Esnoga.no:Portugisarjødar

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 20. mars 2022 kl. 03:56 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ʕarúkh • Meʕám loʕéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Ketubba Amsterdam 1718.jpg

Portugisarjødar (nyn.; bm./da. portugiserjøder) eller portugisjødar (nyn.; bm./da. portugisjøder; sv. portugisjudar) er ei gruppe av sefardím som har hovudopphavet sitt i dei sefardím som kom frå Spania og Portugal til Italia, Vest-Europa og Amerika frå sist på 1400-talet og fram til sist på 1700-talet. Portugisarjødane har eit karakteristisk ritual basert på ritualet på Den iberiske halvøya føre utvisinga derifrå i 1490-åra, men òg med mange trekk frå dei italiensk-jødiske benè Roma og frå marokkanske sefardím. Portugisarjødane hadde varierande grad av innreise-, nærings- og busettingsrett i Danmark og Norge frå 1657 av. Ved den norske Grunnloven av 17. mai 1814 vart det innført fullt forbod mot innreise og opphald for alle jødar, men unntaket for portugisarjødane vart bekrefta att av Justisdepartementet den 4. november 1844 — seks år føre heile jødeparagrafen vart oppheva.


Kahal Kados Bet Israel i Hamburg vart grunnlagt i 1652 da dei tre tidlegare portugisarjødiske menigheitene K"K Talmud Torah, K"K Keter Torah og K"K Nevé Salom slo seg i hop. Esnogaen vart bygd i sørvestenden av Alter Wall, der K"K Nevé Salom hadde halde til sidan 1612. Esnogaen vart selt til høgtyske jødar i 1835, og han brann ned fredagsmorgonen den 6. mai 1842 under den store Hamburgbrannen den 5.8. mai. Menigheita fortsette i provisoriske lokale heilt til den nye esnogaen i Zweite Marktstraße 6 stod klar i september 1855.   Les meir …
Emanuel-at-piano.jpg
Emanuel Aguilar (18241904) var ein engelsk-sefardisk pianist og komponist. Emanuel Aguilar vart fødd den 23. august 1824 av foreldra Emanuel Aguilar (1787–1845) og Sarah Dias Fernandes (1787–1854). Han var bror til Grace Aguilar. I tillegg til dei klassiske verka han komponerte, er han blant anna kjent for å ha harmonisert mykje av liturgien til det portugisarjødiske samfunnet i England.   Les meir …
Abigail Rebecca Samuda (f. 24. april 1810, d. 2. april 1907 i Heathcroft i London), oftast omtala som A.R. Samuda, Abigail Samuda eller berre Miss Samuda, vart fødd som eldste barnet av Simha (Joy) de Hananel Lopes Pereira alias Aguilar og Ost- og Vestindia-handlaren Abraham de Samuda. Abigail var ein ivrig kunstmålar. Ho tala fire språk flytande og etterlet seg kring 30 manuskript med omsettingar til engelsk, inkludert dei fleste verka av Heinrich Zschokke, som ho sette særleg høgt. Ho skreiv fleire dikt som vart tonsett av Emanuel Aguilar og andre. Ho døydde den 2. april 1907 i Heathcroft i London, i huset til sin gode ven og svigerson Jose de Sola Pinto, far til litteraturvitaren Vivian de Sola Pinto.   Les meir …
Camille Pissarro 040.jpg
Camille Pissarro (18301903) var ein fransk impresjonistisk kunstmålar av portugisarjødisk slekt. Camille Pissarro vart fødd den 10. juli 1830 i Charlotte AmalieSt. Thomas i daverande Dansk Vestindia av foreldra Abraham Gabriel Pissarro, ein portugisarjøde frå Frankrike, og Rachel Manzano-Pomié, frå Den dominikanske republikken. Pissarro budde på St. Thomas til han var tolv år gammal, da han vart sendt til ein kostskule i Paris. Han vendte tilbake til St. Thomas for å få opplæring i forretninga til faren. På den tida bruka han all fritida til teikning. I 1852 reiste han til Venezuela i lag med med den danske kunstnaren Fritz Melbye. I 1855 flytta han til Paris, der han studerte med den franske landskapsmålaren Jean-Baptiste Camille Corot.   Les meir …
