Kahal Kados Newe Salom (Altona 1771-1882)

Frå Esnoga.no
Kahal Kados Newe Salom
Baeckerstr. Altona.png

Bäckerstraße 12–14, Altona

Generelt


Gruppe:  portugisarjødisk
Bygd:  1771
Innvigd:  6. september 1771
Endringar:  1859 - renovering
Opphørt:  1882
Arkitektur
Arkitekt:  ukjent arkitekt/byggherre; murar: J.A. Trautmann
Teknikk:  utmura bindingsverk; mura fasade
Materiale:  tre, teglstein
Mål:  L 12,4 × B 7,3 m × H 11,3 m
Skip:  9,6 × 6,7 m
Esnogarommet
Esnogaen i Altona.
(Martin Peter Georg Feddersen (18491930))

Kahal Kados Newe Salom, eller Esnogaen i Altona, vart bygd etter løyve av 22. mars 1771 frå kong Christian VII av Danmark-Norge etter ein petisjon frå dei 18 portugisarjødiske familiane der, og innvigd den 6. september same året. Esnogaen, som låg i bakgården til Bäckerstraße 12–14 (noverande Hoheschulstraße), vart brukt av det portugisarjødiske samfunnet i Altona fram til det vart oppløyst i 1882. Bygninga vart selt til Det høgtysk-israelittiske samfunnet i Altona i 1887. I 1940 vart bygninga ekspropriert til Hamburg by og riven.

Bygninga

Esnogaen vart bygd med ei rektangulær grunnflate på 10,4×7,3 m; og i tillegg kjem tropphuset med si trapesoide grunnflate og lengd på 2 m. Bygningsteknikken var utmura bindingsverk, men fasaden var pussa mur. Himlingen i hovudrommet var flatvorde tynnekvelv med høgd frå 5,8 m på sidene til 7,5 m midt på.

Tropphuset og galleriet

Inngangen til tropphuset låg til høgre på attersida av esnogaen. Tropphuset inneheldt ei tropp utan avsats og med to 45° vinklar kring den innbygde hekhálen og opp til forrommet til galleriet. Galleriet gikk kring tre av veggene. Det var ca. 0,9 m breitt på venstresida og ca. 1,1 m breitt på høgre. På tverrveggen over tebáen var det ca. 1,2 m breitt.

Os bancos

Nede i hovudrommet, med innvendige mål 9,6×6,7 m, satt mennene. Langs venstreveggen var det éi benkrad, og langs høgreveggen var det to. Benken nærast veggen låg på ei forhøgning av golvet. I tillegg var det tre benker på tvers av rommet rett framom tebáen.

Tebá

I tråd med portugisarjødisk tradisjon var tebáen relativt stor (breidda var 2,5 m og lengda ca. 2,8 m) og stod nært motsett vegg av Hekhál. All torálesing og alle gudstenester vart forretta frå tebáen.

Hekhál

Framom Hekhál var det ei totrinns, ca. 30 cm høg plattform med rekkverk på dei avrunda sidene. Djupna, inkludert trinnet, var ca. 1,2 m inn til hekháldørene, og breidda var ca. 3,8 m. Sjølve hekhálrommet var ein nisje i veggen som gikk inni tropprommet. Hovudddelen ca. var 0,6 m djup og 1,5 m brei, og inkludert dei skrådde sidene var totalbreidda ca. 2,8 m. Den monumentale hekhálfronten var bygd av tre. Største breidda var ca. 3,3 m og høgda over plattforma var ca. 4,2 m.

Ein tjenestekontrakt

Ḥazzán-kontrakt frå søndag 25. nisán 5536 (14. april 1776):⧼cite_reference_link⧽


Contracto de Hazan.

Eu Abaixo firmade Hazan Eleito me obrigo com o Favor Divino, Exercitar Essa Incumbenzia de Saliach Tzibur, nesta Kehila de Newe Salom, Asistindo Diariamto na Esnoga ás oras da Oração, isso constante e Regularmt fazendo Esse e todo mais Servicio de meu Cargo Ordinario e Extraordino Com toda puntualidade e Exactidão, Officiando Em todas as Funçoems de nossos Jechidim, como de Cazar aos delles que ajão obtido Licença dos SSres do Mahamatt, Tambem, prometto manter os Registros de Nacimento, Cazamentos, Falecimentos Especefidamte com toda accurateʒa, e por fim me obrigo a ordm depois de Sachritt et Minha na Esnoga Como a tambem Dizer os Tehilim Diaraiamte e os Dinims nos Dias de Ley, Como tenho Offrecido na Ma Supplica de Postulante, Ficando no demais a obediencia et ordm dos SSres do Mahamatt Em tudo que Acharem Acertado ordenarme, Submetendome a todas Rezoluçõems, Tomadas e pr tomar dosditos SSres do Mahamatt e Declaro cumprir Com todo o Referido Asima pr hum salario fixo de vinte Rixdaldres pr anno e hua Offerta Spontanea ou Bemvoluntaria Concedidome et Ca Por ulto Convenho, Cazo Rezolver a Despedirme de dar nota de Essa ma Intenção Seis mezes antes e isso pr Escritto ao Prezidte que emtão Reger Passado a Boa fe Sem Reserva Mental Em Altona, 25 de Nisan 5536.

Hazan Joseph Namias.

Fotnotar

    ⧼cite_references_link_one⧽

Pekarar