Naḥalá

Frå Esnoga.no

Naḥalá (hebr. נַֽחֲלָה, [ˌnaḥă'lā]) er markering av årsdagen for når nånn dødde. Osmanske sefardím kallar gjerne gjerne naḥalá anos eller años (djudíospanjol). Asjkenazím seier oftast Jahrzeit (tysk) eller jórtsait (jiddisch). De vanlege måtane å markere naḥalá på er å tenne eit lys, nér nesjamá, og å seie Kaddísj med ein minján (ei samling av minst ti religiøst myndige jødar). I liberale menigheiter, og dessutan i andre menigheiter der det av olike grunnar ikkje er minján på kvardagar, seier ein Kaddísj på sjabbát i staden. Under kirjàt Torá (torálesinga) på sjabbát er det vanleg i sefardiske synagogar at den som har naḥalá for ein nær slektning blir kalla opp til Toráen.

Adár

Ved naḥalá for ein person som dødde i månaden adár a’ eller i månaden adár b’ i skottår, skjer markeringa på den tilsvarande datoen i andre skottår. Ved år som ikkje er skottår, vil begge dessa falla bli markert i den enkle adár på den datoen dødsfallet fann stad.


Ved naḥalá for ein person som dødde i månaden adár i eit år med berre éin adár, er både sefardisk og ḥasidisk minhág å markere dagen i adár b’ i skottår som har to adarím, på samma måten som ein òg markerer purím i adár b’. Denna skikken har bakgrunn i Misjné Torá, Hilkhót nedarím 10:6:

Den som ikkje drikk vin fram til rosj ḥódesj adár: Om det var skottår, og han ikkje visste at det var skottår da han svor: Ikkje er det asúr (forbode) anna enn til rosj ḥódesj adár a’. Og om han svor fram til slutten av adár», sjå da er det asúr fram til slutten av adár b’. Og om han visste at året var skottår og han svor «til rosj ḥódesj adár», så er det asúr til rosj ḥódesj adár b’.

שאיני שותה יין עד ראש חודש אדר. אם הייתה שנה מעוברת ולא ידע שהיא מעוברת כשנדר. אינו אסור אלא עד ראש חודש אדר ראשון. ואם נדר עד סוף אדר הרי זה אסור עד סוף אדר שני. ואם ידע שהשנה מעוברת ונדר עד ראש חודש אדר אסור עד ראש חודש אדר שני.

Av detta går det fram at den som veit at året har både adár a’ og adár b’, så blir utsegna «fram til adár» forstått som «fram til adár b’».

Denna skikken har òg spreidd seg til mange andre asjkenaziske familiar. Den eldre asjkenaziske skikken er å markere naḥalá i adár a’ i slike fall. Ein tredje skikk som blir bruka i ein del asjkenaziske familiar er å markere naḥalá i både adár a’ og adár b’.

Nér nesjamá

Kaddísj

Kem kan seie Kaddísj?

Etter sefardisk tradisjon kan ein seie Kaddísj for besteföreldra sine eller andre nære slektningar sjølv om begge föreldra lever. I asjkenazisk tradisjon seier ein helst ikkje Kaddísj om begge föreldra er i live.

Ngalijjá på sjabbát

Detta kan skje på nærmaste sjabbát före eller etter den faktiske naḥalá-dagen, avhengig av lokal tradisjon.