David Nieto.jpg
David Nieto (16541728) var ḥakhám for det portugisarjødiske samfunnet i London. David Nieto vart fødd i Venezia i 1654. Han begynte yrkeskarrieren som dokter og som jødisk prekar i Livorno i Italia. Der skreiv han verket Paschologia (på italiensk; utg. Köln 1702), der han tok for seg ulikheitene i kalenderutrekninga i de greske, romerske og jødiske trussamfunna og viste feilane som hadde sneke seg inn i den kristne kalenderen frå det første nikenarkonsiliet til 1692.   Les meir …
Grace Aguilar - Project Gutenberg eText 12369.png
Grace Aguilar (f. 2. juni 1816 i Hackney i England; d. 16. september 1847 i Frankfurt a.M. i Tyskland) var ein engelsk-sefardisk romanforfattar, diktar og skribent om jødisk historie og religion. Grace Aguilar vart fødd i Hackney i England av portugisarjødiske foreldre av spansk opphav. Ho var fysisk svak heilt frå barndommen og viste tidleg interesse for historie — særleg jødisk historie. Da far hennar døydde vart ho avhengig av si eiga næringsinntekt. Etter nokre skodespel og dikt fikk ho utgjeve boka Spirit of Judaism i USA i 1842 — eit forsvarsskrift for trua hennar og dei som bekjenner seg til den trua.   Les meir …
Emanuel Mendez da Costa (f. 5. juni 1717; d. 1791) var ein portugisarjødisk botanikar, naturalist, filosof og litteratursamlar frå England. Han var ein av dei første jødane som vart tekne opp som felag ved the Royal Society of London, der han verka som bibliotekar. Han var òg felag ved the Royal Antiquarian Society of London, så vel som medlem av det botaniske selskapet i Firenze, the Aurelian Society og the Gentleman’s Society at Spalding.   Les meir …
Bevis0007 s.jpg
Esnogaen i det som no er 5 Creechurch Lane i London vart innreidd i 1657 og var den første offisielle synagogen i England sidan utvisninga av jødane frå England i 1290. Denne esnogaen var i bruk fram til Bevis Marks-esnogaen vart innvigd i 1701.   Les meir …
Gazeta de Amsterdam.jpg
Gazeta de Amsterdam var eit kastiljanskspråkleg økonomisk tidsskrift som vart etablert seinast i 1672 i det portugisarjødiske samfunnet i Amsterdam og som kom ut to gonger i veka i alle fall i perioden frå 1675 til 1702, da det vart nedlagt. Initiativtakar og redaktør var skribenten og boktrykkjaren David de Castro Tartaas. Tidsskriftet vart blant anna distribuert i Spania og Portugal, og eksplisitt jødiske emne vart unngått for ikkje å sette lesarane der i fare.   Les meir …
Gershom Mendes Seixas.jpg
Gershom Mendes Seixas (d. 2. juli 1816) var ein amerikansk-sefardisk ḥazzán som tjente ved Shearith Israel-synagogen i New York City (176876 og 17841816) og i Mikveh Israel-synagogen i Philadelphia (6. juni 1780 til pesaḥ 1784). Ḥazzán Seixas hadde lite formell utdaning, men han hadde god kjennskap til den sefardiske musikktradisjonen, var ein flink organisator, hadde veldig godt lag med menneske og dreiv omfattande sjølvstudium for å rette opp for den manglande akademiske bakgrunnen sin.   Les meir …
Pescado frito, eller panert fisk frityrsteikt i vegetabilsk olje, er ein matrett med sefardisk opphav. Denne tillagingsmåten gjer at fisken held seg sprø utanpå og saftig inni og med like god smak kald som varm. Pescado frito blir tradisjonelt servert som kald matrett til desayuno på laurdag etter at tefilláen (morgongudstjenesta, inkludert torálesing og musáf) er ferdig.   Les meir …
Rosinvin er ein alkoholfri drikk som er laga ved å koke rosiner i vatn. Dette er ein gammal tradisjon i mange sefardiske familiar, inkludert anusím (skjulte jødar). Rosinvin er særleg bruka i samband med pesaḥfeiringa.   Les meir …
