Hekhál

Frå Esnoga.no

Ein Hekhál (הֵיכָל (sef.)) eller Hekhal kódesj (asjkenazisk Aron kódesj (אָרוֹן קּֽדֶשׁ)) er i moderne jødedom namnet på arka som ein oppbevarer sefarím (torárullar) i esnogaen (synagogen).

I samband med Hekhálen er det oftast eit forheng som blir kalla parókhet. Parókheten er oftast innafor Hekhál-dørene i portugisarjødiske esnogas i Vest-Europa og Nord- og Sør-Amerika. Dét er ofte fallet i marokkanske esnogas òg. Dei fleste andre sefardiske og asjkenaziske synagogar har parókheten på utsida av Hekhál-dørene.