Regina Jonas

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 3. desember 2023 kl. 15:06 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Utsnitt av minneplakett for Regina Jonas.

Regina Jonas (19021944) var ein rabbinar frå Berlin i Tyskland. Ho var den første kvinna vi veit om i europeisk og nordamerikansk historie som studerte til rabbinar, fikk semikhá som rabbinar og gjorde sosialt, teologisk og religiøst arbeid som rabbinar.

Oppvekst og utdaning

Regina Jonas vart fødd i Berlin den 3. august 1902. Far hennar døydde da ho var svært ung. Som mange kvinner på si tid begynte ho på ei karriere som lærar, men ho kjente at noko mangla. Ho begynte å studere ved Hochschule für die Wissenschaft des Judentums i Berlin og tok seminariekurs for liberale rabbinarar og lærarar. Der oppnådde ho ein akademisk grad som «akademisk religionslærar».

Med målet å bli rabbinar, skreiv Regina Jonas ei avhandling som svara til kravet for ordinasjon. Emnet hennar var Kan ei kvinne vara rabbinar etter halakhiske kjelder? Konklusjonen hennar, som var basert på bibelske, talmudiske og rabbinske kjelder, viste at ho måtte kunna ordinerast som rabbinar. Talmúdprofessoren som var ansvarleg for ordinasjonar nekta henne det. Jonas appellerte så til rabbinar Leo Baeck, åndeleg leiar av jødedommen i Tyskland, som òg hadde undervist henne på seminariet. Han nekta òg, ettersom han meinte at ordinasjonen hennar ville føre til massive problem med det ortodokse rabbinatet i Tyskland.

Den 27. desember 1935 fikk Regina Jonas semikhá og vart ordinert av den liberale rabbinaren Max Dienemann, som var ledar av Forbundet av liberale rabbinarar i Offenbach i Hesse. Jonas arbeidde som kapellan i ymse jødiske sosiale institusjonar medan ho prøvde å finne ei stilling som synagogerabbinar.

Forfælging og død

På grunn av nazistisk undertrykking og forfølging emigrerte mange rabbinarar, og mange småe jødiske samfunn vart ståande utan rabbinar. I den situasjonen vart det muleg for Jonas å arbeide som rabbinar og å preke i synagogar. Ho vart snart pålagt tvangsarbeid av nazistane, men fortsette likevel det rabbinske arbeidet sitt, inkludert undervisning og preker.

Den 4. november 1942 laut Regina Jonas fylle ut eit deklarasjonsskjema som lista opp alt ho eigde, inkludert bøkene sine. To dagar seinare vart alt ho eigde konfiskert «til fordel for Det tyske riket». Neste dag, den 5. november 1942, arresterte Gestapo henne, og ho vart deportert til Theresienstadt (Terezin). Ho fortsette rabbinargjerninga si der, og den kjente psykologen Viktor Frankl bad henne om hjelp til å byggje opp ei kriseintervensjonstjeneste for å auke overlevingssjansen gjenom å førebyggje sjølvmordsforsøk. Den spesifikke rollen hennar var å møte toga på stasjonen. Der hjelpte ho folk å komma seg gjennom sjokket og forvirringa.

Regina Jonas arbeidde uavbrote i konsentrasjonsleiren i Theresienstadt i to år, inkludert å gje førelesingar om ulike emne, til ho vart deportert til Auschwitz midt i oktober 1944. Ho vart myrda av nazistane der to månader seinare, den 12. desember 1944. Ho vart 42 år gammal.

Mange andre begåva jødar heldt førelesingar i Theresienstadt, inkludert Leo Baeck.[1] Dei fleste av dei vart drepne av nazistane. Ingen av dei berømte overlevande har nokon gong nemnt namnet hennar eller arbeidet hennar i Theresienstadt. Det har ikkje vore forska på korfor.[2]

Livsverk og arv

Ei handskriven liste over 24 av förelesingane hennar under namnet «Lectures of the One and Only Woman Rabbi, Regina Jonas» finst framleis i arkiva i Theresienstadt. Fem förelesingar er om jødisk kvinnehistorie; fem dreier seg om talmudiske emne; to dreier seg om bibelske emne; tre om sjelesørgjaremne; og ni er generelle introduksjonar til jødisk tru, etikk og høgtider.

I 1972 begynte reformrørsla og den rekonstruksjonistiske rørsla å ordinere kvinnelege rabbinarar. I 1995 vart Bea Wyler, som hadde studert ved Jewish Theological Seminary i New York City, rabbinar i den jødiske menigheita i Oldenburg som den første kvinnelege rabbinaren i etterkrigs-Tyskland.

Fotnotar

  1. List of Lecturers in Ghetto Theresienstadt
  2. Elisa Klapheck: Fräulein Rabbiner Jonas: The Story of the First Woman Rabbi, introductory chapter: My Journey toward Regina Jonas

Litteratur

  • Klapheck, Elisa: Fräulein Rabbiner Jonas: The Story of the First Woman Rabbi. (transl. by Toby Axelrod). ISBN 0-7879-6987-7
  • University Over The Abyss. The story behind 520 lecturers and 2,430 lectures in KZ Theresienstadt 1942-1944. Second edition, April 2004, by Elena Makarova, Sergei Makarov & Victor Kuperman, Verba Publishers Ltd. Jerusalem, Israel, 2004. ISBN 965-424-049-1, (Preface: Prof. Yehuda Bauer)

Lenkjer


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Regina Jonas from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.