Esnoga.no:Torá

Frå Esnoga.no

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ʕarúkh • Meʕám loʕéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Torá (hebr. תּוֹרָה [tō'rā]), òg stundom skrìve Torah, er det hebraiske namnet på Mosebøkene. Toráen utgjer den første av dei tre hovuddelene av Tenákh, eller Den hebraiske bibelen (ofte omtala som «Det gamle testamentet» av kristne). Ein noko ulik versjon av Toráen utgjer samaritanarane si heilage skrift.


Yad IMG 1135.jpg
Ein puntero (sp./jød.sp., ‘pekar, pekestokk’; pl. punteros), òg skrive ponteiro (pt.; pl. ponteiros), eller ein yad (pl. yadím; frå hebr. יד, ‘hand’) er ein pekestokk som tradisjonelt blir bruka til å følgje teksten med når ein les frå Toráen. Punteroen blir bruka for å unngå å røre sjølve pergamentet i seferen, ettersom det ikkje absorberer blekk, slik at bokstavane lett blir øydelagt ved fingerkontakt. Punteroen kan vera laga av sølv (vanlegast), tinn, tre eller andre materialar og er oftast forma som ei meir eller mindre realistisk hand (arm) med ein pekande pekefinger.   Les meir …
Picart Portugisarjodisk sefer med vestido osv.png
Ein sefer (hebr. סֵֽפֶר ['sēfer], pl. sefarím) eller sefer Torá (hebr. סֵֽפֶר תּוֹרָה ['sēfer tō'rā], pl. sifré Torá), òg kalla torárull eller lovrull, er ein pergamentrull med to spindlar og som inneheld den hebraiske teksten av Toráen (Mosebøkene). For å vera kasjér (brukande etter halakhá) lyt kvar einaste bokstav vera handskreven av ein sofér — det vil seie ein som er ekspert på handskriving av visse typar dokument på hebraisk.   Les meir …
241530 7953 torah.jpg
Torálesing (hebraisk קְרִיאַת תּוֹרָה qərī’at tōrā el. קִרְיַת תּוֹרָה qirjat tōrā) er ein term for offentleg resitasjon av Toráen (Mosebøkene) i esnogaen. Ein del av Toráen, ein parasjá, blir lesen kvar veke. Det er 54 ulike parasjijjót (eintal: parasjá), éin for kvar av dei opptil 54 vekene i jødiske skottår. I kortare år, som berre har 50 veker, slår ein ihop visse av dei kortare parasjijjót.   Les meir …


Populære sider

  1. Hekhál (vist g.)
  2. Puntero (vist g.)
  3. Sefer (vist g.)
  4. Tik (vist g.)
  5. Torá (vist g.)
  6. Az jasjír Mosjé (vist g.)
  7. Sefer Sjemót (vist g.)
  8. Sefer Beresjít (vist g.)
  9. Sefer Vayyikrá (vist g.)
  10. Sefer Bammidbár (vist g.)
  11. Sefer Debarím (vist g.)
  12. Jangakób (vist g.)
  13. Miṣvá (vist g.)
  14. Har Sinái (vist g.)
  15. Torálesing (vist g.)
  16. Sjemàʕ Jisraél (vist g.)