Matforskrifter for pesaḥ

Frå Esnoga.no

Pesaḥ

Maṣṣá sjemurá.

Bedikàt ḥaméṣ
Førebuing til Haggadáen


Haggadá:
Kaddésj urḥáṣ
karpás jáḥaṣ
.
Maggíd ráḥaṣ
   moṣí maṣṣá
.
Marór korékh,
sjulḥán ngorékh.
Ṣafún barékh,
   hallél nirṣá


Songar:
Ki lo naé · Mi eḥád jodéang · Addír Hu Ḥad gadjá ·
Mossé salió de Miṣráyim · Mossé, Mossé · Bendigamos · Quien supiese


Mat:
matforskrifter · matvarer
karpás · maṣṣót · zeróang · beṣá · marór · ḥaróset
rosinvin · mina de maṣṣá · codrero al horno

Når det er pésaḥ et vi osyra mat

Gjæra glutenhaldig mat og glutenhaldig mat som har vore i kontakt med væske og kan komma til å gjære — det vil seie kveite, rug, bygg, toradsbygg og spelt (dinkelkorn, emmer, einkorn) åleine eller i blanding andre matvaror — skal ikkje brukast eller eigast under dei åtte (i Ereṣ Jisraél: sju) dagane av pesaḥ. Dette er til minne om utgangen av Egypt, da oppbrottet skjedde så fort at det ikkje var tida til å late brødet heva seg.

Bedikàt ḥaméṣ (leiting etter syra mat)

Före pesaḥ skal ein rydde all ḥaméṣ (syra mat) utur huset, og ein skal vaske grundig for å fjerne restane. Dei matvarone ein har att som er ḥaméṣ, er det skikk mange stader at ein sel for ein symbolsk sum til ikkje-jødiske naboar.

Rett före pesaḥ begynner, leitar ein etter ḥaméṣ. Ḥaméṣ er all mat som inneheld nokre av de fem nemnte kornslaga og som ikkje er spesifisert kasjér for pesaḥ.

Oppvaskkummen og andre flator som kjem direkte i kontakt med mat blir gjort kasjér for eksemel med kokande vatn.

Det er vanleg å ha eigne sett av koppar og kar og bestikk for pesaḥ.

Osyra brød, eller maṣṣá

Det osyra brødet blir oftast kalla maṣṣá. Det kan òg skrivast massá, matzah, matza, matzo, matzoh m.m. Tradisjonell sefardisk uttale er masSÁ eller maTSÁ, jiddisch uttale er MAtse, og asjkenazisk hebraisk uttale er maTSÓ eller MAtso. Fleirtalsforma er maṣṣót (asjkenazisk uttale matsos eller MATSes).

Enkelt sagt svarar maṣṣá til flatbrød. Det inneheld aldri gjær, bakepulver eller surdeig. Kornet ein brukar til maṣṣót er kveite (hvete) (eller eitt eller fleire av de andre nemnte kornslaga), og det må bli behandla på ein slik måte at ein ikkje får nånn grad av fuktskade frå kornet er på åkeren til maṣṣáen er steikt. Detta fördi fuktskada korn gjærar.

Basisingrediensane er kveitemjøl og vatn. Kveitemjølet er tradisjonelt fint, men grovkveite (sammale kveitemjøl) kan like gjerne bli bruka så lenge kornet har vore rett lagra. I tillegg har ein ofte salt i.

Mjølk eller smør blir ikkje bruka — heller ikkje til smøring. Dette fordi brødet skal kunna brukast til kjøttmåltid.

Deigen blir kjevla ut til flate leivar, gjerne prikka med f.eks. ein gaffel for å unngå luftblæror, og steikt (i bakaromn eller på takke) med éin gong. Når ein bakar maṣṣót, så skal det aldri gå meir enn 18 minutt frå mjølet kjem i kontakt med væska til brødet blir steikt. Blir deigen liggjande lenger, risikerer ein at soppsporar frå lufta infiserer deigen og sett i gang gjæring.

Frå når maṣṣáen er steikt, reknar ein han som kasjér for pèsaḥ om alt har skjedd på rett vis.

I dag blir maṣṣót stort sett produsert av store og/eller spesialiserte matprodusentar (Manischevitz, Streit's, osv.), så ein bakar sjeldan maṣṣót sjølv.

Ris og kitnijjót

Belgvekstar, ris og mais går under fellesnamnet kitnijjót (qitniyyót, kitniot, kitnios) og blir bruka under pesaḥ av de fleste sefardím. Blant asjkenazím brukar ein tradisjonelt ikkje kitnijjót — fördi nokre former av kitnijjót liknar på ḥaméṣ, og ein kan risikere å blande dem ved eit ohell.