Masorti jødedom

Frå Esnoga.no


Jødiske retningar

ortodoks

  • ḥaredisk
    • misnagdisk
    • ḥasidisk
    • mizraḥisk-
      ḥaredisk
  • moderne-ortodoks
    • sentristisk
    • feministisk/open-ortodoks

tradisjonell-egalitær
masorti

  • konservativ (Amer.)
  • neolog (Ungarn)

rekonstruksjonistisk
progressiv

  • britisk reform
  • tysk-amerikansk

jødisk fornying
humanistisk
(human-etisk)

Sinagoga Neologa i Oradea i Romania.
Foto:Radu Trifan

Masorti jødedom eller konservativ jødedom er ei retning av jødedommen som ligg mellom ortodoks jødedom og progressiv jødedom.

Syn på halakhá

Jewish Theological Seminary of AmericaManhattan i New York er ein sentral institusjon i masorti jødedom.
Foto:Wally Gobetz

Masorti jødedom har til felles med ortodoks jødedom at halakhá blir sett på som absolutt bindande for det jødiske folket. Hovudskilnaden mellom desse to retningane går dermed meir på korleis ein avgjer kva som er halakhá enn kor viktig halakhá er.

I masorti jødedom legg ein relativt stor vekt på den noko meir fleksible/variable læra til risjoním (dei rabbinske autoritetane frå 1000-talet til først på 1500-talet), medan tendensen i ortodoks jødedom er å legge meir vekt på de meir fast kodifiserte aḥaroním — dei rabbinske autoritetane som levde etter at boka Sjulḥán ʕarúkh kom på 1500-talet.

Innanfor masorti eller konservativ jødedom i sin vidaste forstand som den fleksible/pragmatiske av dei to hovudgreinene av tradisjonell jødedom er det eit stort religiøst og politisk spenn — frå den erklært ikkje-egalitære rørsla «Traditional Judaism» (med stor T, i motsetning til engelsk «traditional Judaism» som er eit vidare omgrep) via fullt ut tradisjonelle og samtidig meir eller mindre egalitære grupper til overgangsgrupper til rekonstruksjonistisk jødedom på den meir religiøst og/eller politisk reformorienterte sida.

Masorti jødedom ligg òg relativt nært opp til den engelske reformrørsla — ei rørsle som tradisjonelt har hatt mykje av den same filosofien som den amerikanske konservative rørsla og den nyare israelske og britiske masorti-rørsla.

Eit mykje skarpare skilje har det tradisjonelt vore mellom masorti/konservativ jødedom og tysk/amerikansk reformjødedom (oftast kalla «progressiv jødedom» i Europa i dag).

Kvinner

Tallét og tefillín

Hovudtendensen i amerikansk konservativ jødedom i våre dagar (med unntak av den meir høgreorienterte utbrytarrørsla «Traditional Judaism») er at kvinner har lov til, og i mange fall òg blir oppfordra til, å bruke tallét og tefillín.

Kvinnelege rabbinarar

Den første kvinnelege rabbinaren innanfor den konservative rørsla i Amerika var Amy Eilberg. Ho vart ordinert ved Jewish Theological Seminary (JTS) i New York i mai 1985. I dag (januar 2005) finst det over 160 kvinnelege rabbinarar i den konservative/masorti rørsla.

Minyán

Sidan 1970- og 1980-åra har stadig fleire konservative og masorti synagogar begynt å telje kvinner i minyán. I dag er hovudregelen at kvinner blir talt.

Meḥiṣṣá

Sosial aktivisme

Martin Luther King, Jr. (nummer fire frå høgre i fremste rekkja), rabbinar Abraham Joshua Heschel (nummer to frå høgre i fremste rekkja) med fleire under borgarrettsmarsjen i Selma den 21. mars 1965.

Miljøaktivisme

Rabbinar Gordon Tucker deltek i ein tidleg morgonminján i Negevørkenen i Israel under den første Israel Ride (2003). The Israel Ride er ein vekelang sykkeltur frå Jerusalem-området til Eilat til støtte for Hazon og Arava-instituttet for miljøstudiar. (Foto: Howard Metzenberg)

Lenkjer

Organisasjonar

  • The United Synagogue of Conservative Judaism (USA). “Founded in 1913 by Dr. Solomon Schechter as the association of Conservative synagogues in North America, The United Synagogue serves as a resource to its affiliated congregations and works to formulate a Conservative Jewish response to pressing social and religious issues.”

Utdaning

  • Jewish Theological Seminary (New York City, New York, USA) “The Jewish Theological Seminary’s web site offers a wide variety of information regarding JTS and Judaism, both Conservative and general. We hope you enjoy your stay here.” On their site: learn@jts — Jewish education through distance learning.

Sefardiske menigheiter

Asjkenaziske menigheiter

  • Anshe Emet Synagogue (Chicago, Illinois, USA) “We are a Conservative, egalitarian synagogue located in Chicago’s Lakeview neighborhood.”
  • Temple Adath Yeshurun (Syracuse, New York, USA) “Our name means ‘congregation of the righteous’ and for more than a century, our name has also meant leadership in religion, education, interfaith work, and cultural events.”