Kiddúsj for sjabbát-morgonen

Frå Esnoga.no

Kiddúsj for sjabbát-morgonen er signinga over vinen og over høgtida som blir sagt som innleiing til desayuno de Sabath, eller første måltidet etter sjaḥarít sjel sjabbát (sjabbát-morgongudstjenesta på laurdagsmorgonen). Fatet med dei to sjabbát-brøda skal dekkjast med eit klede føre ein begynner med kiddúsjen. Grunnen til det er at brøda skal skiljast frå signinga av vinen og bli signa for seg sjølv etterpå. Det er vanleg å sitta når ein seier kiddúsj rabbá.

Kiddúsj rabbá sjel sjabbát har i utgangspunktet tre hovuddeler etter portugisarjødisk tradisjon:

  1. Vesjamerú (Sjemót (2.mos.) 31:16–17.)
  2. Ngal kén berákh (Sjemót (2.mos.) 7:10.)
  3. Boré perí haggéfen

I nyare tid har det vorte vanleg blant sefardím å innleie med «Im tasjíb». Mange asjkenazím og ein del sefardím legg til «Zakhór et-hasjabbát».

  1. (Im tasjíb) (Jesjang’já 58:13–14.)
  2. Vesjamerú (Sjemót (2.mos.) 31:16–17.)
  3. (Zakhór et hasjabbát) (Sjemót (2.mos.) 7:8–9.)
  4. Ngal kén berákh (Sjemót (2.mos.) 7:10.)
  5. Boré perí haggéfen

Etter kiddúsj er det netilàt jadájim (vasking av hendene) og hammoṣí (signing over brødet), eller Boré miné mezonót om det er eit kakemåltid.

   Video frå YouTube   

Denne videoen er ikkje lokalt lagra, men ligg på nettstaden YouTube, som er juridisk ansvarleg for innhaldet. Om du meiner at denne videoen er eit opphavsrettsbrott, så meld straks frå til YouTube.

This video is not stored locally, but shared from YouTube, who are legally responsible for the contents. If you believe this video to be in violation of your copyright, please notify YouTube immediately.

«Kiddúsj rabbá sjel sjabbát» i portugisarjødisk tradisjon frå Amsterdam sunge av ḥakhám Salomon Rodrigues Pereira (18871969).