Gazeta de Amsterdam

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 31. desember 2021 kl. 01:43 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Forsida av Gazeta de Amsterdam for 12. september 1672.

Gazeta de Amsterdam var eit kastiljanskspråkleg økonomisk tidsskrift som vart etablert seinast i 1672 i det portugisarjødiske samfunnet i Amsterdam og som kom ut to gonger i veka i alle fall i perioden frå 1675 til 1702, da det vart nedlagt. Initiativtakar og redaktør var skribenten og boktrykkjaren David de Castro Tartaas. Tidsskriftet vart blant anna distribuert i Spania og Portugal, og eksplisitt jødiske emne vart unngått for ikkje å sette lesarane der i fare.