Miriam Mendes Belisario

Frå Esnoga.no

Miriam Mendes Belisario (מרים מנדס בליסאריו, f. 30. november 1816 i London; d. 1885), òg kjent under pseudonymet Little Miriam, var ein portugisarjødisk forfattar og lærar.

Familie

Farfaren til Miriam Mendes Belisario var Isaac Mendes Belisario, som var rubí ved menigheitsskulen for Bevis Marks-esnogaen. Han hadde blant anna borna Jacob og Abraham:

Foreldra til Miriam Mendes Belisario var Judith (Julia, Jeditya) Mendes da Costa (17911866) og Jacob Mendes Belisario (17711850). Dei gifta seg i 1815 og fikk fire barn:

  1. Miriam Mendes Belisario, f. 30. november 1816 i London
  2. John (Jacob) Belisario (f. 1820)
  3. Henry (Oriel) Belisario (f. 1825)
  4. Alexander (Elisha) Belisario (f. 1829).

Broren til faren hennar, Abraham Mendes Belisario, var gift med Esther Lindo (17731824) frå Jamaica. Dei fikk desse borna:

  1. Isaac Mendes Belisario (17951849), bildekunstnar.
  2. Emilia Mendes Belisario (f. 1800)
  3. Samuel Mendes Belisario (f. 1810)
  4. Rose Belisario
  5. Caroline Belisario
  6. Lydia Belisario

Esther Mendes Belisario etablerte ein skule for jødiske jenter i Hackney i 1807, og Miriam og søskenbarna Rose og Caroline dreiv denne skulen ein del år seinare.

Bibliografi

  • 1856 - Sabbath Evenings at Home : or, Familiar Conversations on the Jewish Religion, Its Spirit and Observances.