Ḥanukká

Frå Esnoga.no
(Omdirigert frå Hanukkah)

Ḥanukká

Ḥanukkiyya etter gresk tradisjon i messing.

Historie:
Makkabearane
Makkabæingkampen (O.J. Høyem)
Ḥanná & sønene
Jehudít & Holofernes
Megillàt Antiyyokhós

Ordet ḥanukká

Lystenning
ḥanukkiyya

Songar:
Hannerót hallálu Ḥag hammakkabbím · Hazeremos una merenda · Mi ze yemallél · Ocho candelicas · Maʕóz ṣur

Klassisk musikk:
Händel: Judas Maccabæus

Mat:
S: bimuelos · borekas · keftes de prasa · Portugiesische Kuchen (jødekaker) · semulepudding · vaflar

Olje-ḥanukkiyya av gresk type tent på første kveld av ḥanukká.
Olve Utne (2022)

Ḥanukká (hebr. חֲנֻכָּה eller חֲנוּכָּה), stundom òg skrive chanukka og ofte kalla den jødiske lysfesten, blir feira i åtte døgn kring nymåne i desember — frå 25. kislév til eit par dagar uti tebét.

I 2023 varer ḥanukká frå solnedgang torsdag den 7. desember til solnedgang fredag den 15. desember.

Kvar kveld tenner vi lys i ein ḥanukkiyya (sjå bildet) Ein ḥanukkiyya er ei oljelampe eller ein lysestake med plass til åtte lys, og éin plass for «tenaren» (sjå meir om tenaren i kapitlet «Tenning av lys»). Første kvelden tenner vi eitt lys og tenaren, andre kvelden to lys og tenaren, og så vidare inntil vi tenner alle åtte lysa og tenaren på den åttande kvelden.

Tenning av ḥanukkálysa i Hordaland.

Vi et gjerne mjølkemat (særlig mizraḥisk og sefardisk skikk) og mat steikt eller kokt i olje (særlig asjkenazisk og tildels sefardisk skikk). Elles er det vanleg å gje kvarandre gåver og å synge eller spela glad musikk. (Somme familiar pyntar tre òg, men dét er ikkje tradisjonelt rekna som nokon jødisk skikk.)

Ḥanukká har mange likheitstrekk med jula slik ho blir feira i Skandinavia i dag, men det er mykje som er ulikt òg.

Kva datoar fell ḥanukká på?

Ḥanukká fell på dagane kring nymåne i desember.
Foto:Olve Utne

I den hebraiske kalenderen begynner ḥanukká ved solnedgang ved utgangen av 24. kislév og varar i åtte kveldar og åtte dagar.


Første kvelden av ḥanukká fell på dei følgjande datoane i den gregorianske kalenderen: