Mizraḥisk jødedom

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 22. januar 2022 kl. 20:10 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Mizraḥisk jødedom er ei fellesnemning for dei tradisjonane av rabbinsk jødedom som stammar frå området Midtausten, med hovudvekt på området frå Egypt til Irak og Den arabiske halvøya. Ein inkluderer gjerne òg persisk jødedom under samletermen mizraḥisk jødedom, sjølv om denna tradisjonen har tydeleg sjølvstendige trekk. Rituelt sett har mizraḥisk jødedom fellestrekk med både sefardisk jødedom og asjkenazisk jødedom, men blir ofte sett i samanheng med sefardisk jødedom på grunn av den sterke påverknaden derifrå frå seinmellomalderen av. I snever forstand inkluderer ikkje mizraḥisk jødedom den jemenittiske jødedommen og dei lokale indiske tradisjonane blant bene Israel i Mumbai-området og cochini-jødedom i den indiske delstaten Kerala.

Den mizraḥiske jødedommen i snever forstand følgjer den rituelle tradisjonen «ngedót hammizraḥ».