Skilnad mellom versjonar av «Kiddúsj lelél sjabbát»

Frå Esnoga.no
s (3 versjonar)
Line 1: Line 1:
'''[[Kiddúsj]] lelél [[sjabbát]]''' ([[hebraisk]] {{he|קִדּוּשׁ לְלֵיל שַׁבָּת}}) er signinga over vinen og over høgtida som blir sagt som innleiing til første måltidet etter inngangen til [[sjabbát]] ved solnedgang på fredagskvelden.
'''[[Kiddúsj]] lelél [[sjabbát]]''' ([[hebraisk]] {{he|קִדּוּשׁ לְלֵיל שַׁבָּת}}) er signinga over vinen og over høgtida som blir sagt som innleiing til første måltidet etter inngangen til [[sjabbát]] ved solnedgang på fredagskvelden.


Fatet med dei to sjabbát-brøda skal dekkjast med eit klede før ein begynner med kiddúsjen. Grunnen til dette er at brøda skal skiljast frå signinga av vinen og bli signa for seg sjølve etterpå.
Fatet med dei to sjabbát-brøda skal dekkjast med eit klede før ein begynner med kiddúsjen. Hovudgrunnen til dette er at brøda skal skiljast frå signinga av vinen og bli signa for seg sjølve etterpå.


Kledet ein brukar til å dekkje brøda med — ofte kalla «challadekke» blant [[asjkenazím]] i [[Norge]] — er ofte fint brodert — for eksempel med bilde av sjabbát-brød og teksten «Likhbód sjabbát vejóm tób» (til ære for sjabbát og heligdag).
Kledet ein brukar til å dekkje brøda med er ofte fint brodert — for eksempel med bilde av sjabbát-brød og teksten «Likhbód sjabbát vejóm tób» (til ære for sjabbát og heligdag).


Sjabbát-brøda blir ofte kalla [[ḥallá]] (jiddisch «challe») — fleirtal: ḥallót — i asjkenazisk og moderne hebraisk. I asjkenazisk tradisjon har ein gjerne fletta brød. I vestasjkenazisk tradisjon kallar ein gjerne dessa brøda «berkhes» eller «[[birkes]]». Dette namnet kjem truleg frå «birkàt» — ei form av ordet «berakhá» (‘signing’). I sefardisk tradisjon er det vanlegare at brøda har vanleg form. Sefardiske og vestasjkenaziske sjabbát-brød er òg vanlegvis mindre kakeaktige enn dei søte austasjkenaziske eggebrøda.
Sjabbát-brøda blir ofte kalla [[ḥallá]] (jiddisch «challe») — fleirtal: ḥallót — i asjkenazisk og moderne hebraisk. I asjkenazisk tradisjon har ein gjerne fletta brød. I vestasjkenazisk tradisjon kallar ein gjerne dessa brøda «berkhes» eller «[[birkes]]». Dette namnet kjem truleg frå «birkàt» — ei form av ordet «berakhá» (‘signing’). I sefardisk tradisjon er det vanlegare at brøda har vanleg form. Sefardiske og vestasjkenaziske sjabbát-brød er òg vanlegvis mindre kakeaktige enn dei søte austasjkenaziske eggebrøda.
Line 45: Line 45:
בּוֹרֵא פְּרִי הַגֶּֽפֶן׃
בּוֹרֵא פְּרִי הַגֶּֽפֶן׃
}}
}}
<p style="font-size:9px;line-height:10px">(Kommentar: «Sabrí máranán» er araméisk og tyder ordrett ‘har herskapet gjort opp si meining’ — ein formel som opprinnelig vart bruka for å spöre om rabbinarane var klare til å stemme over ei sak. I denna samenhengen kan meininga vara: «Er di einige i at eg kan gjera signinga i namnet {{dokkers}}?» I sefardisk tradisjon svarar ein med «Ḥajjím!». (Sjå Joseph Lowin: «[http://www.hadassah.org/news/nov98/hebrew.htm About Hebrew: I’m Thinking]» .))</p>
<p style="font-size:9px;line-height:10px">(Kommentar: «Sabrí máranán» er araméisk og tyder ordrett ‘har herskapet gjort opp si meining’ — ein formel som opprinneleg vart bruka for å spørje om rabbinarane var klare til å stemme over ei sak. I denne samanhengen kan meininga vera: «Er de einige i at eg kan gjera signinga i namnet {{dokkers}}?» I sefardisk tradisjon svarar ein med «Ḥajjím!». (Sjå Joseph Lowin: «[http://www.hadassah.org/news/nov98/hebrew.htm About Hebrew: I’m Thinking]» .))</p>
|- valign="top" |
|- valign="top" |
|
|

Versjonen frå 20. oktober 2021 kl. 12:10

Kiddúsj lelél sjabbát (hebraisk קִדּוּשׁ לְלֵיל שַׁבָּת) er signinga over vinen og over høgtida som blir sagt som innleiing til første måltidet etter inngangen til sjabbát ved solnedgang på fredagskvelden.

