Kippúr

Frå Esnoga.no
Bøn for inkvisisjonsoffera og dei som vandrar på vegen frå det portugisarjødiske ritualet for Kal nidré-gudstjenesta.

Kippúr, òg kalla yom hakkippurím (hebr. יוֹם הַכִּפּוּרִים) og yom kippúr, eller el ayuno blanco (sp., ‘den kvite fasta’) er den jødiske soningsdagen (eller bots- og bededagen) og fell på den 10. tisjré (den tiande dagen av den sjuande månaden). Etter den sivile kalenderen hamnar kippúr ein dag mellom 15. september og 14. oktober.

Kippúr er ein full fastedag, og alle jødar over 12/13 års alder som har helse til det er pålagt å faste frå solnedgang på kippúr-aftanen til det er mørkt etter sjølve kippúr-dagen — det vil seie kring 25 timar. I denne perioden et ein ingen ting og drikk ikkje noko anna enn kva som er strengt nødvendig av helsegrunnar.

Bøneritualet for kippúr inneheld fleire karakteristiske element:

  • Ein brukar tallét (bønesjal) under kveldsgudstenesta. Dette er den einaste kveldsgudstenesta i heile det jødiske året at alle hovudretningar av jødedommen er einige om at dét er pålagt. Grunnen til påbodet er at alle gudstenestene i løpet av heile kippúr er å rekne som éi samanhengande gudsteneste.
  • Kal nidré (asjkenazisk: Kol nidré; italiensk kol-nedarím) er ei bøn om at lovnader ein gjorde sitt beste for å halde, men ikkje greidde å leva opp til, ikkje må bli haldne mot ein, og likeins at lovnader ein vart tvinga til (slik som, f.eks., under Den spanske inkvisisjonen) ikkje må bli haldne mot ein. (I asjkenazisk jødedom og somme sefardiske tradisjonar er denne bøna endra til å gjelde det kommande året i staden.)
  • Ein blæs i sjofár (bukkehorn) éin gong ved slutten av dagen for å markere at kippúr er over.
  • Under ʕamidáen legg ein blant anna til bøna seliḥót.
  • I tillegg til dei vanlege gudstenestene har ein gudstenestene musáf (som òg på sjabbát) og neʕilá.
  • Ein legg til ʕabodá-avsnittet, som fortel om gudstenesta i Tempelet i Jerusalem på denne dagen.
  • Ein legg til ei minnebøn — kalla Hasjkabá eller Rogativa av sefardím. (Asjkenazím kallar det Yizkor.)

Bønebøker for kippúr

מחזור ליום הכיפורים מנהג ספרד בקהילות קדושות קונשטאנטינה ומדינות מזרח ומערב ואיטליא יצ״ו, Vienne 5650 (ca. 1890).
  • מחזור. ORDEN DE ROS ASANAH Y Kipur. Traduzido en Eſpañol, y de nuevo emmẽdado, y añadido el Keter Malchuth y otras coſas. Eſtampado por induſtria y deſpeza de David Pardo, y Salom Ben Yoſſeph. Amſterdam: Menaſſeh Ben Iſrael, 5390 ( = 1630). (Nettutgåve frå Bibliotheca Rosenthaliana — scanna frå Bibl. Ros. 1899F26)

Séfer Joná

Sjå òg

Lenkjer