Ordliste for pesaḥ
Frå Esnoga.no
- aḥarón sjel pesaḥ siste dagen av pèsaḥ
- berakhá (pl berakhót) velsigning // Ein berakhá går etter ein fast formel — berakháen begynner f.eks. mesta allveg med Barúkh (ברוך). [Andre former: bracha, broche (jid.).]
- birkàt hammazón velsigning etter måltidet når minst tre personar har ete i lag // Det er skikk blant sefardiske jødar å gjera majim aḥaroním före ein seier birkàt hammazón.
- Haggadá (sjel pesaḥ) 1) bok som inneheld den jødiske påskeforteljinga 2) (delv. sefardisk:) séder, påskemåltid
Etymologi: Haggadá (hebraisk) er i slekt med ordet aggadá (araméisk), og begge tyder i utgangspunktet forteling eller sagn. Men dei har fest seg til kvar si spesialtyding i jødisk språkbruk, slik at ein alltid brukar haggadá som namn på påskeforteljinga (og ofte òg det tilhørande måltidet) og oftast aggadá for dei sagnprega eller forteljarprega avsnitta av Talmúd.
- ḥaméṣ mat som er gjæra eller kan komma til å gjære, og som ein derfor ikkje skal ha i hus under pèsaḥ — dette gjeld primært kornslaga kveite [SE: vete, DK: hvede], rug [sv. råg], bygg, toradsbygg (mange seier havre) og spelt (dinkelkorn). Desse produkta er berre kasjér for pèsaḥ om dei er steikte utan noka form for hevemiddel og mindre enn 18 minutt etter at mjølet kom i kontakt med væske for første gong. I alle andre fall er dei rekna som ḥaméṣ. Ḥaméṣ er altså mjøl [DK: mel] som har komme i kontakt med fuktigheit og all mat som inneheld mjøl i store eller små mengder og som ikkje er produsert spesifikt for pèsaḥ. Bakepulver er omdiskutert — mange unngår dette òg, men nokre brukar bakepulver om det er spesifikt sertifisert for pèsaḥ.
- ḥaróset finhakka frukt, krydder og nøtter blanda med vin // Ḥaróset blir bruka under påskemåltidet) for å symbolisere mørtelen som israelittane murte med som slavar i Egypt [Les meir]
- ḥol hammongéd «romhelg», det vil seie halvheligdagar mellom de første og de siste dagane av pèsaḥ (og tilsvarande mellom de første og siste dagane av sukkót på hausten).
- Ma nisjtanná (- hallàila hazzè mikkòl hallélót) «Kor (denna natta) skil seg ut (frå alle andre netter!)» Slik begynner dei 4 spørsmåla som den yngste deltakaren (eller alle i kor) framfører under påskemåltidet på første og andre kvelden av pesaḥ.
- májim aḥaroním (hovudsakleg sefardisk:) rituell vasking av fingertuppane etter måltidet føre ein seier birkàt hammazón
- nisán, òg kalla abíb, er den 1. månaden i det jødiske religiøse året // Pesaḥ begynner på 15. nisán.
- pesaḥ jødisk påske // aḥarón sjel pesaḥ siste dagen av pesaḥ
- pesaḥ sjení «den andre påska» // Den som ikkje kunne feire pesaḥ på rett tid kan markere pesaḥ éin månad seinare i staden. I dag markerer nokre jødar pesaḥ sjení med å eta ein liten bit maṣṣá på 15. ijjár.
- påskefest m, sjå pèsaḥ, séder
- påskeforteling f sjå haggadá
- påskehøgtid f sjå pèsaḥ
- påskemåltid n sjå séder
- påskerituale n sjå séder, haggadá