Rabbinsk jødedom

Frå Esnoga.no


Jødiske retningar

ortodoks

tradisjonell-egalitær
masorti

rekonstruksjonistisk
progressiv

jødisk fornying
humanistisk
(human-etisk)

Rabbinsk jødedom, òg kalla rabbanittisk jødedom, er den hovudretninga av jødedom som reknar Misjná og Talmúd som religiøst autoritative skrifter attått Tenákh. Rabbanittane blir rekna som arvtakarar etter farisearane.

I motsetning til rabbinsk jødedom står karaittisk jødedom — ei retning som meiner at Tenákh (som dei gjerne kallar Mikrá) åleine er religiøst bindande, og at Misjná og Talmúd ikkje har nån særskilt autoritet. Karaittane sjølve reknar seg som etterkommarar etter sadukkearane.

Rabbinsk jødedom er vidareført hovudsakleg gjenom mizraḥisk, sefardisk, italkisk, jemenittisk og asjkenazisk jødedom.

Gruppor som ikkje har kjent til den talmudiske litteraturen före moderne tid, og som dermed fell utaför skismaet mellom rabbanismen og karaismen, inkluderer Beta Esrael frå Etiopia og bene Israel frå India. Desse gruppone har i nyare tid i aukande grad vorte integrert i rabbinsk jødedom.