Kiddúsj

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 19. mai 2021 kl. 01:06 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (3 versjonar)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Kiddúsj (hebr. קִדּוּשׁ) tyder ordrett ‘helging’ og blir bruka om signinga ein seier over vin eller annan drikke i samband med måltid på sjabbát og høgtider.

De vanlegaste typane kiddúsj er kiddúsj lelél sjabbátfredagskvelden; kiddusjá rabbá sjel sjabbát på dagtid på laurdagen; kiddúsj lelél jom tób på kveldane ått høgtidene pesaḥ (1., 2., 7. og 8. kveld), sjabungót (1. og 2. kveld), rosj hasjaná (1. og 2. kveld), sukkót (1. og 2. kveld), sjeminí ngaṣéret og simḥàt Torá; og kiddusjá rabbá sjel jom tób på de tilsvarande høgtidsdagane.

Ordet kiddúsj blir òg ofte bruka om offentlige måltid i synagogensjabbát, på høgtider og ved andre festlige anledningar.