Saul Levi Morteira.jpg
Saul Levi Morte(i)ra (f. ca 1596 i Venezia – d. 10. februar 1660 i Amsterdam) var ein italiensk-asjkenazisk ḥakhám (rabbinar) for portugisarjødane i Nederland. I eit dikt på kastiljansk nemner Daniel Levi de Barrios han som tyskfødd (“de Alemania natural”). Da Morteira følgte lekamen til dokteren Elijah Montalto frå Frankrike til Amsterdam i 1616, velte den portugisarjødiske menigheita Bet Iahakob han som ḥakhám som etterfølgjar etter Moses ben Aroyo.   Les meir …
Uriel Acosta (1585-1640) var ein portugisisk filosof av jødisk opphav. Acosta vart fødd i Oporto i Portugal i 1585 som Gabriel da Costa. Familien hans var jødisk, men hadde konvertert til katolisismen. Uriel Acosta overtydde familien til å gå tilbake til jødedommen, og de måtte flytte til Amsterdam. På grunn av sin heretiske filosofi vart han (som òg Baruch Spinoza) bannlyst av den jødiske menigheita.   Les meir …
EsnogaAmsterdamTebah.jpg
Esnogaen i Amsterdam eller Den portugisiske synagogen i Amsterdam, oftast kalla Esnoga (nederlandsk uttale: snoge), ligg ved gata Visserplein, beint imot det historiske sentrumet av Amsterdam, rett ved Det jødiske historiske museet i Amsterdam. Dette monumentale bygget vart bygd på 1600-talet (det såkalla gyldne hundreåret i Nederland) for det sefardiske trussamfunnet Talmud Torah (Det portugisisk-israelittiske trussamfunnet i Amsterdam).   Les meir …
Adolph de Lemos (1897).jpg
Adolph de Lemos (1848; d. 25. mai 1900) var ein portugisarjødisk kjøpmann som opprinneleg kom frå Hamburg. Han er nemnt i folketeljinga for 1875 under Drammen som tilfeldig besøkjande. I tida frå 1879 og fram til 1888 dreiv han som kjøpmann i Oslo, med unntak av desember 1880 til oktober 1881, da han hadde handelsborgarskap i Tromsø. I 1888 flytta familien til Hamburg att. Dei kom til Oslo att i 1898, to år føre Adolph døydde den 25. mai 1900.   Les meir …
Johan Bravo 1863.jpg
Johan (Josva) Bravo (f. 3. september 1797 i Altona; d. 29. april 1876 i Roma) var ein portugisarjødisk/dansk målar og konsul. Bravo var fødd i Altona som son av ? og Israel Bravo (1759-1824), forstandar for den portugisarjødiske menigheita og utdana seg til målar ved Kunstakademiet i København 1816-18. Etter å ha hogd sig møysommeleg gjennom i nokre år lyktest det for honom i 1827 å komma til Roma, kor han snart oppgav målarkunsten for heilt å vie seg til praktiske forretningar.   Les meir …
Sally, Rose and Jorikka Henriques by Julius Jacobsen.jpg
Salomon «Sally» Ruben Henriques (f. 13. november 1815 i København; d. 29. april 1886 København) var ein dansk målar, bror til Nathan og Samuel Henriques. Foreldra hans var vekselerar Ruben Henriques junior (17711846) og Jeruchim (Jorika) født Melchior (17851857). Etter tre år i handelen bestemte han seg til å satse på kunst da han var tjue. Etter anbefaling frå G.F. Hetsch begynte han å besøkje Kunstakademiet sine skular i 1836. I 1837 vart han elev ved Modelskolen, og han utdana seg vidare ved dei private målarskulane til J.L. Lund og C.W. Eckersberg.   Les meir …
Aroz amariyo.jpg
Aroz amariyo (djudeospanyol), arroz amarillo (kastiljansk) eller gul ris er ein tradisjonell matrett, blant sefardím og i generell matkultur frå Sentral-Asia og Indonesia via Middelhavet til Latin-Amerika og Sør-Afrika. For å gjera risen gul blir det vanlegvis brukt enten safran, gurkemeie eller annatto.   Les meir …
M03923 Jødekaker.jpg
Portugiesische Kuchen var ein tradisjonell småkaketype blant portugisarjødar i Hamburg. Det er eit av bakverka som går under namnet jødekaker i Skandinavia.   Les meir …


Populære sider

