Grace Aguilar

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 25. desember 2022 kl. 13:39 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
Portrett av Grace Aguilar frå Library of the World’s Best Literature, Ancient and Modern — Volume 1 av Charles Dudley Warner.

Grace Aguilar (f. 2. juni 1816 i Hackney i England; d. 16. september 1847 i Frankfurt a.M. i Tyskland) var ein engelsk-sefardisk romanforfattar, diktar og skribent om jødisk historie og religion.

Grace Aguilar vart fødd i Hackney i England av portugisarjødiske foreldre av spansk opphav. Ho var fysisk svak heilt frå barndommen og viste tidleg interesse for historie — særleg jødisk historie. Da far hennar døydde vart ho avhengig av si eiga næringsinntekt. Etter nokre skodespel og dikt fikk ho utgjeve boka Spirit of Judaism i USA i 1842 — eit forsvarsskrift for trua hennar og dei som bekjenner seg til den trua. Ho følgte opp med bøkene The Jewish Faith (1845) og The Women of Israel (1845). Mest kjent er ho likevel for romanane sine — og da særleg Home Influence (1847) og A Mother’s Recompense (utg. posthumt i 1850). Av andre verk kan nemnast Magic Wreath og Vale of Cedars. Helsa hennar gav etter i 1847 og ho døydde den hausten i Frankfurt am Main i Tyskland.

Verk

Sakprosa

Romanar

Kjelder

  • Encyclopædia Britannica, 1911-utgåva (PD)
  • Cousin, John William (1910): A Short Biographical Dictionary of English Literature. London : J.M. Dent & sons, 1910.
  • «Grace Aguilar» frå Engelsk Wikipedia

Pekarar


GNU-logoen This article is based entirely or in part on the article Grace Aguilar from the English Wikipedia. It may be copied, distributed and/or modified according to the conditions of the GNU Free Documentation License.