Esnoga.no:Portugisarjødar

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 20. mars 2022 kl. 02:56 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS
TORÁ • NEBIÍM • KETUBÍM • Talmúd • Misjné Torá • Sjulḥán ʕarúkh • Meʕám loʕéz • Tefillót
ORTODOKS • MASORTI • PROGRESSIV
SKANDINAVIA • SEFARDIM • ROMANIOTES • ASJKENAZIM • KARAIM • SJOMERIM
portugisarjødar • osmanske sefardím • Maghreb

Ketubba Amsterdam 1718.jpg

Portugisarjødar (nyn.; bm./da. portugiserjøder) eller portugisjødar (nyn.; bm./da. portugisjøder; sv. portugisjudar) er ei gruppe av sefardím som har hovudopphavet sitt i dei sefardím som kom frå Spania og Portugal til Italia, Vest-Europa og Amerika frå sist på 1400-talet og fram til sist på 1700-talet. Portugisarjødane har eit karakteristisk ritual basert på ritualet på Den iberiske halvøya føre utvisinga derifrå i 1490-åra, men òg med mange trekk frå dei italiensk-jødiske benè Roma og frå marokkanske sefardím. Portugisarjødane hadde varierande grad av innreise-, nærings- og busettingsrett i Danmark og Norge frå 1657 av. Ved den norske Grunnloven av 17. mai 1814 vart det innført fullt forbod mot innreise og opphald for alle jødar, men unntaket for portugisarjødane vart bekrefta att av Justisdepartementet den 4. november 1844 — seks år føre heile jødeparagrafen vart oppheva.


Elias Moses Delbanco (17501802) eller Elias Moses Warburg, ofte kalla Elias Delbanco, var ein vekselerar som dreiv forretning i hop med svigerfaren Bendix Henriques i Göteborg. Elias Moses Warburg vart fødd i 1750 i Altona som son til Jettchen Wagner og Moses Warburg. Han tok namnet Delbanco. Elias vart gift med Penina Henriques (17561826), dotter av Bendix Henriques, den 29. oktober 1781 i København. Elias Moses Delbanco dødde i København den 11. september 1802.   Les meir …
Den første esnogaen i København veit vi ikkje så mykje om. Den første portugisarjødiske gudstenesta vi faktisk veit om, fann stad i 1695, da Samuel Teixeira og familien hans var i København på grunn av forretningar. Det hadde ikkje vorte søkt om løyve til å ha gudsteneste, så Teixeira og andre portugisarjødar vart arrestert. Dei søkte da om lov til å halde gudstenester og fikk omgåande slikt løyve. Fastbuande portugisarjødar i København midt i 1690-åra var Jacob Abensur med familie og, frå 1692, Salvador de Palacios. I dei neste åra veit vi at Isak Granada tok borgarskap i København i 1702, Raphael Jesurum i 1703 og Jacob Cohen og Jacob Franco i 1704. Alle desse var, som portugisarjødar, fritekne frå leidebrevspåbodet, så vi veit ikkje kva tid dei faktisk busette seg i byen.   Les meir …
Hesqui.jpg
Abraham de Casseres, òg skrive Abraham de Cáceres, var ein portugisarjødisk musikar som levde i Nederland tidleg på 1700-talet. Første gong vi hører om honom er i 1718. Frå 1720 til 1740 var han komponist for den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Han sette blant anna musikk til fleire av dikta av Moses Hayyim Luzzatto. Av verk etter honom kjenner vi blant anna kantaten Hesqui hesqui, som han komponerte i 1725 til ein tekst av Ishac Aboab da Fonseca for simḥàt Torá.   Les meir …
PSM V23 D448 Philipp Reis.jpg
(Johann) Philipp Reis (f. 7. januar 1834 i Gelnhausen i Hessen i Tyskland; d. 14. januar 1874 i Friedrichsdorf i Hessen) var ein tysk fysikar og oppfinnar av portugisarjødisk opphav på farssida som er kjent for å ha utvikla den første elektriske telefonen, som han presenterte under namnet Telephon i 1861.   Les meir …
