Kategori:Progressiv jødedom

Frå Esnoga.no
Temple Emanuel, Willemstad, Curacao.jpg

Progressiv jødedom er eit fellesnamn for dei retningane av rabbinsk jødedom som er vidareutvikla av tysk reformjødedom, amerikansk reformjødedom, britisk liberal jødedom og britisk reformjødedom, og namnet blir ofte — særleg i Europa — òg bruka for den noko ulike retninga rekonstruksjonistisk jødedom. Reformjødedommen oppstod som retning i Tyskland først på 1800-talet. Den første reformsynagogen vart formelt stifta i Hamburg i 1818 av sefardiske og asjkenaziske jødar. Inntil kring 1870 var songstilen i den hamburgske reformmenigheita i hovudsak sefardisk. Myten om at reformjødedommen er ei reint asjkenazisk retning er såleis ikkje sann.


Media i kategorien «Progressiv jødedom»

Kategorien inneheld dei følgjande 35 filene, av totalt 35.