Fatet med dei to sjabbát-brøda skal dekkjast med eit klede før ein begynner med kiddúsjen. Hovudgrunnen til dette er at brøda skal skiljast frå signinga av vinen og bli signa for seg sjølve etterpå.

Kledet ein brukar til å dekkje brøda med er ofte fint brodert — for eksempel med bilde av sjabbát-brød og teksten «Likhbód sjabbát vejóm tób» (til ære for sjabbát og heligdag).

Sjabbát-brøda blir ofte kalla ḥallá (jiddisch «challe») — fleirtal: ḥallót — i asjkenazisk og moderne hebraisk. I asjkenazisk tradisjon har ein gjerne fletta brød. I vestasjkenazisk tradisjon kallar ein gjerne dessa brøda «berkhes» eller «birkes». Dette namnet kjem truleg frå «birkàt» — ei form av ordet «berakhá» (‘signing’). I sefardisk tradisjon er det vanlegare at brøda har vanleg form. Sefardiske og vestasjkenaziske sjabbát-brød er òg vanlegvis mindre kakeaktige enn dei søte austasjkenaziske eggebrøda.

Tekst

Fyll eit beger/glass med (kasjér) vin eller druejuice. Hald det i høgre hand. Leiaren (eller alle) syng:

וַיְכֻלּ֛וּ הַשָּׁמַ֥יִם וְהָאָ֖רֶץ וְכָל־צְבָאָֽם׃ וַיְכַ֤ל אֱלֹהִים֙ בַּיּ֣וֹם הַשְּׁבִיעִ֔י מְלַאכְתּ֖וֹ אֲשֶׁ֣ר עָשָׂ֑ה וַיִּשְׁבֹּת֙ בַּיּ֣וֹם הַשְּׁבִיעִ֔י מִכָּל־‌מְלַאכְתּ֖וֹ אֲשֶׁ֥ר עָשָֽׁה׃ וַיְבָ֤רֶךְ אֱלֹהִים֙ אֶת־י֣וֹם הַשְּׁבִיעִ֔י וַיְקַדֵּ֖שׁ אֹת֑וֹ כִּ֣י ב֤וֹ שָׁבַת֙ מִכָּל־מְלַאכְתּ֔וֹ אֲשֶׁר־בָּרָ֥א אֱלֹהִ֖ים לַֽעֲשֽׂוֹת׃

Og fullførtest himmelen og jorda med heile hæren sin. Og fullførte Elohím på den sjuande dagen arbeidet sitt som Han hadde gjort; og kvilte Han på den sjuande dagen frå arbeidet sitt som Han hadde gjort. Og signa Elohím den sjuande dagen og helga han, for på honom kvilte Han frå alt arbeidet sitt som Elohím skapte for å gjera. (1. mosebok, kap. 2, v. 1-3.)

Vajkhullú hasjamájim vehaáreṣ, vekhol-ṣebaám. Vaikhál Elohím bajjóm hasjebingí melakhtó asjér ngasá, vajjisjbót bajjóm hasjebingí mikkol-melakhtó asjér ngasá. Vaibárekh Elohím et-jom hasjebingí vaikaddésj otó, ki bó sjabát mikkol-melakhtó asjèr-bará Elohím langasót.

Y acabaronse los cielos y la tierra, y todo su fonsado. Y acabò el Dio enel dia el seteno su obra que hizo. Y holgò enel dia el seteno de toda su obra que hizo. Y bendixo el Dio á dia el seteno, y santificó á el, que enel holgó de toda su obra, que criò el Dio para hazer.

Leiaren fortsett: (og alle svarar «Ḥajjím!»)

סַבְרִי מָֽרָנָן. (חַיִּים!)