Leon Lopez, òg skrive Leo(n) Lopes, var ein portugisarjødisk kjemikar og handelsreisande frå Hamburg som oppheldt seg ein del i Norge i 1840-åra. Da han og den asjkenaziske jøden Emanuel Philipsen frå Fredericia i Danmark vart arrestert på falskt grunnlag i Christiania i 1844, var ein del av resultatet at Høgsterett den 4. november 1844 for første gong sidan føre Grunnlova vart vedteken i 1814 erklærte at portugisarjødar ikkje var å rekne som forbodne i riket.   Les meir …
Abigail Rebecca Samuda (f. 24. april 1810, d. 2. april 1907 i Heathcroft i London), oftast omtala som A.R. Samuda, Abigail Samuda eller berre Miss Samuda, vart fødd som eldste barnet av Simha (Joy) de Hananel Lopes Pereira alias Aguilar og Ost- og Vestindia-handlaren Abraham de Samuda. Abigail var ein ivrig kunstmålar. Ho tala fire språk flytande og etterlet seg kring 30 manuskript med omsettingar til engelsk, inkludert dei fleste verka av Heinrich Zschokke, som ho sette særleg høgt. Ho skreiv fleire dikt som vart tonsett av Emanuel Aguilar og andre. Ho døydde den 2. april 1907 i Heathcroft i London, i huset til sin gode ven og svigerson Jose de Sola Pinto, far til litteraturvitaren Vivian de Sola Pinto.   Les meir …
Gershom Mendes Seixas.jpg
Gershom Mendes Seixas (d. 2. juli 1816) var ein amerikansk-sefardisk ḥazzán som tjente ved Shearith Israel-synagogen i New York City (176876 og 17841816) og i Mikveh Israel-synagogen i Philadelphia (6. juni 1780 til pesaḥ 1784). Ḥazzán Seixas hadde lite formell utdaning, men han hadde god kjennskap til den sefardiske musikktradisjonen, var ein flink organisator, hadde veldig godt lag med menneske og dreiv omfattande sjølvstudium for å rette opp for den manglande akademiske bakgrunnen sin.   Les meir …
Ishac Aboab da Fonseca (JE).png
Ishac Aboab da Fonseca (f. 1. februar 1605 i Castro Daire, d. 4. april 1693 i Amsterdam) var ein portugisarjødisk rabbinar, kabbalist og forfattar. Frå 1642 var han ḥakhám i K″K Ṣur Israel i Mauritsstad i Pernambuco) i det novarande Brasil, og frå 1654 var han overrabbinar for den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Han er blant anna kjent for å ha vore med i mangamáden (menigheitsrådet) som sette Baruch Spinoza i ḥerem på grunn av gudssynet han la fram i skriftene sine. Simaõ da Fonseca vart fødd tisdag den 1. februar 1605 i Castro Daire i det nordlege Portugal av foreldra David Aboab og Isabel da Fonseca, som begge var novos cristãos (conversos, bené anusím). Sjølv om familien offisielt hadde konvertert til kristendommen, leid familien stadig under antisemittiske fordommar og mistankar frå Den portugisiske inkvisisjonen. Da Simão enno var liten, flykta familien til St. Jean de Luz rett nordom den spanskfranske grensa. Det ser ut til at David dødde der, og i 1612 flytta enkja Isabel og sonen Simaõ til Amsterdam, der nokre slektningar av David alt budde. Da dei kom til Amsterdam, gikk dei straks tilbake til jødedommen att, og Simão tok i bruk det jødiske namnet Ishac Aboab da Fonseca (førenamnet vart òg skreve Yshac, Yshack o.a.). I ungdomstida studerte både Ishac og jamnaldringen Menasseh Ben Israel med Isaac Uziel.   Les meir …
Moses Ruben Henriques 1757-1823 189.jpg