  1. Kahal Kados Bet Israel (Hamburg 1652-1842) (vist g.)
  2. Elias Moses Delbanco (vist g.)
  3. Manoel Teixeira (vist g.)
  4. Den første esnogaen i København (vist g.)
  5. Menasseh Ben Israel (vist g.)
  6. Der Ritus der portugiesischen Synagoge (Hamburg, Oct. 1837) (vist g.)
  7. Ladino (vist g.)
  8. Tribunal del Santo Oficio de la Inquisición (vist g.)
  9. Abraham Lopes Cardozo (vist g.)
  10. Abraham de Casseres (vist g.)
  11. Den portugisiske Nakskauer Menighed (vist g.)
  12. Johann Philipp Reis (vist g.)
  13. Vaflar (vist g.)
  14. Abraham Lopez (vist g.)
  15. Emanuel Aguilar (vist g.)
  16. Leon Lopez (vist g.)
  17. Abigail Rebecca Samuda (vist g.)
  18. Baruch Spinoza (vist g.)
  19. Bevis Marks-esnogaen (vist g.)
  20. Camille Pissarro (vist g.)
  21. David Aaron de Sola (vist g.)
  22. David Nieto (vist g.)
  23. De Sola (vist g.)
  24. Grace Aguilar (vist g.)
  25. Emanuel Mendez da Costa (vist g.)
  26. Esnogaen i Creechurch Lane i London (vist g.)
  27. Gazeta de Amsterdam (vist g.)
  28. Gershom Mendes Seixas (vist g.)
  29. Isaac Lopez (vist g.)
  30. Ishac Aboab da Fonseca (vist g.)
  31. Joseph Mendes da Costa (vist g.)
  32. La Despedida (vist g.)
  33. Moses Levi (vist g.)
  34. Moses Ruben Henriques (vist g.)
  35. Orden de las Bendiciones conforme el vso del K.K. de España. Añadido y dispuesto en mejor forma que las precedentes imprenciones. (vist g.)
  36. Pescado frito (vist g.)
  37. Portugisarjødar (vist g.)
  38. Rosinvin (vist g.)
  39. Samuel Jessurun de Mesquita (vist g.)
  40. Saul Levi Morteira (vist g.)
  41. Trekornshatt (vist g.)
  42. Uriel Acosta (vist g.)
  43. Kahal Kados Talmud Torah (Amsterdam 1639-1675) (vist g.)
  44. Benjamin Duque (vist g.)
  45. Esnogas i Hamborg og Slesvig-Holsten (vist g.)
  46. Kahal Kados Talmud Torah (Hamburg -1652) (vist g.)
  47. Bendigamos al altísimo (vist g.)
  48. Esnogaen i Amsterdam (vist g.)
  49. Thesouro dos Dinim (vist g.)
  50. Miriam Mendes Belisario (vist g.)