Esnoga.no:Sefardím

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 9. oktober 2024 kl. 23:43 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ʕarúkh • Meʕám loʕéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Sefardím (pl.) (hebr. סְפַרְדִּים el. סְפָֽרַדִּים) eller sefardiske jødar er primært jødar med historiske røter i mellomalderens Iberia — det vil seie notidas Spania og Portugal. Sefardiske jødar i den forstand inkluderer først og fremst jødar frå Marokko, Algerie, Hellas og Tyrkia, og i tillegg mange jødar frå Italia, Frankrike, Belgia, Nederland, Storbritannia, Amerika og Israel. Tidlegare tala dei fleste sefardím spansk, djudeospanjol (jødespansk) eller portugisisk. Ein særprega variant av det spanske eller jødespanske språket bruka av sefardím er «ladino», som kan skildrast som strengt ordrette omsettingar til spansk eller djudeospanjol. Frå midten av 1900-talet har det gradvis vorte vanleg å bruke namnet ladino for det jødespanske språket. Namnet blir i praksis ofte òg — feilaktig — bruka om ikkje-iberiske jødar frå arabisk-språklege land (sjå mizraḥím), såvel som heilt generelt om jødar av ikkje-asjkenazisk opphav.


Sefardím

Sefardím (pl.) (hebr. סְפַרְדִּים el. סְפָֽרַדִּים) eller sefardiske jødar er primært jødar med historiske røter i mellomalderens Iberia — det vil seie notidas Spania og Portugal. Sefardiske jødar i den forstand inkluderer først og fremst jødar frå Marokko, Algerie, Hellas og Tyrkia, og i tillegg mange jødar frå Italia, Frankrike, Belgia, Nederland, Storbritannia, Amerika og Israel. Tidlegare tala dei fleste sefardím spansk, djudeospanjol (jødespansk) eller portugisisk. Ein særprega variant av det spanske eller jødespanske språket bruka av sefardím er «ladino», som kan skildrast som strengt ordrette omsettingar til spansk eller djudeospanjol. Frå midten av 1900-talet har det gradvis vorte vanleg å bruke namnet ladino for det jødespanske språket. Namnet blir i praksis ofte òg — feilaktig — bruka om ikkje-iberiske jødar frå arabisk-språklege land (sjå mizraḥím), såvel som heilt generelt om jødar av ikkje-asjkenazisk opphav.   Les meir …
Gershom Mendes Seixas.jpg
Gershom Mendes Seixas (d. 2. juli 1816) var ein amerikansk-sefardisk ḥazzán som tjente ved Shearith Israel-synagogen i New York City (176876 og 17841816) og i Mikveh Israel-synagogen i Philadelphia (6. juni 1780 til pesaḥ 1784). Ḥazzán Seixas hadde lite formell utdaning, men han hadde god kjennskap til den sefardiske musikktradisjonen, var ein flink organisator, hadde veldig godt lag med menneske og dreiv omfattande sjølvstudium for å rette opp for den manglande akademiske bakgrunnen sin.   Les meir …
Uriel Acosta (1585-1640) var ein portugisisk filosof av jødisk opphav. Acosta vart fødd i Oporto i Portugal i 1585 som Gabriel da Costa. Familien hans var jødisk, men hadde konvertert til katolisismen. Uriel Acosta overtydde familien til å gå tilbake til jødedommen, og de måtte flytte til Amsterdam. På grunn av sin heretiske filosofi vart han (som òg Baruch Spinoza) bannlyst av den jødiske menigheita.   Les meir …
Adolph de Lemos (1897).jpg
Adolph de Lemos (1848; d. 25. mai 1900) var ein portugisarjødisk kjøpmann som opprinneleg kom frå Hamburg. Han er nemnt i folketeljinga for 1875 under Drammen som tilfeldig besøkjande. I tida frå 1879 og fram til 1888 dreiv han som kjøpmann i Oslo, med unntak av desember 1880 til oktober 1881, da han hadde handelsborgarskap i Tromsø. I 1888 flytta familien til Hamburg att. Dei kom til Oslo att i 1898, to år føre Adolph døydde den 25. mai 1900.   Les meir …
Bendix Henriques.jpg
Bendix Henriques (17251807) eller Pinches Nasche (Nakskov/Nasschou) fungerte som mohél, og etterkvart som församlingsordförande (forstandar) og sjalíaḥ ṣibbúr (forrettar) i den jødiske menigheita i Göteborg. Pinches Nasche vart fødd i NakskovLolland i 1725 som son av asjkenaziske Moses Aaron Nathan (16901744) og portugisarjødiske Rachel Bendix (16951746/1776) av Henriques-familien. For å kunna busette seg fritt i København tok han namnet Bendix Henriques etter slektsnamnet til mora, Bendix, og til mormora, Henriques.   Les meir …

