Humanistisk jødedom

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 22. januar 2022 kl. 20:09 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)


Jødiske retningar

ortodoks

  • ḥaredisk
    • misnagdisk
    • ḥasidisk
    • mizraḥisk-
      ḥaredisk
  • moderne-ortodoks
    • sentristisk
    • feministisk/open-ortodoks

tradisjonell-egalitær
masorti

  • konservativ (Amer.)
  • neolog (Ungarn)

rekonstruksjonistisk
progressiv

  • britisk reform
  • tysk-amerikansk

jødisk fornying
humanistisk
(human-etisk)

Humanistisk jødedom eller human-etisk jødedom er ei jødisk rørsle som legg vekt på jødisk kultur og historie heller enn trua på ein overnaturleg gud som kjelda for jødisk identitet. Filosofien i humanistisk jødedom er utleia frå humanisme og livsynshumanisme. Den human-etiske jødedommen har desse karakteristiske trekka:

  • Ein jøde er ein person som identifiserer seg med historia, kulturen og framtida til det jødiske folket.
  • Jødedommen er den historiske framtida til det jødiske folket.
  • Menneske har makt til og ansvar for å forme sine eigne liv uavhengig av nokon overnaturleg autoritet.
  • Etikk og moral bør tene menneskelige behov, og vala våre bør basere seg på omsyn til konsekvensane av handlingane våre heller enn førehandsdefinerte reglar og bod.
  • Jødisk historie, som all historie, er eit reint menneskeleg og naturlig fenomen. Bibelske og andre tradisjonelle tekstar er resultat av menneskelig aktivitet og kan best bli forstått gjennom arkeologi og annan vitskapleg analyse.

Det mest kjennspake trekket ved humanistisk jødedom er at rituala og seremoniane ikkje inneheld bøn til eller påkalling av nokon overnaturleg gud.

Opphav

Jødar med eit sekulært livssyn har funnest i mange hundreår. Den første av dem vi kjenner til er truleg Elisha ben Abujá, som levde kring år 100. Sekularisme og ikkje-teisme vart likevel utbreidd i jødiske kretsar først på 1800-talet i løpet av haskaláen, da mange haskaláleiarar avviste alle tradisjonelle ritual og trusprinsipp til fordel for rasjonalitet og vitskapleg metode. Blant aktivistane og dei intellektuelle leiarane kring slutten av 1800-talet og begynnelsen av 1900-talet som bidrog mest til utviklinga av humanistisk jødedom, var Ahad Ha‘am, Simon Dubnow og Chaim Zhitlovsky.

I si noverande, formaliserte form vart retninga humanistisk jødedom grunnlagt i 1963 av rabbinar Sherwin Wine. Som rabbinar med utdaning innanfor reformødedommen med ei lita, sekulær og ikkje-teistisk menigheit i Michigan, utvikla Wine ein jødisk liturgi som reflekterte dette og den filosofiske ståstaden til menigheita ved å legge vekt på jødisk kultur, historie og identitet saman med humanetikk, samtidig som alle bøner og referansar til ein overnaturleg gud vart tekne bort. Denne menigheita utvikla seg til den noverande menigheita i Birmingham Temple, som no ligg i Farmington Hills i Michigan. Snart etter vart menigheita følgt av Congregation Beth Or i Deerfield i Illinois under leiing av rabbinar Daniel Friedman og ei gruppe i Westport i Connecticut (den novarande «Congregation for Humanistic Judaism of Fairfield County, Connecticut»). I 1969 organiserte desse menigheitene og fleire andre seg under paraplyorganisasjonen Society for Humanistic Judaism. The International Federation of Secular Humanist Jews, som er ein internasjonal paraplyorganisasjon for humanistisk-jødiske organisasjonar i tretten land, vart grunnlagt i 1986.

Trusprinsipp og religiøs praksis

Humanistisk jødedom vart utvikla som ei mulig løysing på problemet med å halde på jødisk identitet og kontinuitet blant ikkje-religiøse, sekulære nordamerikanske jødar på ei tid da andre organisasjonsformer innanfor sekulær jødedom var på tilbakegang – inkludert jødisk kulturell nasjonalisme, jiddischisme og ymse former av sionisme. Wine såg at jødisk religiøst menigheitsliv blomstra, og han trudde at sekulære jødar som hadde avvist teismen ville søkje seg til ein organisasjon som hadde alle dei same hendingane og aktivitetane som f.eks. reformtempel, men som stod for eit reint sekulært humanistisk livssyn.

