Olav Jakobsen Høyem: «Makkabæingkampen»

Frå Esnoga.no

Ḥanukká

Ḥanukkiyya etter gresk tradisjon i messing.

Historie:
Makkabearane
Makkabæingkampen (O.J. Høyem)
Ḥanná & sønene
Jehudít & Holofernes
Megillàt Antiyyokhós

Ordet ḥanukká

Lystenning
ḥanukkiyya

Songar:
Hannerót hallálu Ḥag hammakkabbím · Hazeremos una merenda · Mi ze yemallél · Ocho candelicas · Maʕóz ṣur

Klassisk musikk:
Händel: Judas Maccabæus

Mat:
S: bimuelos · borekas · keftes de prasa · Portugiesische Kuchen (jødekaker) · semulepudding · vaflar

«Makkabæingkampen»
frå Den helige saga

ved Olav Jakobsen Høyem

Antiokos Epifanes

I året 175 vart Antiokos den 4de Epifanes konge i Syria etter bror sin, Selevkos den 4de. Han hadde vore i Rom saman med 19 andre unge menner frå Syria, alt ifrå 189, til trygding for, at faren, Antiokos den 3die, vilde halde den freden, som han gjekk inn med romveringarne i det åre. I Rom hadde han vokse opp med græsk og romersk daning. Og då han no vart konge, sette han seg det i hugen, at han vilde få samla alt sit rikje til eit og få sams, det vil segje græsk-romersk, kultur inn over heile Syria. Han var gladvær og frilyndt på græsk vis og hadde mothug mot det ålvorsame semitiske lynde i Asia. Men samstundes hadde han ikkje noko imot, at folke hans kalla han «gud» på asiatisk vis.

På den tid var det ein øvsteprest i Jorsal, som heitte Onias den 3die. Han hadde ein bror, som heitte Josua eller Jesus, men so brigda han om namne sit til græsk Jason; slike namnbrigde tok til å bli skikk og bruk frå den tid. Denne Jason hadde sjølv god hug på å bli øvsteprest, og so slo han lag med ein flokk judingar, som var sinnte på Onias, for han var for streng, og som vilde leggje seg etter græsk daning og levevis. Og Jason for til Antiokos og baud honom 140 sølvtalenter omfram dei 300 talenter, som Onias skulde svare i årleg skatt, ifall kongen vilde gjera han til øvsteprest i stelle for Onias. Og han baud endå 150 talenter til, om han fekk løyve til å byggje hus til kroppsøving åt ungdomen på græsk vis i Jorsal. Det er lett å skjøne, at han vart vel fagna hjå Antiokos, når han kom på den måten. Onias vart avsett, og Jason vart øvsteprest. Og nedmed borgja i Jorsal vart det bygd eit hus til græsk kroppsøving, og jamvel prestarne, er det sagt, gløymde tenesta i gudshuse, so i det var dei for å kaste diskos. Og straks etterpå kom Antiokos på vitjing til Jorsal og vart vel fagna av Jason, som gjekk ut og tok imot honom med kyndlar og glederop.

Men so sendte Jason ein jude, Menelaos, ein adelsmann av Benjamins ætt, til Antiokos med pengom og med bodsending til kongen. Denne Menelaos baud no 300 sælvtalenter meir en Jason og fekk so kongen til å setja-av Jason att og setje inn seg til øvsteprest. Jason gjorde motstand ei tid, men kunde ikkje halde seg; og Menelaos vart øvsteprest, endå han ikkje eingong høyrde til Levi ætt.

Han for fram som eit vildt dyr. Det einaste hugmål, som han og skyldfolke hans hadde, var å rane åt seg somykje rikdom som råd var. Han sendte innvigde kar or gudshuse til kongen for å blikke han til, og han tok andre tempelkar og selde for å få seg sjølv pengar. Og han og hans ætt hadde alt før saman med andre storingar dreve med å leggje skatt og toll på landsmennerne sine, dels for å samle seg rikdom, og dels for å ha pengegåvor åt kongom i Syria eller Ægypten, som dei vilde halde venskap med. Frå den tid vart det, so «tolltakar» og «syndar» gjekk i eit for judingom, liksom «storing» og «lands- og gudssvikar» på den eine sida og «fatigmann» og «gudsven» på den andre.

Men storhapen av judingom vart vreide på Menelaos og ferda hans, og då han var borte hjå kongen, gjorde folke i Jorsal oppreist mot bror hans og drap han. Og so sendte råde i Jorsal (synedrie) tri bodberarar til Antiokos med klage over Menelaos; dei vart drepne og Menelaos innsett som øvsteprest att.

