Kva er ein tallét

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 31. desember 2023 kl. 16:51 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Isaac Lopez (17801854) med tallét.
Måleri:Isaac Mendes Belisario

Ein tallét er eit jødisk bønesjal. Talléten er firkanta og har ein spesiell dusk som blir kalla ṣiṣít i kvart av dei fire hjørna sine. Talléten blir bruka under bøna om morgonen, og somme gonger om ettermiddagen òg. Berre på éin einaste kveld i heile året er det vanleg alle stader at talléten blir bruka, nemleg på kippúr.

I ortodoks jødedom blir talléten oftast bruka berre av menn i nyare tid. Tidlegare i historia har ein del kvinner bruka tallét òg, og særleg i ikkje-ortodoks jødedom har det vorte stadig vanlegare att i våre dagar at kvinner brukar tallét.

Les meir

Andre lette artiklar