Minyán

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 7. august 2022 kl. 02:09 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)

I vanleg rabbinsk jødedom er ein minyán (hebr. מִנְיָן eller מִנְיָין [minjān]) eit uttrykk for ei samling av minst ti jødar over bené miṣvá-alder samla i eitt rom (f.eks. i esnogaen) eller i ei gruppe utandørs. I Israel fram mot korsfarartida var skikken å rekne sju som minyán ifølgje Massekhet Soferím.

Visse jødiske rituelle handlingar kan berre utførast i minyán — slik som resitering av Kaddísj og Barekhú i gudstenesta og inkludering av «Elohénu» i innleiinga til Birkat hammazón. Det følgjande er eit oversyn over slike handlingar:

Kvinner og minyán

Historisk sett har synet på inkludering av kvinner variert. I vår tids ortodokse jødedom, særleg blant asjkenazím, er det vanlegast at ein berre tel menn og gutar over tretten år i minyán i alle samanhengar. I rekonstruksjonistisk jødedom og progressiv jødedom, og delvis òg i masorti jødedom, er den stadig meir utbreidde skikken sidan midten av 1900-talet at både kvinner og menn blir telt med i minyánen. Sidan 1980-åra har dét vore det vanlegaste i masorti jødedom òg.

Andre tydingar

Ordet minyán blir òg ofte bruka om ei gruppe som ofte kjem saman for å halde gudstenester. I ein esnoga og/eller ei jødisk menigheit kan det vera fleire slike minyaním. I ein del esnogas har ein separate asjkenaziske og sefardiske minyaním, separate ortodokse og masorti minyaním eller liknande. Når ei slik gruppering driv fleire felleshandlingar enn berre gudstenester, blir dei gjerne organisert som ein ḥaburá.