Pescado frito

Frå Esnoga.no

Pescado frito, eller panert fisk frityrsteikt i vegetabilsk olje, er ein matrett med sefardisk opphav. Denna tillagingsmåten gjer at fisken held seg sprø utanpå og saftig inni og med like god smak kald som varm. Pescado frito blir tradisjonelt servert som kald matrett på laurdag etter at tefilláen (morgongudstjenesta, inkludert torálesing og musáf) er ferdig.

Fish and chips — ein nordeuropeisk matrett med sefardiske røter

Fish and chips har røter i pescado frito: Denna gatekjøkenretten, som no er vanleg over store deler av den engelskspråklege verda, vart til da den sefardiske frityrsteikte fisken (pescado frito) og irske frityrsteikte potetbitar (potato chips) vart kombinerte til éin matrett i Vest-Europa ein gang føre midten av 1800-talet. Den første fish and chips shop vi veit om vart opna av Joseph Malin i London i 1860.