Karaittisk jødedom

Frå Esnoga.no
(Omdirigert frå Karaisme)

Karaittisk jødedom (òg skreve karéisk jødedom) eller karaisme er ei retning av jødedommen som tek avstand frå Talmúd som autoritativ kjelde. Hovudtrekka i rørslone som etterkvart utkrystalliserte seg som karaittiske var:

  1. Tok avstand frå Talmúd.
  2. Motvilje mot å godta nånn religiøs ledar eller rekkje av ledarar som varig autoritet — legg heller vekt på kvar person si friheit til å tolke Tenákh ut frå eiga forståelse og dømmekraft.
  3. Markant messiansk nasjonalisme.
  4. Sterk tendens til askese.
  5. Stor vekt på sosial rettferdigheit og motstand mot økonomiske olikheiter og undertrykking.

Dessa trekka vart seinare meir eller mindre modifisert.

Omgrepet ‘karaittar’ (hebr. קְרָאִים [qĕrā’īm]; arab. [qarā’iyyūn]) vart først bruka på 800-talet. Etymologien er osikker, men den mest rimelige tolkinga er at namnet kjem frå hebraisk קרא [qārā’] ‘lesa’ — evt. samma ord i tydinga ‘kalle, rope, invitere’. Nokre meiner at ordet kan henge samen med arabisk [qarrā’] (pl. [qarrā’ūn]) ‘spesialist i skriftlesing’. Merk òg at det mest bruka karaittiske namnet på Tenákh (den hebraiske Bibelen) er מִקְרָא [miqrā].

Namnet karaittisk står i motsetning til rabbinsk (el. rabbanittisk). Rabbinsk jødedom (hovudretninga i jødedommen) anerkjenner den rabbinske tradisjonen som heng samen med Talmúd.

Hovudskilnader mellom karaisme og rabbanisme

  Rabbanisme Karaisme
Kalender Kalenderen er basert på matematiske utrekningar ut frå kjennskap til astronomi. Kalenderen er basert på faktisk observasjon av månen.
Ḥanukká Ḥanukká blir feira i så å seie alle former av rabbinsk jødedom. Karaittar feirar ikkje ḥanukká.
Tefillín / mezuzót Teksten i Sjemàng Jisraél blir tolka bokstavelig, og ein bind orda fast til armen og mellom augone (tefillín, bønereimer), og skriv dem på dørstolpane og portane sine (mezuzót). Karaittar reknar de aktuelle tekstane frå Sjemáng Jisraél som symbolske, og brukar dermed ikkje tefillín eller mezuzót.
Ṣiṣít Hjørneduskane på plagg med fire hjørne blir knyta og surra, ikkje fletta. De fleste brukar ikkje tekhélet (ein blå tråd). Bodet om ṣiṣít blir berre rekna som bindande for menn. Nokre retningar av rabbinsk jødedom har i praksis forbod mot at kvinnor brukar ṣiṣít. Hjørneduskane på plagg med fire hjørne blir fletta, ikkje surra. Alle brukar tekhélet (ein blå tråd). Bodet om ṣiṣít blir rekna som like bindande for kvinnor som for menn.
Polygami Asjkenazisk: totalforbod mot polygami. Sefardisk: Polygami er tillate i prinsippet, men er i praktisk forbode i nyare tid. Polygami er tillate.
Jibbúm
(leviratekteskap)
Levirat-ekteskap er påbode i prinsippet. Forbod mot levirat-ekteskap.
Auge for auge «Auge for auge, tonn for tonn» blir forstått symbolsk, som eit grunnlag for skadeserstatning. «Auge for auge, tonn for tonn» blir tolka bokstavelig.
Sjeḥitá   Praktiserer sjeḥitá på ein annan måte enn rabbinsk jødedom, og karaittar reknar ikkje rabbinsk slakta kjøtt som kasjér.
Mjølk og kjøtt Totalforbod mot blanding av mjølkeprodukt og kjøttprodukt i samma måltid. (Misjná Ḥullín 103b) Unntak: Etiopiske jødar (Beta Esrael, Falashá). Mjølk og fjørkrekjøtt blir blanda.

Bibliografi

  • Birnbaum, Phillip (ed.): Karaite Studies. Karaite Jews of America, 2000. ISBN 0970077521 (spiralrygg)
  • Nemoy, Leon (ed.): Karaite Anthology. Excerpts from the Early Literature. (Yale Judaica Series: VII) New Haven (Yale Univ.Press), cop. 1980. ISBN: 0300039298
  • Olszowy-Schlanger, Judith: Karaite Marriage Documents from the Cairo Geniza : Legal Tradition and Community Life in Mediaeval Egypt and Palestine. (Brill Academic Publishers), 1997. ISBN 9004108866 (innb.)
  • Polliack, Meira: The Karaite Tradition of Arabic Bible Translation : A Linguistic and Exegetical Study of Karaite Translations of the Pentateuch from the Tenth and Eleventh Centuries CE. Brill Academic Publishers, 1997. ISBN 9004102671 (innb.) – Forleggaren skriv: “This volume deals with the medieval Karaite practice and concept of Arabic Bible translation. It is based on a linguistic analysis of Karaite versions of the Pentateuch written in Palestine during the 10th and 11th centuries C.E. Trends and tendencies in the Karaite translations are discussed in the light of individual Karaite statements on the art and purpose of Bible translation, and in comparison with Saadiah Gaon's translation methodology, in an attempt to reconstruct the possible origins and historical background of the Karaite translation tradition. The exegetical study is especially relevant to the Bible scholar and medieval philosopher, while the linguistic study will also interest the comparative Semitist, translation theorist and all those concerned with Judaeo-Arabic language and literature.”
  • Weinberger, Leon J.: Rabbanite and Karaite Liturgical Poetry in South-Eastern Europe. (Hebrew Union College), 1992. ISBN 0878202102 (innb.)

Pekarar

  • The Karaite Korner – generelt stoff om karaismen.
  • Karaim Home Page (Tyrkia) – engelskspråkleg tyrkisk side om Krim-kara’ím.
  • Karaim (Litauen) – inneheld ei samling av bilde frå det karaittiske samfunnet i Trakai i Litauen.
  • «Signs of New Life in Karaim Communities» (Finland) – innlegg om renessansen for litauisk karaisme som har funne stad sidan slutten av 1980-åra, skrive av Tapani Harviainen (Universitetet i Helsinki) og framlagt på Den 3. nordiske konferansen for Midtausten-studiar, Joensuu 1995.