Purím

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 30. desember 2023 kl. 22:56 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Purím ✡ פּוּרִים

Megillàt Estér.

Ordet «purím»
misjlóaḥ manót
Megillàt Estér

Songar:
(Kjem snart)

Klassisk musikk

Mat:
S: orejas de Hamán


Purím (hebr. פורים [pū'rīm]) er festen som blir feira på 14. adár (i skottår: veadár) til minne om da dronning Estér og onkelen hennar, Mordekhái, fikk berga det jødiske samfunnet i Persia frå undergangen gjennom å avsløre Hamán sine vonde planer for kong Aḥasjverósj.

Frå soloppgang til solnedgang på 13. adár er det taʕanít Estér (Esters faste); og frå solnedgang ved inngangen til 14. adár til solnedgang ved inngangen til 15. adár er det purím.

På purím les vi megillàt Estér (Esters bok) to gonger — på aftanen og på dagen; vi gjev hjelp til fattige; vi gjev minst éin jødisk ven misjlóaḥ manót — ei matgåve som inneheld minst to ingrediensar og er ferdig til å eta; og vi har eit festmåltid der vi et ekstra god mat — og det er tradisjonelt å drikke meir alkohol enn vi er vant med. Det er òg vanleg å arrangere skodespel eller «karneval».

Vi kan gjera nødvendig arbeid på purím, men det er rekna som betre å ta seg fri om ein kan.

I jødiske skottår, da det er to adár-månader, adár og veadár, blir purím feira i veadár i rabbinsk jødedom og i adár i karaittisk jødedom.

Sjå òg

Lenkjer

Megillàt Estér

Hør Megillàt Estér

Halakhá