Ris

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 5. august 2022 kl. 02:34 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
Brune riskorn.

Ris er ei grasplante som gjev eit stivelsesrikt korn. Namnet er brukt for både kornet og planta. Risen er rekna som eitt av de viktigaste kornslaga i verda. Han er det einaste hovudnæringsmidlet for mesta 50 % av menneska på jorda, og i motsetning til andre kornslag blir meir enn 95 % av rishausten eten av menneske. Somme asiatiske språk brukar same ordet for både ‘ris’ og ‘mat’. Ein kokar ris for å laga han til. Ris kan etast åleine, i suppe, eller med karri eller grønsaker.

Botanikk

Rismark i Bangladesh

Ris er eigentlig eit gras og er klassifisert i familien Gramineae som har kring 20 artar. To av dei blir dyrka i landbruket - Oryza sativa, som er ei asiatisk art, og Oryza glaberrima, som er ein afrikansk art.

Risen ein dyrkar i dei fleste landa er asiatisk ris. Afrikansk ris var aldri velkjent og har vorte enda mindre vanleg no. Han har slutta å bli bruka i mange afrikanske land, bortsett frå i religiøse ritar.

Risplanta er eittårig og blir omtrent 1,2 m høg. Blada til planta er lange og flate. Blomsterstanden til risen har mange einblomstra småaks som korn veks frå. Det finst mesta 80 000 risvariantar i verda.

Dyrking

Ris blir dyrka i mange land. De største produsentane er Kina, India, Japan, Bangladesh, Indonesia, Thailand og Myanmar. Vietnam, Brasil, Sør-Korea, Filippinene og USA er òg store risprodusentar. Omtrent 450 milliardar kilo ris blir hausta kvart år.

Asiatisk ris

Ris dyrka i terrassar på Java i Indonesia.

Asiatisk ris blir dyrka på kystland, elvedelta og elveslettor i tropiske, semitropiske og tempererte område. Ein sår frøa i førebudde bed. Etter frørenningane er 25 dagar gamle, men føre de blir 50 dagar gamle, må dei plantast i ei mark som er fylt av vatn. Vatnet må liggja 10 cm høgt heile tida mens plantene veks. Oftast er markene ringa med demningar for å halde vatnet inne. Omplantinga kan vera problematisk i område som er avhengige av monsunen. Om monsunen kjem litt for tidleg eller litt for seint, kan dei miste heile avlinga si.

Bruken av så mykje stilleståande vatn tyder at malaria og liknande sjukdommar kan spreie seg. Bøndene kan bruke mange interessante metodar for å hindre det. I Bengal og Tamil Nadu har det vore vanleg å ala fisk i rismarkene som et larvene av mygg og andre skadedyr.

Afrikansk ris

Afrikansk ris kan dyrkast på same måte som asiatisk ris, men i Nigerdeltaet brukar dei ein svært ulik måte. Risen er sådd langs Nigerelva føre ho fløymer over. Afrikansk ris veks i djupare vatn enn asiatisk ris og blir berre hausta etter at elva har fløymt over. Vatnet er vanlegvis så djupt at bøndene må bruke båtar eller kanoar for å hauste risen.

Polering

Dobbelpolert kvit ris og enkeltpolert brun ris side ved side.
Kvit, dobbeltpolert ris er den vanlegaste ristypen i dag. (Foto: Arvind Thattai)

Etter at risen er hausta må agnene skiljast frå kornet. Dette kan gjerast på mange ulike måtar. Den vanlegaste er å polere risen med bruk av maskin.

Vanlig maskinpolering (òg kalla dobbelpolering) tek bort både agna og ein stor del av kliet. Risen ser veldig kvit ut og har ein matt glans, men mister store deler av næringsstoffa sine, særleg tiamin. Det er òg muleg å polere risen litt mindre (ofte kalla enkelpolering) slik at berre agnene blir tekne bort. Ris som er enkelpolert ser meir brun ut og har meir protein, tiamin, niacin, riboflavin, jarn og kalsium. I Sør-India er det vanleg å halvkoke ris føre han blir polert, noko som gjer det lettare å ta vekk bort og cellulosen utan å øydelegge næringsstoffa i risen.

Ris kan bli stampa for hand òg. Handpolert ris er enda meir næringsrik, men kan òg ha meir cellulose i kliet sitt som gjer det vanskelegare for kroppen å ta opp næringsstoffa frå risen.

Historie

Asiatisk ris

Ei nepalsk kvinne drøftar ris. (Foto: «Babasteve»)

Menneske har ete ris i meir enn 7000 år. Ris kjem truleg frå det sørlege Kina eller nordlege Thailand og spreidde seg derifrå til Sentralasia, Indonesia, Japan, India, Iran, og Midtausten. Vi trur at intensiv risdyrking begynte i Asia kring 3000 fvt. da bønder kom på å plante om frørenningane og gjørme markene slik at dei heldt på vatnet. Det er muleg at både indarar og kinesarar kom fram til dette på eiga hand.

