikk avslag på ein søknad til ei cellist-stilling i Det Kongelige Kapel i slutten av 1880-åra, slutta han å komponere, og i staden vart han ein innflytelsesrik skribent i musikklivet i København. Han var musikkanmeldar for fleire aviser og heldt ein temmeleg skarp men velunderbygd tone i artiklane sine.

Musikk

  • op. 2 Akvareller (orkestersuite – Gnomentanz)
  • op. 5 Tre charakterstykker (cello og klaver)
  • op. 8 Tre Melodier i Moll til Texter af John Paulsens
  • op. 9 Lose Blätter (klaver)
  • op. 10 Tarantelle (cello og orkester/klaver)
  • op. 11 Miniatures (kaver)
  • op. 12 Sange
  • op. 15 Pastels (klaver)
  • op. 16 Suite for obo og orkester
  • op. 18 I Ny og Næ (sange)
  • op. 21 Illustration
  • op. 22 Tre melodier (sange af Ludvig Holstein)
  • op. 23 Dæmpede Melodier (cello?)
  • Olaf Trygvason (orkester)
  • Pierrette (klaver)
  • Grænsefolk (skuespil 1897)
  • Sang for Kvindelig Fremskridtsforening
  • Viser om dyrehaven
  • Sange om Danmark

Kjelder m.m


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon


Eksterne lenkjer

Mal:Autoritetsdata

Mal:FD