Esnogas

Kahal Kados Bet Israel i Hamburg vart grunnlagt i 1652 da dei tre tidlegare portugisarjødiske menigheitene K"K Talmud Torah, K"K Keter Torah og K"K Nevé Salom slo seg i hop. Esnogaen vart bygd i sørvestenden av Alter Wall, der K"K Nevé Salom hadde halde til sidan 1612. Esnogaen vart selt til høgtyske jødar i 1835, og han brann ned fredagsmorgonen den 6. mai 1842 under den store Hamburgbrannen den 5.8. mai. Menigheita fortsette i provisoriske lokale heilt til den nye esnogaen i Zweite Marktstraße 6 stod klar i september 1855.   Les meir …
Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første portugisarjødiske gudstenesta vi faktisk veit om, fann stad i 1695, da Samuel Teixeira og familien hans var i København på grunn av forretningar. Det hadde ikkje vorte søkt om løyve til å ha gudsteneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstenester og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var Jacob Abensur med familie og, frå 1692, Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702, Raphael Jesurum i 1703 og Jacob Cohen og Jacob Franco i 1704. Alle desse var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen.   Les meir …
EsnogaAmsterdamTebah.jpg
Tebá (hebr. תֵּבָה el. תֵּיבָה [tē'bā]) er det hovudsakleg sefardiske og italkiske namnet på plattforma i esnogaen der det er ein lesepult der torálesinga og (særleg i sefardisk jødedom) forrettinga av gudstenestene går for seg. I tradisjonelle sefardiske, provençalske, italkiske og romaniotiske synagogar er tebáen vanlegvis plassert nært atterenden av esnogarommet.   Les meir …

Sefardisk musikk

Bendigamos-illustrasjon.png
«Bendigamos al altísimo», oftast rett og slett kalla «Bendigamos», er ein song som er bygd over same temaet som Birkàt hammazón (signinga etter maten) og som ofte blir sungen i samband med Birkàt hammazón blant portugisarjødarGibraltar, i Amsterdam, i London og andre plassar i Vest-Europa, så vel som i dei gamle portugisarjødiske samfunna vestom Atlanterhavet (inkludert New York City, Philadelphia og Curaçao). Songen er òg bruka i dei gamle sefardiske samfunna i Bordeaux og Bayonne i Frankrike, men der syng dei han i ein fransk versjon.   Les meir …
El Dio alto.png
«El Dio alto» er ein tradisjonell osmansk-sefardisk song som tradisjonelt blir sungen i samband med habdalá ved utgangen av sjabbát etter solnedgang på laurdag. Det er to hovudmelodiar — ein viseaktig melodi som vart brukt i Salonica og ein meir melismatisk melodi som blant anna er tradisjonell blant tyrkiske jødar. Den sistnemnte melodien blir òg brukt på ʕereb kippúr.   Les meir …
Flory Jagoda 2002.jpg
Flory Jagoda (f. 21. desember 1923; d. 29. januar 2021) var ein sefardisk kvinneleg songar, gitarist og komponist som blant anna er kjent for å ha skrive songen «Ocho candelicas». Ho gav ut fire plater, den siste av dei i 2005. Flory (Floritza) Papo vart fødd inn i ein sefardisk familie i Sarajevo i Bosnia-Hercegovina i det daverande Jugoslavia i 1923, men mora og stefaren flytta til Zagreb i Kroatia da ho var lita. Flory budde med bestemor si i to år føre ho flytta etter til Zagreb, der ho fikk formell musikkundervisning. Da det fascistiske ustaša-marionettregimet vart innsett av Nazi-Tyskland i 1941, kom det fort antisemittiske lovar. Familien flykta derifrå snart etter.   Les meir …

