Massékhet Ḥallá 1

Frå Esnoga.no
Talmúd · תַּלְמוּד
Zerangím · זְרָעִים
Ḥallá · חַלָּה
 1  2  3  4


Massékhet Ḥallá 1

Massékhet Ḥallá 1:1

חמשה דברים חייבים בחלה. החטים והשעורים והכוסמין והשבולת שועל ושיפון. הרי אלו חייבין בחלה. ומצטרפין זה עם זה. ואסורין בחדש מלפני הפסח. ומלקצור מלפני העומר. ואם השרישו קודם לעומר העומֶר מתירן. ואם לאו. אסורין עד שיבא העומר הבא׃

Fem slag er skuldige for ḥallá: ḥittím (kveite), sengorím (bygg), kusmin, sjibbólet sjungál («reveaks», toradsbygg) og sjippón. Sjå, dessa er skuldige for ḥallá, og dei kan kombinerast seg imellom; og dei er forbodne når dei er nye føre pesaḥ eller til å bli skorne føre ngómeren. Og om dei sette rot føre ngómeren, gjer ngómeren dei tillatne; og om ikkje, er dei forbodne fram til han kjem, den kommande ngómeren.

Massékhet Ḥallá 1:2

Den som et av dei så mykje som ein kazájit (oliven) maṣṣá under pesaḥ har fullført plikta si; ei kazájit ḥaméṣ (surdeig, gjærdeig) gjer denna skuldig for utrydding. Blandar ein eitt av dei (slaga) med alle dei andre slaga (enn dei fem), sjå dét bryt loven for pesaḥ. Den som gjev eid (om å avstå) frå brød eller kornhaust er forboden (å eta) dem, er orda ått rebbí Meír. Men dei lærde seier: Den som gjev eid (om å avstå) frå korn er inkje (kornslag) forbode anna enn dei. Og dei (fem slaga) er skuldige for ḥallá og for tiend.

Massékhet Ḥallá 1:3

Dessa er skuldige for ḥallá, men fritekne frå tiend: uttunninga og attergløymet og åkerreina, og det eigarlause, og det første tienda som prestetienda er teke or, og den andre tienda og helga kornhaust som er vortne fridde, og resten av ngómerkornet, og kornhaust som ikkje nådde tredelen av voksteren sin. Rebbí Elingézer seier: «Kornhaust som ikkje nådde tredelen av voksteren sin er friteken frå ḥallá.»

Massékhet Ḥallá 1:4

Dessa er skuldige for tiend, men fritekne frå ḥallá: Ris og hirse, og valmuefrø og sesamfrø og kitnijjót (belgvekster), og under fem rebingím av kornhausten. Formkaker og honningkaker og ball (komle, kumpe) og pannekaker, og ḥallá som vart blanda med *** er frigjeven frå ḥallá.

Massékhet Ḥallá 1:5

Deig som begynte som formkakedeig og endte som formkaker er frigjeven frå ḥallá. Begynte deigen som brøddeig og endte som formkaker, (eller) begynte han som formkakedeig og endte som brøddeig, er han skuldig for ḥallá; og slik er òg smuldrekaker skuldige.

Massékhet Ḥallá 1:6

Mengisá [vassvelling, mjøl blanda i kokande vatn]: Bét Sjammái fritek det og Bét Hillél skuldar det. Ḥalitá [mjøl som ein slær kokande vatn over]: Bét Sjammái skuldar det og Bét Hillél fritek det. Takkofferbrød og nazirittleivar: Lagar ein dei for seg sjølv er ein friteken, for sal på marknaden er ein skuldig.

Massékhet Ḥallá 1:7

Ein bakar som lagar surdeig til utdeling (for sal) er skuldig for ḥallá. Kvinnor som gav bakaren (mjøl) for å laga surdeig for dei: Om det for ei av dei ikkje var så mykje som er pliktig, så er dette friteke frå ḥallá.

Massékhet Ḥallá 1:8

«Hundedeig» [deig laga mesta berre av kli]: Når gjetarar et av honom, er han skuldig for ḥallá, og ein kan gjera ngerúb (tabsjilín) med honom, og ein kan gjera sjittúf (partnarskapsŋērúb, ngerúb ḥaṣerót) med honom; og ein lyt seie signingane (for brød, føre og etter maten) over honom, og ein seier zimmún over han, og ein kan laga han på jom tób, og eit menneske kan fullføre plikta si [å eta flatbrød] for pesaḥ med honom.

Men om gjetarane ikkje et av honom, er han ikkje skuldig for ḥallá, ein kan ikkje gjera ŋērúb med honom, og ein kan ikkje gjera sjittúf med honom, og ein seier ikkje signingane (for brød, føre og etter maten) over honom (anna enn den generelle signinga sjehakkól), og ein seier ikkje zimmún over honom, og ein kan ikkje laga det på jom tób, og eit menneske kan ikkje fullføre plikta si for pesaḥ med honom.

Enten det er slik eller slik — han kan bli gjort orein gjenom mat-ureinskap.

Massékhet Ḥallá 1:9

I samband med ḥallá og med terumá kan ein utseie dødsstraff; og dei er skuldige femdelsbot; og dei er forbodne for ikkje-kohaním; og dei er kohénen sin eigedom; og dei blir gjorde ugjeldande ved ein (del ḥallá eller terumá) og hundre (andre deler); og dei krev vasking av hendene; og venting til solnedgangs; og dei kan ikkje skiljast frå reint for det ureine; og ikkje anna enn frå det nærmaste og frå den ferdige hausten.

Den som seier: «Heile kornstålet mitt er terumá!» eller «Heile deigen min er ḥallá!» Denna har ikkje sagt noko [gyldig] heilt til han held att ein lut av det.


Talmúd · תַּלְמוּד
(Misjná · Yerusjalmí · Bablí · Toseftá)

Seder Zeraʕím (frø):

Berakhót · Peá · Demái · Kiláyim · Sjebiʕít · Terumót · Maʕasrót · Maʕasér sjení · Ḥallá · ʕOrlá · Bikkurím ·

Seder Moʕéd (høgtid):

Sjabbát · ʕErubín · Pesaḥím · Sjekalím · Yomá · Sukká · Beṣá (Jom tób) · Rosj hasjaná · Taʕanít · Megillá · Moʕéd katán · Ḥagigá ·

Seder Nasjím (kvinner):

Yebamót · Ketubbót · Nedarím · Nazír · Sotá · Gittín · Kiddusjín ·

Seder Nezikín (skadar):

Babá kammá · Babá meṣiʕá · Babá batrá · Sanhedrín · Makkót · Sjebuʕót · ʕEduyyót · ʕAbodá zará · Abót · Horayót

(Berre i Talmúd bablí:  

Abót derebbí Natán · Soferím · Ébel rabbatí · Kallá · Derekh ereṣ rabbá · Derekh ereṣ zutá · Perek hasjalóm)

Seder Kódasjím (heilage ting):

Zebaḥím · Menaḥót · Ḥullín · Bekhorót · ʕArakhín · Temurá · Keritót · Meʕilá · Tamíd · Middót · Kinním ·

Seder Tahorót (reinheit):

Kelím · Ohalót · Negaʕím · Pará · Tàharót · Mikvót (Mikva’ót) · Niddá · Makhsjirín · Zabím · Tebul-jóm · Yadájim · ʕOkaṣín