Esnoga.no:Språk

Frå Esnoga.no

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ʕarúkh • Meʕám loʕéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Språk som har vore bruka av sefardím inkluderer hebraisk, arameisk, jødiskarabisk, kastiljansk, ladino, djudeospanjol, judeoportugisisk, papiamento, nederlandsk, nedertysk og engelsk.


Sefardisk hebraisk er den tradisjonelle forma av hebraisk blant sefardím. Det finst fleire ulike variantar av sefardisk hebraisk, men dei viktigaste dialekttrekka er at vokalfemklangen a–e–i–o–u er bevart i meir eller mindre alle samanhengar; at sjevá nang oftast blir uttala som ein kort men klår [e]; at résj blir uttala med fremre [r]; og at trykket i dei aller fleste orda følgjer masoretisk hebraisk.   Les meir …
Solitreo -exemplo.jpg
Solitreo eller soletreo (djudeospanjol, jf. portugisisk soletrar og asturiansk soletrear/solitrear, ‘(å) stava’) er lykkjeskrift-utgåva av hebraisk skrift som tradisjonelt blir brukt blant osmanske sefardím for å skrive djudeospanjol, ladino og hebraisk. Skrifta er visuelt sétt snarlik asjkenazisk lykkjeskrift, men er ulik nok til at dei ikkje er innbyrdes forståelege. Skrifta var i vanleg bruk blant sefardím i Det osmanske riket, inkludert i det jødiske samfunnet i Ereṣ Jisraél (hovudsakleg tilsvarande vår tids Israel, Vestbredda og Gaza) langt opp mot våre dagar. I og med at Israel har gjennomført asjkenazisk lykkjeskrift som einaste standard, har antalet folk som kan lesa og skrive solitreo gått markant ned sidan begynnelsen av 1900-talet.   Les meir …
Bammidbar (beg.) nordafrikansk-sefardisk handskr., ca 1400.jpg
Hebraisk (frå hebraisk עִבְרִית [ʕib'ri:t]) er eit vest-semittisk språk som er nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tenákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, Israels offisielle språk. Hebraisk blir skrìve med det hebraiske alfabetet.   Les meir …
Orden de las bendiciones Hilhoth Sehita 042 (crop).jpg
Ladino er namnet på ei språkform som er bruka i ordrette omsettingar av religiøse tekster frå hebraisk og arameisk til kastiljansk (spansk) eller djudeospanjol (jødespansk). Karakteristisk for ladino er at kvart ord blir omsett direkte, og at setningsstrukturen dermed følgjer den hebraiske eller arameiske originalen. Dessutan blir det ofte bruka lånord, eller endatil heile lånte frasar, frå hebraisk og arameisk i teksten. Verbet for sjølve omsettingsprosessen på både kastiljansk (spansk) og djudeospanjol er ladinar.   Les meir …
El Avenir.jpg
Djudeospanyol, òg skrive judeospañol, eller jødespansk er samletermar for språkformer av kastiljansk med meir eller mindre påverkning frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardím i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel. Djudeospanyol inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord òg. Andre namn for djudeospanyol inkluderer djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særlig i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.   Les meir …


Populære sider

  1. Sefardisk hebraisk (vist g.)
  2. Solitreo (vist g.)
  3. Det hebraiske alfabetet (vist g.)
  4. Ḥóled (vist g.)
  5. Ṣedaká (vist g.)
  6. Hebraisk (vist g.)
  7. Arameisk (vist g.)
  8. Ladino (vist g.)
  9. Djudeospanyol (vist g.)
  10. Språk (vist g.)
  11. Jødearabisk (vist g.)
  12. Kastiljansk (vist g.)