בָּרוּךְ אַתָּה יהוה. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. בּוֹרֵא פְּרִי הַגֶּֽפֶן׃

(Kommentar: «Sabrí máranán» er araméisk og tyder ordrett ‘har herskapet gjort opp si meining’ — ein formel som opprinneleg vart bruka for å spørje om rabbinarane var klare til å stemme over ei sak. I denne samanhengen kan meininga vera: «Er de einige i at eg kan gjera signinga i namnet dokkers?» I sefardisk tradisjon svarar ein med «Ḥajjím!». (Sjå Joseph Lowin: «About Hebrew: I’m Thinking» .))

Har herskapet gjort opp si meining? («Liv!»)

Velsigna er du, ADONÁI, vår Elohím, herskar over universet, skapar av frukta frå vinranken. («Amén!»)

Sabrí máranán? («Ḥajjím!»)

Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mèlekh hángolám, boré perí haggéfen. («Amén!)

Con licencia de los señores:

Bendito tu .A. nuestro Dio Rey del mundo, crian fruto de la vid.

Leiaren fortsett; nokre har tradisjonen at alle syng med her:

בָּרוּךְ אַתָּה יהוה. אֱלֹהֵֽינוּ מֶֽלֶךְ הָֽעוֹלָם. אֲשֶׁר קִדְּשָֽׁנוּ בְּמִצְוֹתָיו וְרָֽצָה בָּֽנוּ. וְשַׁבָּת קָדְשׁוֹ בְּאַֽהֲבָה וּבְרָצוֹן הִנְחִילָֽנוּ. זִכָּרוֹן לְמַֽעֲשֵׂה בְרֵאשִׁית׃ (כִּי הוּא יוֹם) תְּחִלָּה לְמִקְרָאֵי קֹֽדֶשׁ. זֶֽכֶר לִֽיצִיאַת מִצְרָֽיִם׃ (כִּי בָֽנוּ בָחַֽרְתָּ. וְאוֹתָֽנוּ קִדַּֽשְׁתָּ מִכָּל־הָֽעַמִּים.) וְשַׁבָּת קָדְשְׁךָ בְּאַֽהֲבָה וּבְרָצוֹן הִנְחַלְתָּֽנוּ׃

Velsigna er du, ADONÁI, vår Elohím, herskar over verda, som har helga oss med boda Dine og nøgdest med oss. Og den helige sjabbáten Din har Du gjeve oss med kjærlegheit og vilje, som minne om skapingsakta. (For den dagen er) fremst av dei helige samlingane, eit minne om utgangen av Egypt. (For oss har Du valt og oss har Du helga av alle folk) Og den helige sjabbáten Din gav Du oss med kjærlegheit og vilje.

Barúkh attá ADONÁI, Elohénu mèlekh hángolám, asjér kiddesjánu bemiṣvotáv veráṣa bánu. Vesjabbát kodsjó beàhabá ubraṣón hinḥilánu, zikkarón lemangasé beresjít. (Ki hú jóm) teḥillá lemikraé kódesj zékher líṣiàt Miṣrájim. (Ki-bánu baḥàrta veotánu kiddàsjta mikkol-hangammím) Vesjabbát kodsjekhá beàhabá ubraṣón hinḥaltánu.'

Bendito tu .A. nuestro Dio Rey del mundo, que nos santificó en sus encomendanças, y envoluntó en nos, Sabat de su santidad con amor y con voluntad nos hizo heredar, memoria a obra de Beresit, principio a llamaduras de santidad, memoria a salida de Egipto. Que en nos escogiste, y a nos santificaste mas que todos los pueblos, y Sabat de tu santidad con amor y con voluntad nos hiziste heredar:

Leiaren konkluderer:

בָּרוּךְ אַתָּה יהוה. מְקַדֵּשׁ הַשַּׁבָּת׃

Velsigna er du, ADONÁI, velsignar av sjabbáten. («Amén!»)

Barúkh attá ADONÁI, mekaddésj hasjabbát. («Amén!»)

Bendito tu .A. santifican el Sabat.

Alle drikk av vinen (eller jusen).

Ein gjer så netilàt jadájim og seier hammoṣí over brøda. Deretter et ein ein bit av brødet og et resten av måltidet. Under måltidet og rett etterpå er det vanleg i mange familiar å synge pizmoním. Når heile måltidet er over gjer ein majim aḥaroním og seier Birkàt hammazón.

Melodi

Sefardím

Portugisarjødisk

Vestsefardisk melodi tilrettelagt av Olve Utne. (s. 1)
Vestsefardisk melodi tilrettelagt av Olve Utne. (s. 2)

Marokkanske sefardím

Osmanske sefardím

Asjkenazím