Esnogaen i Amsterdam

Frå Esnoga.no
Innsida av den portugisiske synagogen i Amsterdam, med tebáen (leseplattforma) nærmast og Hekhál (arka) i bakgrunnen.
Sefarím (torárullar) i Hekhálen i Esnogaen i Amsterdam. (Attgjeve med løyve frå bmz.amsterdam.nl.)
Fil:SinagogaPortuguesaAmsterdao.JPG
Den portugisiske synagogen i Amsterdam utvendig.

Esnogaen i Amsterdam eller Den portugisiske synagogen i Amsterdam, oftast kalla Esnoga (nederlandsk uttale: snoge), ligg ved gata Visserplein, beint imot det historiske sentrumet av Amsterdam, rett ved Det jødiske historiske museet i Amsterdam. Dette monumentale bygget vart bygd på 1600-talet (det såkalla gyldne hundreåret i Nederland) for det sefardiske trussamfunnet Talmud Torah (Det portugisisk-israelittiske trussamfunnet i Amsterdam). Etter andre verdskrigen og Holocaust er det berre kring 700 medlemmar i menigheita. Men denne synagogen, som mirakuløst nok overlevde nazistane sine øydeleggingar (fleirtalet av de tyske synagogane vart sett i brann), er stadig open for publikum.

Den 12. september 1670 vart tomta kjøpt for oppføring av den nye portugisiske synagogen i Amsterdam. Synagogen vart teknar av den nederlandske arkitekten Elias Boumann. Arbeidet tok til den 6. ijjár 5431 (17. april 1671). Plana var å bli ferdig alt i 1672, men på grunn av vanskelege tider vart arbeidet innstilt eit par år, og innviinga fann stad først den 10. ab (menaḥém) 5435 (2. august 1675). Seinare restaurering og moderat ombygging har skjedd i 177374, 185254 og 195559.

InnMal:Reidinga er av vanleg vestsefardisk type, med Hekhál (ark) i austenden av hovudrommet og tebá (leseplattform) nær vestenden. Golvet er dekt med fin sand for å fange opp støv og gjørme og for å dempe akustikken. Dette er ein gammel nederlandsk skikk.

Historia til det portugisarjødiske samfunnet i Amsterdam

Fil:Emanuel de Witte 002.jpg
Måleri av interiøret i esnogaen kring 1680 av Emanuel de Witte (ca 16171692).

Etter utvisinga av alle jødar frå Spania av dronning Isabel og kong Ferdinand av Castilla i 1492 flykta kring 30 000 jødar til Portugal, der det alt fanst eit tilsvarande tal portugisiske jødar.

I 1496, under styret til Diego Manoel I av Portugal, vart alle tvinga til å konvertere til katolisismen — enten dei var portugisiske eller spanske jødar. Den aktive förfølginga av jødar i Portugal begynte med iverksettinga av inkvisisjonstribunalet i 1540 — ein institusjon som stod ved lag fram til 1821.

Frå den tida og utover velte mange såkalla Cristãos-Novos (port.) eller cristianos nuevos (sp.), eller med andre ord de som var ætta frå de jødane som hadde vorte tvangskonvertert til kristendommen, å flykte frå Portugal og Spania, der de altså var förfølgt og undertrykt av olike grunnar. Ein av grunnane var økonomisk: Ein stor del av den jødiske befolkninga kunne lesa, medan fleirtalet av de kristne var analfabetar. I tillegg hadde Den katolske kirkja förbode kristne å ta rentor, noko som gjorde at jødar var de einaste som kunne drive bankverksamheit på eit økonomisk försvar{leg}} vis. Jødane i Portugal — inkludert nykristne — hadde dermed, særleg ut frå liten grad av analfabetisme og sterk vekt på utdaning, ein høg posisjon i samfunnet i kulturlivet, i medisinen, i kartografien og i vitskap generelt.

Frå kring 1596 kom mange portugisiske familiar av jødisk opphav til Amsterdam (blant andre stader). Dei hadde fått nok av undertrykkinga i Portugal og ville vende tilbake til opa praktisering av si eiga tru att.

På denne tida, mellom 1580 og 1640, tok Portugal del i Den iberiske unionen under Filip-kongane — ein katolsk allianse som førte open krig mot England. Den spanske inkvisisjonen var aktiv i det sørlige Nederland på denne tida og var årsak til ryet som eit mörksinna og barbarisk folk som spanjolane fikk i Nederland. I Nederland, kor reformasjonen fikk grundig fotfeste, tørsta folket etter friheit frå det katolske Spania og slost no for politisk og religiøs friheit i åttiårskrigen — krigen for nederlandsk sjølvstendigheit.

Slik heng det samen at ikkje berre portugisiske jødar, men òg spanske jødar, grupperte seg samen med de portugisiske for slik å unngå å bli rekna til den spanske fienden. Dei iberiske jødane (eller sefardím) vart snart til ein minoritet, med bølgja av jødar frå Aust-Europa (eller asjkenazím); dei sistnemnde var fleire, men òg jamnt over fattigare enn «portugisarane», som snart fekk merkelappen som kulturmenneske, finansfolk og politisk innflytnadsrike. Enno i dag, etter at nazistane utsletta over 80 % av dei nederlandske jødane under andre verdskrigen, følgjer det ein dåm av prestisje med dei portugisiske familienamna — med samband attende til det rike portugisisk-jødiske miljøet på 1500- og 1600-talet.

Dei portugisiske jødane tilkjempa seg viktige rettar i samband med si kulturelle og politiske utvikling i Nederland, og de oppnådde religions- og meiningfriheit — i skarp motsetning til tilhøva for de fleste jødiske gruppone i resten av verda.

Det portugisisk-jødiske miljøet produserte mange namn med nasjonalt og internasjonalt ry: rabbinarar, lærde, filosofar, finansfolk og grunnleggjarar av internasjonale handelskompani. Av dem kan nemnast Baruch de Spinoza, Isaac de Pinto, David Ricardo, Menasseh Ben Israel og Uriel Acosta.

Sjå òg

Kjeldor


GNU-logoen

Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på éin eller fleire artiklar frå Wikipedia (sjå kjeldebolken for detaljar) og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast i fölgje Creative Commons Attribution ShareAlike 3.0 License, anna enn innhald produsert före 15. juni 2009, som er utgjeve under GNU Free Documentation License.

Creative Commons License
Creative Commons Attribution iconCreative Commons Share Alike icon


Pekarar

Mal:Q1 Mal:Q2