Esnoga.no:Religiøse skrifter

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 20. mars 2022 kl. 20:35 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ʕarúkh • Meʕám loʕéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Religiøse skrifter


Skrifter

Sjulḥán ʕarúkh er eit bokverk skrive av Joséf Karo og som inneheldt ei oppsummering av det større bokverket hans, Bét Joséf. I dei fleste former av vår tids ortodokse jødedom blir Sjulḥán ʕarúkh med sine kommentarar rekna som den viktigaste og mest autoritative kjelda til halakhá (rabbinsk-jødisk religiøs lov). Bét Joséf og Sjulḥán ʕarúkh byggjer på rammeverket i det tidlegare verket Arbaʕá turím, medan dei halakhiske vala byggjer på Jiṣ’ḥák Alfassi, Mosjé ben Maimón og Asjér ben Jeḥiél. Når de tre kjeldene ikkje let seg harmonisere, let Karo Mosjé ben Naḥmán («RaMBaN») få det siste ordet.   Les meir …
Babylonian Supralinear Punctuation, from Yemenite Siddur, April 2015.jpg
Bokverket Misjná (hebr. מִשְׁנָה [miš'nā]) er den første omfattande skriftlege kodifiseringa av den munnlege Toráen som han vart forstått av farisearane og seinare av dei rabbinske jødane. Misjná vart redigert og fullført av Jehudá hannassí mot slutten av 100-talet av den vestlege tidsrekninga. Misjná utmerker seg i den rabbinske litteraturen ved skildringane av Tempelet i Jerusalem, som vart øydelagt eitt hundreår tidlegare. Éin av de seks hovuddelene av Misjná handlar spesifikt om lovar for tempeltjenesta.   Les meir …
I tidlegare tider var det veldig vanleg blant sefardím å lesa Megillàt Antiyyokhós (òg kjent som Megillàt haḥasjmonaím) under ḥanukká — ein skikk som i vår tid for det meste berre er heldt oppe av temaním (yemenittiske jødar). Megillàt Antiyyokhós er ei relativt kort bok (ca 70 vers) som helst blir tilskriven Bét Hillél og Bét Sjammái kring den siste tida at Det andre tempelet i Jerusalem stod. Basert på språklege særtrekk har boka vorte datert til tida kring år 170 evt. Saʕadyá Gaón sin teori om at boka vart skriven av dei fem sønene av Mattat’yá ben Yoḥanán er lite truleg.   Les meir …
Loez2.jpg
Meʕám loʕéz (מעם לועז) er eit 46-bandsverk med encyklopediske kommentarar til Tenákh som vart planlagt og påbegynt av ḥakhám Yaʕakób Kuli. Første bandet vart utgjeve i 1730. Ḥakhám Kuli sjølv døydde under arbeidet med kommentaren til Sefer Sjemót (2. mosebok) i 1732, men arbeidet vart fortsett av andre ḥakhamím og kom etter kvart ut i alt i alt 46 band.   Les meir …