Esnoga.no:Sjomerím

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 20. mars 2022 kl. 03:12 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ʕarúkh • Meʕám loʕéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Samaritan communities map.png

Sjomerím eller samaritanarar er eit israelittisk folk som er nært i slekt med jødane. Dei praktiserer samaritansk religion og held Toráen i den samaritanske utgåva for å vera den heilage skrifta. Samaritanarane hevdar sjølv at dei stammar frå sjebet Efrájim (Efrájims stamme) og sjebet Menasjé (Menasjés stamme). Det finst i dag under 1 000 samaritanarar att, fordelt på to hovudbusettingar — Ḥolón ved Tel-Aviv i Israel og Sjekhém (Nāblūs) ved Har GerizímDei palestinske sjølvstyresmaktene sitt område i Judea. Samaritansk religion er ein israelittisk religion, nært i slekt med jødedommen. Samaritansk religion godtek ikkje den jødiske Tenákh, og berre den samaritanske utgåva av sjølve Toráen blir sett som kanonisk. Sentralt i samaritansk religion står fjellet Gerizím, der blant anna påskeofferet enda finn stad kvar pesaḥ.


Artiklar

Olve Utne: «Samaritansk musikk»
  Samaritanarane er ei folkegruppe med noverande tilhaldsstad i Nābulus (ved Gerizím, det heilage fjellet deiras) og Ḥolon (ved Tel-Aviv) som først og fremst er kjenneteikna med religionen sin. Denne religionen kan oppsummerast i denne vedkjenninga:
Eg trur på Deg, O Herre, og på Mosjé, son av ˤAmram, tjenaren Din, på den helige Toráen, på fjellet Gerizim Bet-El og på straffas og lønas dag.
Samaritansk religion står, som vi ser av dette, svært nært jødedommen, og desse religionane/folka har da òg felles opphav. Med samaritansk musikk meiner vi her den musikken som hører til den samaritanske religionsutøvinga og som blir framført av menn. I musikk av meir verdsleg karakter skil ikkje samaritanarane sin musikk seg vesentleg frå den verdslege musikken i dei andre kulturane i området. Akkurat som tilfellet tradisjonelt er blant dei yemenittiske jødane, så tek kvinnene slett ikkje del i den religiøse musikken, og kvinnene sin musikk ligg dermed mykje nærmare opp til musikken til nabofolka. Instrumentalmusikk finst ikkje i den samaritanske religiøse tradisjonen — ikkje ein gong sjofár שׁוֹפָר [šōfār], bukkehorn) blir bruka.   Les meir …


Populære sider

  1. Sjomerím (vist g.)
  2. Olve Utne: «Samaritansk musikk» (vist g.)