Keftes de prasa

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 3. desember 2023 kl. 03:38 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Keftes de prasa
Olve Utne (2020)

Keftes de prasa eller fritas de prasa er lappar av prasa (purre) som tradisjonelt blir etne under ḥanukká, rosj hasjaná og pesaḥ av osmanske sefardím og ein del syriske jødar. Keftes de prasa kan vera setám (sjå oppskrift nedanfor), men kan òg vera enten ḥaláb (om ein f.eks. legg til litt feta) eller basár (keftes de prasa i karne, om ein legg til kjøtt).


Oppskrift

Steiking av purre og kvitløk med krydder.
2020 (Olve Utne)
2    store purreløkar
-    olivenolje for steiking
1 ts spisskummin
1 ts allehande (kryddpeppar)
½    kvitløkshovud
1    eple, hakka
  • Skjer av rota og den mørkegrøne delen av purren og ta bort det ytste laget; del purren på langs og skylj godt mellom alle laga. Grovhakk purren og kvitløken.
  • Varm opp olivenolje i ei stor steikepanne og steik purren og kvitløken med spisskummin og allehande til purren er mjuk; ha i det hakka eplet og steik vidare eit minutt eller to.
  • Ha dei steikte grønsakene i ein stor kumme.
½ kopp brødsmuler, strøkavring eller matsamjøl (for pesaḥ: berre matsamjøl)
1 ts   kanel
¼ ts   kajenne (hot chili)
-      litt soyasaus
4      store egg, lett piska
Steiking av keftes.
Olve Utne (2020)
  • Varm rikeleg med olivenolje (evt. annan vegetabilsk olje) i steikepanna på middels varme.
  • Bruk to store matskeier til å legge på ei dryg skei med røre for kvar kefte — ca. tre keftes per omgang. Steik på den eine sida til kvar kefte er djupt gyllenbrun, ca. 1,5 min.; snu dei forsiktig (dei smular lett) og steik dem ca. 1 minutt på den andre sida. Ha meir olje i steikepanna etter behov.
  • Lat dei ferdigsteikte keftes renne av på kjøkkenpapir.
  • Server som hovudrett til 3–4 personar eller som ein siderett/smårett til fleire.

Kjelder og lenkjer