Italkisk jødedom

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 21. mai 2021 kl. 11:17 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (2 versjonar)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Italkisk jødedom, òg kalla minhàg bené Roma, er den opprinnelege italienske greina av rabbinsk jødedom. Italkisk jødedom står på mange vis i ei mellomstilling mellom sefardisk jødedom og asjkenazisk jødedom, men har òg svært mange fellestrekk med den alderdommelege romaniotiske jødedommen.

Rituale

Det italkiske ritualet finst i mange lokale avskygningar med stor variasjon. I nord er det mykje asjkenazisk påverknad, mens det i sør er mykje større grad tå sefardisk påverknad. Ein felles tendens er at ritualet er alderdommeleg og ofte meir kortfatta enn i de fleste moderne sefardiske og asjkenaziske tradisjonane.

Synagogar

Italkiske synagogar har gjerne den same bipolare planløysinga som sefardiske og romaniotiske synagogar, med Hekhál i eine enden tå rommet og tebáen i andre enden.