Esnoga.no:Progressiv jødedom

Frå Esnoga.no

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ʕarúkh • Meʕám loʕéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Temple Emanuel, Willemstad, Curacao.jpg

Progressiv jødedom er eit fellesnamn for dei retningane av rabbinsk jødedom som er vidareutvikla av tysk reformjødedom, amerikansk reformjødedom, britisk liberal jødedom og britisk reformjødedom, og namnet blir ofte — særleg i Europa — òg bruka for den noko ulike retninga rekonstruksjonistisk jødedom. Reformjødedommen oppstod som retning i Tyskland først på 1800-talet. Den første reformsynagogen vart formelt stifta i Hamburg i 1818 av sefardiske og asjkenaziske jødar. Inntil kring 1870 var songstilen i den hamburgske reformmenigheita i hovudsak sefardisk. Myten om at reformjødedommen er ei reint asjkenazisk retning er såleis ikkje sann.


David Woolf Marks (18111909) var den første åndelege leiaren for West London Synagogue of British Jews og blir rekna som «far til den engelske reformjødedommen». David Woolf Marks vart fødd den 22. november 1811 i London av foreldra Mary og Woolf Marks. Han utdana seg ved Jews’ Free School i London. Han fungerte som pupil-teacher (lærarpraktikant) ved Solomon’s boarding-school i Hammersmith i fem år, og etter detta vart han assisterande lesar ved St. Alban’s Synagogue. Han sa opp den sistnemnte stillinga for å reise til Liverpool som assisterande lesar og sekretær. I Liverpool kom reformlegninga hans til uttrykk ved at han nekta å lesa frå Toráen på andre dagen av sjelósj regalím.   Les meir …
Dame Julia Babette Sarah Neuberger, Baroness Neuberger (f. 27. februar 1950), f. Julia Schwab, er ein rabbinar, sosialreformator og medlem av House of Lords (Overhuset) i Storbritannia for liberaldemokratane. Ho vart utdana ved Newnham College i Cambridge og Leo Baeck College i London. Ho underviste ved Leo Baeck College frå 1977 til 1997. Neuberger var den andre kvinnelige rabbinaren i Storbritannia etter Jackie Tabick og var den første til å ha si eiga menigheit.   Les meir …
Hebrew Union College 1 W4 jeh.JPG
Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion, òg kjent som HUC eller HUC-JIR, er det eldste rabbinske seminaret i Nord- og Sør-Amerika og det viktigaste seminaret for utdanning av rabbinarar, kantorar, lærarar og menigheitsarbeidarar i progressiv jødedom. Det vart grunnlagt i 1875 under ledelse av rabbinar Isaac Mayer Wise i Cincinnati i Ohio i USA. I 1950 fikk skulen ei avdeling i New York City etter ihopslåing med Jewish Institute of Religion, og seinare vart òg andre avdelingar lagt til i Los Angeles (1954) og Jerusalem (1963).   Les meir …
Foreningen Progressiv Jødedom i Norge (PJN) var ein sosial og kulturell ḥaburá for egalitær jødedom i Oslo. PJN definerte seg som egalitær i forhold til både kjønn og legning og var open for alle som kjente seg tilknytt til jødedom og ville vera med, uavhengig av om dei var jødiske eller ikkje. Hovudaktiviteten var sjabbátmiddag som spleiselag siste fredag i kvar månad. I tillegg vart det arrangert samlingar i samband med jødiske høgtider og merkedagar.   Les meir …
Rabbinar Sandy Eisenberg Sasso (f. 1947 i Philadelphia, Pennsylvania) er ein rekonstruksjonistisk rabbinar og barnebokforfattar. Ho vart ordinert ved Reconstructionist Rabbinical College den 19. mai 1974 som den første kvinnelege rabbinaren innafor rekonstruksjonistisk jødedom og den andre kvinnelege rabbinaren nokon gong i USA. Sandy Eisenberg Sasso er gift med rabbinar Dennis Sasso, og dei har borna David (f. 1976) og Debora (f. 1979).   Les meir …
Rabbinar Ira Eisenstein (19102004) grunnla, i lag med Mordecai Kaplan, den rekonstruksjonistiske jødedommen i løpet av tida frå 1920-åra til 1940-åra. Under denne første tida var rekonstruksjonistisk jødedom ei radikal fløy innanfor amerikansk konservativ (masorti) jødedom, men vart seinare formelt utskilt som ei sjølvstendig retning av jødedommen i og med opprettinga av the Reconstructionist Rabbinical College i 1968. Ira Eisenstein var fødd og oppvaksen i New York. Han tok Bachelor-graden og seinare òg ein doktorgrad ved Columbia University. I 1931 fikk han rabbinsk ordinasjon frå Jewish Theological Seminary. Blant lærarane hans der var rabbinar Mordecai Kaplan.   Les meir …
Reb Zalman 2005.jpg
Reb Zalman Schachter-Shalomi (f. 28. august 1924 i Żółkiew i det daverande Polen (no i Ukraina), d. 3. juli 2014 i Boulder i Colorado i USA) var ein asjkenazisk rabbinar med bakgrunn i Ḥabad-ḥasidismen som først og fremst var kjent som grunnleggar av og hovudperson attom jødisk fornyings-rørsla. Zalman Schachter-Shalomi vart fødd i Zholkve i det daverande Polen (no i Ukraina) torsdagen den 28. august 1924 og vaks opp i Wien. Under andre verdskrigen var han internert i konsentrasjonsleirar under Vichy-regimet. I 1941 kom han seg over til USA. Han vart ordinert som rabbinar under Ḥabad-rørsla i Brooklyn i New York i 1947.   Les meir …
RRC.JPG
The Reconstructionist Rabbinical College (RRC) er hovudutdaningsinstitusjonen for rekonstruksjonistiske rabbinarar i USA. Seminaret, som i dag ligg i Wyncote i Pennsylvania, er akkreditert av Kommisjonen for høgre utdaning ved Middle States Association of Colleges and Schools i USA. Det femårs programmet, som inkluderer eitt studieår i Israel, fører fram til tittelen rabbinar og ein MA-grad i hebraisk. Seminaret vart grunnlagt i 1968 av grunnleggaren av den rekonstruksjonistiske rørsla, Mordecai Kaplan, og heldt opprinnelig til i to murbygningar i 2308 North Broad Street i Philadelphia i Pennsylvania.   Les meir …
Aleph5logo.jpg
Jødisk fornying (nyn./bm. jødisk fornying; bm./da. jødisk fornyelse; sv. judisk förnyelse) eller Jewish Renewal (en.), òg stundom kalla nyḥasidisme, er ei primært nordamerikansk rabbinsk-jødisk religiøs rørsle som har utspring i ḥasidisme, men med sterk vekt på likestilling mellom kjøna, vekt på fredsarbeid og miljøvern, sterke synkretistiske drag og med ei forståing av jødedommen som «ein religiøs sivilisasjon i stadig utvikling» — ei forståing som er lånt frå rekonstruksjonistisk jødedom. Dei viktigaste ledarane i Jewish Renewal-rørsla er Zalman Schachter-Shalomi og Arthur Waskow.   Les meir …
Økokasjrút er læra om kva mat som er lovlig og etisk å eta ut frå både halakhá og ut frå eit breidare hensyn til økologi og berekraftig utvikling. Uttrykket økokasjrút vart først teke i bruk av Renewal-rabbinaren Zalman Schachter-Shalomi.   Les meir …


