Karl Emil Franzos

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 30. januar 2024 kl. 21:39 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Karl Emil Franzos (f. 25. oktober 1848; d. 28. januar 1904) var ein austerriksk-jødisk forfattar og redaktør som særleg er kjent for å ha gjeve ut den første utgåva av Woyzeck (1879) og for å ha grunnlagt tidsskriftet Deutsche Dichtung.

Karl Emil Franzos vart fødd den 25. oktober 1848 i Podolia i Ukraina av sefardisk far og Odessa-jødisk mor. Han vaks opp hovudsakleg i shtétlen Czortków in Galicja.

Far hans, ein distriktslege, døydde tidleg, og etter at Karl Emil hadde fullført gymnaset i Czernowitz i Bukovina laut han arbeide som lærar for å forsørgje seg sjølv og gjera seg klar til universitetsstudia. Han studerte juss ved universiteta i Wien og Graz, men etter at han bestod eksaminasjonen for statlige juristar, avbraut han den karrieren og begynte som journalist i staden. Han reiste mykje i Sør-Europa og besøkte Asia og Egypt. I 1877 vendte han tilbake til Wien, der han var redaktør for Neue illustrierte Zeitung frå 1884 til 1886. I 1887 flytta han til Berlin og grunnla tidsskriftet Deutsche Dichtung. Karl Emil Franzos dødde den 28. januar 1904.

Dei tidlegaste samlingane hans av historior og skisser, Aus Halb-Asien, Land and Leute des ostlichen Europas (1876) og Die Juden von Barnow (1877), gjev ei grafisk skildring av livet og skikkane til folka i Søraust-Europa.

Verkliste i utval

Woyzeck

Franzos er òg kjent som den første som gav ut ei utgåve av skodespelet Woyzeck av Georg Büchner. Franzos fullførte utgåva si i 1879. Grunnmanuskriptet til Woyzeck var vanskelig å desiffrere og måtte bli behandla med kjemikaliar for å få blekket opp til overflata av papiret. Mange av sidene vart òg behaldne og seinare øydelagt av enkja etter Büchner, som overlevde mannen sin med fire tiår. Likefullt var Franzos si utgåve den autoritative versjonen i mange år — heilt til siste del av 1910-åra, da Büchner sine verk fikk ein renessanse i Europa og dei mange feilane i Franzos-utgåva kom opp i lyset. Desse feilane inkluderer feilskrifta av tittelen som Wozzeck i staden for Woyzeck; ein alternativ slutt der Wozzeck druknar, i staden for det ufullførte originalmanuskriptet; og ei fragmentert handlingslinje utan samanheng mellom scenene. Sjølv om skodespelet ofte blir framført i nyare versjonar, har Franzos-utgåva vorte udødeleggjort gjennom Alban Berg sin opera Wozzeck, som er basert på Franzos-utgåva.


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Karl Emil Franzos from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.