Eit kinesisk dekret om risplanting frå kring 2800 fvt. er den første skriftlege oppteikninga vi har om ris. Ris var kjent i den greske tida og i Romerriket. Ein trur at risdyrking i Hellas og nærområdet begynte med soldatane til Aleksander den store, som henta risen frå India, men det spreidde seg ikkje vidare derifrå. I de 7. og 8. hundreåra begynte arabarane med risdyrking i Spania. Kultivering begynte i Italia og Frankrike òg, men det gjekk ikkje med full fart føre renessansen. Ganske lenge trudde ein at ris gav ut dårleg luft som gav folk malaria, og det var ulovleg å dyrke ris i mange deler av Frankrike og Italia føre 1600-talet.

Spanjolane tok med seg ris til Sør-Amerika på 1600-talet. Risdyrking kom òg til Nord-Amerika i same hundreåret med slavar frå Madagaskar som vart tekne til South Carolina. Jorda i det området var flat og rik og var derfor perfekt for ris. Eit dokument frå 1685 handlar om risdyrking langs kysten, og i 1726 vart mesta 4 500 tonn ris eksportert frå Charleston hamn. Riskultivering i søraustlege deler av USA slutta med slutten av slaveriet, men det hadde spreidd seg til Texas, California, Arkansas og andre deler av USA, og ris er no eitt av de viktigaste kornslaga i USA.

Afrikansk ris

Ris har vorte dyrka i Afrika i meir enn 3 500 år. Ein trur at det begynte langs Nildeltaet og spreidde seg derifrå. Romerske historikarar seiar at dei garamantiske folka i Fezzanområdet (moderne Libya) dyrka ris, og det er truleg at risdyrking var vanleg i saharaområdet føre det vart ein ørken. Vi les òg om afrikansk ris i bøkene skrivne av de første europeiske oppdagarane. Leo Afrikanus sin omtale av risdyrking i Sokoto-området av Nigeria i 1560-åra viser at bønder der enno bruka afrikansk ris.

Afrikansk ris spreidde seg ikkje langt. Mellom de 700-talet og 1500-talet vart asiatisk ris introdusert i mange deler av Afrika. Asiatisk ris gjev meir korn enn afrikansk ris og vart snart dyrka i staden for afrikansk ris i mesta alle deler av Afrika. I dag blir afrikansk ris berre dyrka i nokre deler av Senegal og Nigeria for bruk i religiøse ritar. Mange har kritisert dette fordi dei hevdar at afrikansk ris er betre tilpassa afrikansk miljø og vêrlag.

Den grøne revolusjonen

1960-talet var det eit stort mellomfolkeleg samarbeid som vart kalla 'Den grøne revolusjonen'. Naturvitskapsmenn over heile verda forska for å komma fram til risvariantar som gav meir korn og var resistente mot sjukdom og skadedyr. Dei håpa at det skulle få færre bønder til å miste avlingar og over tid utrydde hungersnød. Mange nye variantar vart til i den grøne revolusjonen, men dei vart ikkje så mykje godtekne som folk hadde håpa.

Risretter

I risområda i heile Asia et ein ris til mesta kvart måltid. Det er vanlegast å koke risen, men ein kan òg dampe han for å få ein klebrigare ris. Risen kan kokast åleine eller i hop med krydder, som for eksempel safran eller gurkemeie, eller med småbitar av andre ting i, som nøtter eller hakka grønsaker.

Rismjøl og rispulver blir bruka til ei rekke ulike retter, som rispannekaker, mjølbollar og søtsaker.

Sefardiske risretter

Gul ris

Arroz con fideos

Ris i Skandinavia

Ris har aldri vorte dyrka i Norge men har vorte bruka ganske lenge. Tradisjonelle norske matretter av ris inkluderer risgraut, riskrem, rispudding, saupsuppe og trondheimssuppe. Rismjøl er hovudingrediensen i ein type sukkerbrød som blir kalla riskake nokre stader. Sørlandsk riskake inneheld først og fremst risgryn og mjølk. Noko nyare i det norske kjøkenet er den opprinneleg tyrkiske matretten kålrulettar og den italienske matretten risotto, i tillegg til koka ris som tilhør til middagen. I vår tid har blant anna auken i utlandsreiser og den auka innvandringa ført med seg mange nye matretter i det norske kjøkenet, slik som risnudlar og paella.

Etymologi

Ordet for ris i mesta alle europeiske språk kjem frå det latinske ordet oryza, som sjølv var eit lånord frå gresk ὄρυζα óryza. Ordet kjem endeleg (via fønikisk) frå det tamilske ordet அரிசி /ariçi/.


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Ris» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.