Populære sider

  1. Israelitischer Tempel i Poolstraße i Hamburg (vist g.)
  2. Gabriel Farhi (vist g.)
  3. Daniel Farhi (vist g.)
  4. David Woolf Marks (vist g.)
  5. Julia Neuberger (vist g.)
  6. Abraham Geiger (vist g.)
  7. Hebrew Union College-Jewish Institute of Religion (vist g.)
  8. Regina Jonas (vist g.)
  9. Sherwin Wine (vist g.)
  10. Jackie Tabick (vist g.)
  11. Foreningen Progressiv Jødedom i Norge (vist g.)
  12. Forms of Prayer used in the West London Synagogue of British Jews (vist g.)
  13. Sandy Eisenberg Sasso (vist g.)
  14. Society for the Advancement of Judaism (vist g.)
  15. Arthur Waskow (vist g.)
  16. Progressiv jødedom (vist g.)
  17. Rekonstruksjonistisk jødedom (vist g.)
  18. Ira Eisenstein (vist g.)
  19. Mordecai Kaplan (vist g.)
  20. Marcia Prager (vist g.)
  21. Zalman Schachter-Shalomi (vist g.)
  22. Siddur Ḥadesh Yameinu (vist g.)
  23. Rekonstruksjonistiske synagogar, fornyingssynagogar og ḥaburót (vist g.)
  24. Reconstructionist Rabbinical College (vist g.)
  25. Jødisk fornying (vist g.)
  26. ALEPH (vist g.)
  27. ALEPH Ordination Programs (vist g.)
  28. Økokasjrút (vist g.)
  29. Humanistisk jødedom (vist g.)
  30. Reformjødedom (vist g.)