Jewish Theological Seminary of America

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 22. mars 2022 kl. 11:47 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)

The Jewish Theological Seminary of America

Jts 60.gif

Motto וְהַסְּנֶה אֵינֶֽנּוּ אֻכָּֽל
(‘Og busken brann ikkje opp’) -Sjemót 3:2
Etablert 1886
Skuletype Privat
Kansler Dr. Ismar Schorsch
Stad New York City, New York, USA
Heimeside www.jtsa.edu
JTS.
Foto:Wally Gobetz

The Jewish Theological Seminary of America, kjent i jødiske kretsar rett og slett som JTS, er eitt av dei akademiske og åndelege sentra i amerikansk konservativ jødedom så vel som i masorti jødedom generelt. Attmed The University of Judaism i Los Angeles og Machon Schechter i Jerusalem er det eitt av dei viktigaste rabbinske seminara i masortirørsla. Skulen vart etablert i 1886, og namnet og den grunnleggande ideologien vart henta frå det historiske Jüdisch-Theologisches Seminar i Breslau (Wrocław).

Jüdisch-Theologisches Seminar i Breslau

Rabbinar Zecharias Frankel (18011875) høyrde ei tid til den tradisjonelle fløya av den framveksande tyske reformjødedommen. Etter Den andre reformjødiske rabbinarkonferansen i Frankfurt am Main i 1845 trekte han seg derifrå fordi han meinte at syna deiras var unødig radikale. I 1854 vart han leiar for eit nytt rabbinsk seminar, das Jüdisch-Theologisches Seminar i Breslau (Wrocław). I sitt magnum opus Darkhé hammisjná (‘Misjnáens vegar’) samla han teoretisk underbygging for synet at halakhá ikkje er statisk, men snarare alltid hadde utvikla seg med dei endra vilkåra i samfunnet elles. Han kalla tilnærminga si til jødedommen «positiv-historisk» — som er å utlegge som at ein skal godta jødisk lov og tradisjon som normative, men samtidig må ein vera open til endringar og utvikling av loven på same historiske vis som jødedommen alltid har stått for.

Positiv-historisk jødedom i Amerika

Kring same tida i Amerika stod Sabato Morais i spissen for den konservative reaksjonen på amerikansk reformjødedom. Tidlegare hadde rabbinar Sabato Morais vore ei stemme for moderasjon innanfor reformkoalisjonen. Han hadde vore motstandar av meir radikale endringar, men var open for moderate endringar som ikkje ville verke støytande på tradisjonelle kjensler. Etter at reformrørsla offentleggjorde Pittsburghplattforma, såg Morais det håplause i arbeidet sitt innanfor reformrørsla, og han begynte arbeidet for eit nytt rabbinsk seminar i New York City. Snart etter slutta rabbinar Alexander Kohut og rabbinar Bernard Drachman seg til arbeidet; begge desse hadde motteke semikhá frå Frankels Jüdisch-Theologisches Seminar i Breslau. Dei forma studieplanene og filosofien for den nye skulen (1886) med Seminariet i Breslau som mal.

I 1902 tok professor Solomon Schechter over som president ved JTS. I ein serie av artiklar formulerte han ein ideologi for den gryande rørsla. I 1913 stod han i spissen for opprettinga av the United Synagogue of America. (Detta namnet vart i 1991 endra til United Synagogue of Conservative Judaism.)

Blant professorane ved JTS kan nemnast Saul Liberman, Alexander Marx, Louis Ginsberg og Louis Finkelstein.

Kring midten av 1900-talet produserte JTS ein radio- og fjernsynsserie med namnet The Eternal Light. Programmet, som inkluderte medarbeidarar som Chaim Potok, Gene Wilder og Elie Wiesel, vart kringkasta på søndagsettermiddagar og vart produsert i over tjue år. I samsvar med jødisk lov, og òg for å skilje programmet ut frå andre trusbaserte kringkastingsseriar, var det ikkje preking og bøn der; ein tok heller utgangspunkt i historisk skjønlitteratur og skapte drama med fokus på sosiale spørsmål. Programma la vekt på jødiske heilagdagar og på særpreget ved jødisk tru og liv, men var lagt opp slik at dei hadde appell til menneske frå andre religionar òg.

Sjå òg

Kjente lærarar

Kjente studentar

Pekarar og referansar


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Jewish Theological Seminary of America from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.