Esnoga.no:Sjabbát

Frå Esnoga.no

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ʕarúkh • Meʕám loʕéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Tz 019 Ki eshmera shabat.png

Sjabbát (hebr. שַׁבָּת šabbāt) eller sabbat (gjenom gresk σαββάτων), òg kalla sabbá (frå eldre sefardisk hebraisk uttale [sa'ba:ð]), er namnet på den sjuande dagen i den jødiske vekka. Sjabbát, som begynner ved solnedgangfredagskvelden og varer til etter solnedgang på laurdagskvelden, er den jødiske kviledagen. I dette tidsrommet er det etter halakhá, eller jødisk religiøs lov, ikkje lov å gjera opp eld, koke nye matretter, reise utanom bygda/byen der ein var ved solnedgang på fredagskvelden, drive handel eller utføre noko slags handarbeid eller handverk.


Artiklar

C36940cr mina de massá.jpg
Ei mina de maṣṣá (pl. minas de maṣṣá) er ein sefardisk innbakt maṣṣá-pai med grønsaker eller kjøtt. Til eit kjøttmåltid er det vanleg med lammekjøtt som basis. Ein setám (parve, nøytral) variant er purrefyll. Til mjølkemåltid kan fyllet vera for eksempel spinat og fetaost.   Les meir …
Habdala.jpg
Habdalá eller havdalá (hebr. הַבְדָּלָה [haḇdālā]) er namnet på ein jødisk seremoni som markerer overgangen frå sjabbát eller ei jødisk høgtid til kvardag eller frå sjabbát til ei jødisk høgtid. Habdaláen markerer alltid overgangen frå meir heilag til mindre heilag.   Les meir …
Tz 006 Mizmor shir.png
Tehillím 92, eller «Mizmór sjir leyóm hasjabbát», blir sungen som del av ngarbít på fredagskvelden og markerer det punktet i gudstenesta at menn ifølgje Sjulḥán ʕarúkh (Óraḥ ḥayyím 261:4) tek på seg sjabbátkvila, enda om det skulle vera føre solnedgang. I fredagskveldsgudstenesta kjem «Mizmór sjir leyóm hasjabbát» etter «Lekhá dodí» og føre Tehillím 93 («Adonái malákh, geút labésj»).   Les meir …
Tz 019 Ki eshmera shabat.png
Sjabbát (hebr. שַׁבָּת šabbāt) eller sabbat (gjenom gresk σαββάτων), òg kalla sabbá (frå eldre sefardisk hebraisk uttale [sa'ba:ð]), er namnet på den sjuande dagen i den jødiske vekka. Sjabbát, som begynner ved solnedgangfredagskvelden og varer til etter solnedgang på laurdagskvelden, er den jødiske kviledagen. I dette tidsrommet er det etter halakhá, eller jødisk religiøs lov, ikkje lov å gjera opp eld, koke nye matretter, reise utanom bygda/byen der ein var ved solnedgang på fredagskvelden, drive handel eller utføre noko slags handarbeid eller handverk.   Les meir …
El Dio alto.png
«El Dio alto» er ein tradisjonell osmansk-sefardisk song som tradisjonelt blir sungen i samband med habdalá ved utgangen av sjabbát etter solnedgang på laurdag. Det er to hovudmelodiar — ein viseaktig melodi som vart brukt i Salonica og ein meir melismatisk melodi som blant anna er tradisjonell blant tyrkiske jødar. Den sistnemnte melodien blir òg brukt på ʕereb kippúr.   Les meir …
Guevos haminados (m20220415202455).jpg
Guevos ḥaminados eller huevos ḥaminados er egg som har vore trekt i mange timar — enten i ḥammín eller for seg sjølv med løkskrell og ofte litt kaffe eller te i vatnet. Guevos ḥaminados er ein klassisk sefardisk matrett for både sjabbát og pesaḥ og kan serverast varme eller kalde.   Les meir …


Populære sider

  1. Khboz (vist g.)
  2. Mina de maṣṣá (vist g.)
  3. Matforskrifter for sjabbát (vist g.)
  4. Habdalá (vist g.)
  5. Tehillím 92 (vist g.)
  6. Kiddúsj lelél sjabbát (vist g.)
  7. Kiddúsj for sjabbát-morgonen (vist g.)
  8. Lekhá dodí (vist g.)
  9. Hadlakat nér sjel sjabbát (vist g.)
  10. Grace Aguilar: «Sabbath Thoughts I» (vist g.)
  11. Grace Aguilar: «Sabbath Thoughts II» (vist g.)
  12. Grace Aguilar: «Sabbath Thoughts III» (vist g.)
  13. Grace Aguilar: «Sabbath Thoughts IV» (vist g.)
  14. Grace Aguilar: «Sabbath Thoughts V» (vist g.)
  15. Grace Aguilar: «Sabbath Thoughts VI» (vist g.)
  16. Kenisàt sjabbát (vist g.)
  17. Ḥammín (vist g.)
  18. Moṣaé sjabbát (vist g.)
  19. Sjabbát (vist g.)
  20. El Dio alto (vist g.)
  21. Guevos ḥaminados (vist g.)