Esnoga.no:Talmúd

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 20. mars 2022 kl. 13:08 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ʕarúkh • Meʕám loʕéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Talmúd (hebr. תַּלְמוּד [Talmūd]) er fellesnamnet på to bokverk som inneheld bokverket Misjná og eit kommentarverk (i to ulike utgåver — éin for kvart bokverk) til Misjná. I nyare tid blir den delen av Talmúd som utgjer den primære kommentaren til Misjná kalla Gemará. Dei to bokverka som går under namnet Talmúd er:

  1. Talmúd jerusjalmí
  2. Talmúd bablí

I vanleg språkbruk blir Talmúd gjerne bruka som namn spesifikt på Talmúd bablí — sjå der for meir informasjon.


Ein massékhet, fleirtal massekhtót, er ei enkeltbok i bokverket Misjná og dei nærskyldte bokverka Talmúd jerusjalmí, Talmúd bablí og Toseftá. Misjná inneheld 63 massekhtót som er gruppert i seks sedarím (rekkjor, seriar).   Les meir …
Babylonian Supralinear Punctuation, from Yemenite Siddur, April 2015.jpg
Bokverket Misjná (hebr. מִשְׁנָה [miš'nā]) er den første omfattande skriftlege kodifiseringa av den munnlege Toráen som han vart forstått av farisearane og seinare av dei rabbinske jødane. Misjná vart redigert og fullført av Jehudá hannassí mot slutten av 100-talet av den vestlege tidsrekninga. Misjná utmerker seg i den rabbinske litteraturen ved skildringane av Tempelet i Jerusalem, som vart øydelagt eitt hundreår tidlegare. Éin av de seks hovuddelene av Misjná handlar spesifikt om lovar for tempeltjenesta.   Les meir …
Massekhet Tanganit 28b.jpg
Talmúd bablí eller Talmúd bavlí, òg kalla Den babylonske Talmúd, Bavli eller rett og slett Talmúd, er eit kommentarverk til Misjná som vart redigert i det novarande Irak kring år 550, men utvida vidare fram til kring 700. Talmúd bablí spreidde seg fort i mizraḥiske, sefardiske og asjkenaziske kretsar, og frå 1000-talet vart Talmúd bablí sett på som den normative kjelda til den muntlege Toráen i de fleste retningane av jødedommen.   Les meir …
Seder Moʕéd er den andre av dei seks sedarím i Misjná og i kommentarverka Talmúd yerusjalmí og Talmúd bablí. Seder Moʕadím inneheld 12 massekhtót som alle handlar om halakhá (jødisk religiøs lov) om jødiske høgtider og merkedagar.   Les meir …
Seder Zeraʕím er den første av dei seks sedarím i Misjná og i kommentarverka Talmúd jerusjalmí og Talmúd bablí. Seder Zerangím inneheld elleve massekhtót som, med unntak av den første, alle handlar om halakhá (jødisk religiøs lov) om landbruk i Ereṣ Jisraél (landet Israel). I Jerusjalmí blir alle de 11 massekhtót kommentert, medan den meir urbant orienterte Bablí berre inkluderer kommentarar til den meir generelle Massékhet Berakhót.   Les meir …


Populære sider

  1. Talmúd (vist g.)
  2. Massékhet (vist g.)
  3. Misjná (vist g.)
  4. Talmúd bablí (vist g.)
  5. Talmúd yerusjalmí (vist g.)
  6. Seder Moʕéd (vist g.)
  7. Seder Zeraʕím (vist g.)
  8. Massékhet Soferím (vist g.)
  9. Massékhet Soferím 10 (vist g.)