Hekhál

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 30. desember 2021 kl. 19:19 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Ein Hekhál (הֵיכָל (sef.)) eller Hekhal kódesj (asjkenazisk Aron kódesj (אָרוֹן קּֽדֶשׁ)) er i moderne jødedom namnet på arka som ein oppbevarer sefarím (torárullar) i esnogaen (synagogen).

I samband med Hekhálen er det oftast eit forheng som blir kalla parókhet. Parókheten er oftast innafor Hekhál-dørene i portugisarjødiske esnogas i Vest-Europa og Nord- og Sør-Amerika. Dét er ofte fallet i marokkanske esnogas òg. Dei fleste andre sefardiske og asjkenaziske synagogar har parókheten på utsida av Hekhál-dørene.