På enkelte måtar er trusprinsippa i humanistisk jødedom like dei som mange innanfor klassisk rekonstruksjonistisk jødedom har, med si vekt på å halde på den jødiske identiteten på den eine sida og trua på ein fullt ut vitskapleg ståstad og ein John Dewey-aktig etisk ståstad på den andre. Men humanistisk jødedom står for eit mykje meir radikalt avvik frå tradisjonell jødisk religion enn Mordecai Kaplan nokon gong såg for seg. Kaplan omdefinerte ‘Gud’ og andre tradisjonelle religiøse omgrep for å harmonisere dem med ein vitskapleg-sekulær ståstad, og fortsette bruken av den tradisjonelle liturgien i ei omtolka og lett revidert utgåve.

Wine avviste Kaplan sin innfallsvinkel som forvirrande, ettersom deltakarane kunne tilskrive orda i liturgien akkurat dei definisjonane som dei sjølve føretrekte. Wine på si side arbeidde for å oppnå filosofisk logisk konsekvens og stabilitet ved å skapa ritual og seremoniar som var reint ikkje-teistiske. Seremoniar vart skapt for sjabbát, rosj hasjaná, jom kippúr og andre jødiske helgedagar — ofte med omdefinering av innhaldet i kvar helgedag for å oppnå konformitet med ein sekulær humanistisk filosofi.

The International Institute for Secular Humanistic Judaism, som er basert på økonomisk støtte frå the Society for Humanistic Judaism, the Congress of Secular Jewish Organizations og the Workmen’s Circle/Arbeter Ring, utdanar rabbinarar og andre leiarar i USA og i Israel.

Jødisk identitet og blanda ekteskap

Innanfor den humanistiske jødedommen er jødisk identitet stort sett definert ut frå sjølvidentifisering – den som kjenner seg jødisk, blir rekna som jødisk. Rabbinarar og andre leiarar med tilstrekkjeleg opplæring forrettar ved bryllaup mellom jødar og ikkje-jødar, og den humanistisk-jødiske rørsla tek ikkje noko standpunkt eller aksjon mot blanda ekteskap. Dette radikale synet på jødisk identitet og blanda ekteskap blir kritisert av dei som meiner at dette vil auke den fulle assimilasjonen av jødar i det generelle samfunnet og dermed påverke jødisk kontinuitet negativt. Wine og andre innanfor den humanistiske jødedommen gjev som svar på denne kritikken at slik oppsøkjande verksamheit til ikkje-jødar trengst for å motverke at dei jødiske livspartnarane deiras avviser den jødiske identiteten sin.

Likestilling

Humanistisk jødedom er egalitær når det gjeld kjønn, jødisk status og seksuell legning. Namneseremoniar for born, uavhengig av kjøn, er sett i staden for den asjkenaziske skikken å hovudsakleg berre feire gutar (ved berít milá-seremonien). Både dei som reknar seg som jødar og dei som ikkje gjer det, og òg homofile, biseksuelle og transseksuelle, kan ta del på alle måtar i ritual og i alle leiarrollar.

Kjelder

  • Judaism Beyond God: A Radical New Way to Be Jewish, Sherwin T. Wine, KTAV Publishing House and Society for Humanistic Judaism, 1996.
  • God-Optional Judaism: Alternatives for Cultural Jews Who Love Their History, Heritage, and Community, Judith Seid, Citadel Press, 2001.
  • Judaism In A Secular Age : an Anthology of Secular Humanistic Jewish Thought, Edited by: Renee Kogel and Zev Katz, KTAV Publishing House and International Institute for Secular Humanistic Judaism, 1995.

Pekarar


GNU-logoen Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Humanistisk jødedom» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er sett opp i GNU fri dokumentasjonslisens. For ei liste over bidragsytarar til den opprinnelege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opprinnelege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.