Megillàt Antiyyokhós

Frå Esnoga.no
(Omdirigert frå Megillàt Antijjokhós)

Ḥanukká

Ḥanukkiyya etter gresk tradisjon i messing.

Historie:
Makkabearane
Makkabæingkampen (O.J. Høyem)
Ḥanná & sønene
Jehudít & Holofernes
Megillàt Antiyyokhós

Ordet ḥanukká

Lystenning
ḥanukkiyya

Songar:
Hannerót hallálu Ḥag hammakkabbím · Hazeremos una merenda · Mi ze yemallél · Ocho candelicas · Maʕóz ṣur

Klassisk musikk:
Händel: Judas Maccabæus

Mat:
S: bimuelos · borekas · keftes de prasa · Portugiesische Kuchen (jødekaker) · semulepudding · vaflar

I tidlegare tider var det veldig vanleg blant sefardím å lesa Megillàt Antiyyokhós (òg kjent som Megillàt haḥasjmonaím) under ḥanukká — ein skikk som i vår tid for det meste berre er heldt oppe av temaním (yemenittiske jødar).

Megillàt Antiyyokhós er ei relativt kort bok (ca 70 vers) som helst blir tilskriven Bét Hillél og Bét Sjammái kring den siste tida at Det andre tempelet i Jerusalem stod. Basert på språklege særtrekk har boka vorte datert til tida kring år 170 evt. Saʕadyá Gaón sin teori om at boka vart skriven av dei fem sønene av Mattat’yá ben Yoḥanán er lite truleg. Boka vart opprinneleg forfatta på arameisk, men finst i tidlege hebraiske omsettingar òg, så vel som i arabisk språkdrakt, omsett av Saʕadyá Gaón. Saʕadyá Gaón delte òg boka inn i vers og la til vokalteikn og teʕamím (kantillasjonsteikn) i den opprinnelege arameiske teksten.

Kjelder og lenkjer