Lekhá dodí
Frå Esnoga.no
«Lekhá dodí» er ein song med tekst av Sjelomó halleví Alkabéṣ som utgjer det dramatiske vendepunktet i kabbalàt sjabbát-gudstenesta i dei fleste esnogas i vår tid.
Norsk omsetting
Kom, kjære, og møt brura,
Sjabbát-andletet vil vi ta imot.
- “Hald” og “kom i hug” i éi ytring
fekk den einaste Gud oss til å høre,
Den Evige er éin og Namnet Hans er eitt,
for ry, for ære og for lovprising. - Kom, lat oss møte Sjabbát,
for ho er ein brønn av velsigning;
frå først, frå opphavet var ho förordna —
sist i skapinga, først i tanken. - Kongens heligdom, kongens by,
ris opp frå ruinen;
lenge nok har du sete i tåredalen —
Han vil sikkert ha medkjensle med deg. - Kle på deg æresskruden, mitt folk;
Rist av deg og ris frå støvet,
gjenom sonen av Jisjai frå Bet-lehem,
kom til sjela mi og berg henne. - Reis deg opp, reis deg opp,
för lyset ditt er komme, ris og skin;
Vakn opp, vakn opp, syng songen;
den Eviges ære har vist seg over deg. - Skjemst ikkje, og ver ikkje skuffa.
Korför er du nedtrykt og korför rastlaus?
Deg skal de fattige i folket mitt lite på,
og byen skal bli bygd på sin eigen grunn. - Og alle som plyndrar deg skal bli plyndra,
de som oppslukar deg skal bli borte,
din Gud skal gle seg over deg
som brudgommen over brura. - Til høgre og venstre skal du bre deg ut,
og du skal ære den Evige,
gjenom Peres-ætta
skal vi òg juble og glede oss. - Kom i fred, krona ått mannen din,
med glede og med fryd,
inn blant de trufaste av det utvelte folket;
kom, brud, kom, brud.
(Inn blant de trufaste av det utvelte folket;
kom, brud, sjabbát fylt av ro.)