Maṣṣá

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 8. mars 2022 kl. 12:59 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Pesaḥ

Maṣṣá sjemurá.

Bedikàt ḥaméṣ
Førebuing til Haggadáen


Haggadá:
Kaddésj urḥáṣ
karpás jáḥaṣ
.
Maggíd ráḥaṣ
   moṣí maṣṣá
.
Marór korékh,
sjulḥán ʕorékh.
Ṣafún barékh,
   hallél nirṣá


Songar:
Ki lo naé · Mi eḥád yodéaʕ · Addír Hu Ḥad gadyá ·
Mossé salió de Miṣráyim · Mossé, Mossé · Bendigamos · Quien supiese


Mat:
matforskrifter · matvarer
karpás · maṣṣót · zeróaʕ · beṣá · marór · ḥaróset
rosinvin · mina de maṣṣá · kodrero al horno

Handlaga maṣṣá sjemurá.

Maṣṣá er det hebraiske namnet på flatbrød, eller usyra brød. For å vera kasjér til bruk under pesaḥ lyt maṣṣáen vera tillaga etter visse forskrifter:

  1. Ein må bruke mjøl av kveite, spelt (dinkelkorn), einkorn, vanleg bygg eller toradsbygg som hovudingrediens(ar).
  2. Det er noko tvil om rug kan brukast som einaste ingrediens for maṣṣót til bruk under haggadámåltida.
  3. Ein kan teknisk sett blande inn noko mjøl av andre kornslag som ikkje hører til de fem slaga, slik som havre eller ris, men maṣṣót laga berre av slike praktisk sett glutenfrie kornslag er ikkje gyldige til bruk for bodet om å eta usyra brød under haggadámåltida. (Ein kan sjølvsagt gjerne eta slike brød elles under pesaḥ.)
  4. Mjølet må vera tørt og ikkje fuktskadd.
  5. Som væske skal ein bruke reint vatn som vart tappa kvelden føre og som har stått tildekt natta over.
  6. Ein kan tilsette salt.
  7. Ein skal ikkje bruke gjær, surdeig eller bakepulver.
  8. Frå den augneblinken ein blandar vatn i mjølet til maṣṣáen er steikt må det ikkje deigen sitta lenger enn 18 minutt.
  9. Kvar maṣṣá blir kjevla ut til ein tynn flatbrødleiv. Ein stikk gjerne mange hol i maṣṣáen med ein gaffel for å unngå luftboblor.
  10. Om ein bakar mange maṣṣót slik at ein treng meir enn 18 minutt for heile prosessen, må ein dele opp bakinga i økter på under 18 minutt. Alt som har vore i kontakt med både vatn og mjøl må gjerast grundig reint mellom kvar 18-minuttsøkt.
  11. Kvar leiv må steikjast til han er godt gjenomsteikt. Det vanlegaste er å steikje maṣṣót i bakaromn eller steikjeomn, men ein kan òg steikje dem på takke (bakstehelle).

Mat med maṣṣót som ingrediens

Maṣṣámjøl

Maṣṣákjevlingsmaskin frå Ukraina.
Foto: Yakudza

Sidan ein ikkje har lov å eiga ḥaméṣ under heile pesaḥ, og mjøl blanda med noka som helst mengd med væske eller fukt blir rekna som ḥaméṣ etter 18 minutt om det ikkje blir steikt som maṣṣá, har ein ikkje vanleg mjøl i hus under heile denna sju eller åtte dagar lange høgtida. Når maṣṣót er steikte etter føreskriftene, seier halakhá (jødisk religiøs lov) at de ikkje kan bli ḥaméṣ att. Det er vanleg skikk blant jødar av européisk opphav å mala opp maṣṣót til mjøl att for bruk under pesaḥ. Dette mjølet, som altså ikkje kan bli ḥaméṣ, kan dermed brukast til gjærfrie kakor, panering av fisk og liknande under heile pesaḥhøgtida. Maṣṣámjølet er særlig mykje bruka blant asjkenazím.

Andre skrivemåtar

Ordet maṣṣá (eintal) eller maṣṣót (fleirtal) kan bli skreve på veldig mange olike måtar, inkludert matse, matze, matzeh, matzah, matzoh og matzo i eintal og matsot, matsoth, matzot, matzos, matzes, matzahs, matzohs og matses i fleirtal.