Mat

 


Populære sider

  1. Kahal Kados Newe Salom (Altona 1771-1882) (vist g.)
  2. Kahal Kados Bet Israel (Hamburg 1652-1842) (vist g.)
  3. Kahal Kados Bet Israel (Hamburg 1855-1934) (vist g.)
  4. Kahal Kados Bet Israel (Hamburg 1935-1940) (vist g.)
  5. Den første esnogaen i København (vist g.)
  6. Der Türkische Tempel (vist g.)
  7. Den portugisiske Nakskauer Menighed (vist g.)
  8. Kahal Kados Talmud Torah (Amsterdam 1639-1675) (vist g.)
  9. Bevis Marks-esnogaen (vist g.)
  10. Esnogaen i Creechurch Lane i London (vist g.)
  11. Esnogas i Hamborg og Slesvig-Holsten (vist g.)
  12. Kahal Kados Talmud Torah (Hamburg -1652) (vist g.)
  13. Templul Sefard din Constanța (vist g.)
  14. Cahal Grande (vist g.)
  15. Cahal Chico (vist g.)
  16. Esnoga (vist g.)
  17. Kva er ein esnoga (vist g.)
  18. Synagogar på ekstreme breiddegrader (vist g.)
  19. Hekhál (vist g.)
  20. Ner tamíd (vist g.)
  21. Tebá (vist g.)
  22. Sefer (vist g.)
  23. Sjalíaḥ ṣibbúr (vist g.)
  24. Meḥiṣṣá (vist g.)
  25. Minyán (vist g.)
  26. Haftará (vist g.)
  27. Rabbinar (vist g.)
  28. Geir Winje: Synagogen (vist g.)
  29. Israelitischer Tempel i Poolstraße i Hamburg (vist g.)
  30. Rekonstruksjonistiske synagogar, fornyingssynagogar og ḥaburót (vist g.)
  31. Esnogaen i Amsterdam (vist g.)
  32. El-Ghribasynagogen (vist g.)
  33. Neve Şalom-synagogen i Istanbul (vist g.)
  34. Kal de los monastirlis (vist g.)
  35. Sephardic Temple Tifereth Israel (vist g.)
  36. Elias Moses Delbanco (vist g.)
  37. Manoel Teixeira (vist g.)
  38. Menasseh Ben Israel (vist g.)
  39. Der Ritus der portugiesischen Synagoge (Hamburg, Oct. 1837) (vist g.)
  40. Ladino (vist g.)
  41. Tribunal del Santo Oficio de la Inquisición (vist g.)
  42. Abraham Lopes Cardozo (vist g.)
  43. Abraham de Casseres (vist g.)
  44. Johann Philipp Reis (vist g.)
  45. Vaflar (vist g.)
  46. Abraham Lopez (vist g.)
  47. Emanuel Aguilar (vist g.)
  48. Leon Lopez (vist g.)
  49. Abigail Rebecca Samuda (vist g.)
  50. Baruch Spinoza (vist g.)
  51. Camille Pissarro (vist g.)
  52. David Aaron de Sola (vist g.)
  53. David Nieto (vist g.)
  54. De Sola (vist g.)
  55. Grace Aguilar (vist g.)
  56. Emanuel Mendez da Costa (vist g.)
  57. Gazeta de Amsterdam (vist g.)
  58. Gershom Mendes Seixas (vist g.)
  59. Isaac Lopez (vist g.)
  60. Ishac Aboab da Fonseca (vist g.)