So var det i åre 170 at Antiokos gjorde ei herferd til Ægypten. Der vann han stor siger; men det kom den tidenda til Jorsal, at han var dåen, og so gjorde folke der oppreist att, Jason kom attende, (Onias var drepen) og Menelaos flydde opp på borgja. Men Jason for hardt fram mot dem han hadde agg til, og so måtte han reise sin veg. Og eit bil etter kom Antiokos til Jorsal frå Ægypten, og endå venerne hans tok imot honom og let han inni byen, so for han fram som han hadde herteke staden. Han gjekk radt inn i gudshuse, tok røykofferborde av gull, gullljosstaken og dei andre reidskaparne og alle pengarne i skattrome med seg og sette Filip, ein mann frå Frygia, til å styre i Jorsal, og Menelaos vart øvsteprest. Det var meiningja å få alle judingarne til å take ved græsk tru og levevis. Men då måtte Mose lov gjeras ugild først, denne loven som den eine kongen etter den andre hadde gjeve orde sit på skulle haldas ved magt.

So gjekk det tvo år, og Antiokos hadde lykka med seg borti Ægypten. Men i 168, då var han nær på å gjera seg til overherre i Ægypten og, kom det bode frå senate (råde) i Rom, at han skulde slutte striden. Og Antiokos måtte lystre. Gram i hug over slik medferd høyrde han etter dei svikråder, som storfolk i Judæa kom med mot sit eige folk, og tok til med ein trudomskrig, noko som elles ingen hadde tenkt på innom det omkverve, der romversk og græsk kultur rådde. Han sendte skattekrevjaren Apollonius til Jorsal; og han braut seg veg inn i byen på ein sabbat med 22 000 mann og myrda og brente ned, kva som førre fans: murar og hus vart nedrivne, kvinnor og born utjaga, godse herja og røva. Etterpå bygde han opp ei borg, Akra, med græsk gudsdyrking, og derifrå forbaud han judingom å halde sine ofringar og høgtider. Og frå kongen kom det bod, at al judisk offertenest og sabbat og høgtid skulde det vera slutt med, no skulde dei ofre på græsk og innføre græsk gudsdyrking og græske gudar, og den som ikkje lystra skulde drepas. Og den 25de kislev (pålag = desember) 168 vart det sett eit græsk alter, kjøyrt fram med eit svin, oppå brennofferaltere i gudshuse. Og lovbøkerne vart brente, og den som heldt dem gjøymd vart drepen, likso den, som let nokon gut bli omskoren, eller negta å eta ureine matslag, og i gudshuse heldt dei lag på græsk vis med drikk og vildt liv. Og då mange drog ut til andre byar og trudde dei skulde få leva meire i fred der, so vart kongebode sendt over heile lande, og ingen torde halda sabbat eller stå-til, at han var ein jude.

Makkabæingarne

Men med di at kongen gjekk so hardt til verks, vekkte han den gamle folkekjensla og truskapen til nytt liv att. På den tid levde ein prest, som heitte Mattatias av gjæv presteætt; han reiste frå Jorsal og vest til Modeïn med heile sin huslyd: han hadde 5 søner, Johannes, Simon, Judas Makkabæos, Eleasar og Jonatan. Han kalla åt seg dei trufaste, og då han hadde drepe ein mann, som ofra på eit heidensk alter, vart det teikn til oppreist. Først lura fienderne seg på dem på ein sabbat, og kring 1000 menneskje let seg drepa, heller en dei gjorde motstand på ein sabbat. Men då skjønte Mattatias, at på den måten kunde det ikkje gå, og so tok dei på hans ord den råda, at dei skulde slås på sabbaten og. Asidæarane (khasidim ɔ: dei gudelege, gudsvenerne) slo lag med; dei vigde seg friviljug til kamp for loven. Og elles kom presteadelen og alle, som var leide av det syriske framand- og stormannsvelde. Fulle av eldhug og tru for dei om og reiv ned dei heidne altera og omskar dei gutarne, som ikkje var omskorne. Mattatias do alt i åre 167, men sonen Judas Makkabæos vart hovding og hadde etter fortelnaden ein her på næstan 6000 mann. Apollonius tok ut frå Jorsal og skulde gjera ende på oppreisten, men han vart slegen, og heren hans flydde. Ein annan herhøvding, Seron, kom og skulde gjera det betre, og ved Bethoron, straks nordvest for Jorsal råktes dei, han og Judas. Mannamonen var stor, og Judas sine folk hadde mest ikkje smakt mat om dagen. Men Judas sette mot i dem: «Gud kan frelse med få og!» Seron tapte og let live saman med 800 av mennom sine.

Truleg var Antiokos på herferd mot Ægypten, då dette gjekk for seg. Det var von, at han nu vilde koma med heile si hermakt imot Judas; men so hendte det, at han fekk ærend austom Evfrat for å halde bygder og leidmål der under sit velde; dei hadde teke til å rive seg laus. Han sette sin frende Lysias til verje for sonen sin og til riksstyrar vestar Evfrat og for austover (våren 167).

Meir kjem ...

Farisæingarne og sadokæingarne

Meir kjem ...