Moses Ruben Henriques (f. 21. august 1757 i København, d. 6. juni 1823 i København), òg kjent som M.R. Henriques og Mausche Ber, var ein portugisarjødisk kjøpmann frå København i Danmark som budde i Marstrand utanfor Göteborg frå 1787 til 1796, da han flytta tilbake til København att. M.R. Henriques dreiv som Silke- & Klædekræmmer / siden och tyghandlare gjennom forretninga M.R. Henriques & Søn, og han var òg forstandar for Den portugisiske Nakskauer Menighed i fleire år.   Les meir …
Pescado frito, eller panert fisk frityrsteikt i vegetabilsk olje, er ein matrett med sefardisk opphav. Denne tillagingsmåten gjer at fisken held seg sprø utanpå og saftig inni og med like god smak kald som varm. Pescado frito blir tradisjonelt servert som kald matrett til desayuno på laurdag etter at tefilláen (morgongudstjenesta, inkludert torálesing og musáf) er ferdig.   Les meir …
Ketubba Amsterdam 1718.jpg
Portugisarjødar (nyn.; bm./da. portugiserjøder) eller portugisjødar (nyn.; bm./da. portugisjøder; sv. portugisjudar) er ei gruppe av sefardím som har hovudopphavet sitt i dei sefardím som kom frå Spania og Portugal til Italia, Vest-Europa og Amerika frå sist på 1400-talet og fram til sist på 1700-talet. Portugisarjødane har eit karakteristisk ritual basert på ritualet på Den iberiske halvøya føre utvisinga derifrå i 1490-åra, men òg med mange trekk frå dei italiensk-jødiske benè Roma og frå marokkanske sefardím. Portugisarjødane hadde varierande grad av innreise-, nærings- og busettingsrett i Danmark og Norge frå 1657 av. Ved den norske Grunnloven av 17. mai 1814 vart det innført fullt forbod mot innreise og opphald for alle jødar, men unntaket for portugisarjødane vart bekrefta att av Justisdepartementet den 4. november 1844 — seks år føre heile jødeparagrafen vart oppheva.   Les meir …
Amsterdam1639 Int.png
Kahal Kados Talmud Torah, bygd 1639, var den første felles portugisarjødiske esnogaen (synagogen) i Amsterdam. Tidleg på 1600-talet opna dei spanske og portugisiske jødane i Amsterdam tre esnogas i jødekvarteret på Vloonburg-øya i Amsterdam — Beth Jacob (ca1602/1610), Neve Shalom (spanske jødar, ca 1608/1612) og Beth Israel (1618). Dei tre menigheitene samarbeidde mykje frå 1622 av, og i 1639 vart dei samenslegne under det noverande namnet Talmud Torah. Dei bygde da om to hus ved den daverande Houtgracht til ein felles synagoge.   Les meir …
Bendigamos-illustrasjon.png
«Bendigamos al altísimo», oftast rett og slett kalla «Bendigamos», er ein song som er bygd over same temaet som Birkàt hammazón (signinga etter maten) og som ofte blir sungen i samband med Birkàt hammazón blant portugisarjødarGibraltar, i Amsterdam, i London og andre plassar i Vest-Europa, så vel som i dei gamle portugisarjødiske samfunna vestom Atlanterhavet (inkludert New York City, Philadelphia og Curaçao). Songen er òg bruka i dei gamle sefardiske samfunna i Bordeaux og Bayonne i Frankrike, men der syng dei han i ein fransk versjon.   Les meir …
EsnogaAmsterdamTebah.jpg
Esnogaen i Amsterdam eller Den portugisiske synagogen i Amsterdam, oftast kalla Esnoga (nederlandsk uttale: snoge), ligg ved gata Visserplein, beint imot det historiske sentrumet av Amsterdam, rett ved Det jødiske historiske museet i Amsterdam. Dette monumentale bygget vart bygd på 1600-talet (det såkalla gyldne hundreåret i Nederland) for det sefardiske trussamfunnet Talmud Torah (Det portugisisk-israelittiske trussamfunnet i Amsterdam).   Les meir …
Sigrid de Lemos (Vaare falne).jpg
Sigrid de Lemos (f. 8. mars 1883 i Kristiania; d. 1942 i Auschwitz) var språklærar i Oslo. Ho vart fødd 8. mars 1883 i Kristiania som det andre av tre born av Rosalie de Lemos, f. Nathan (f. 1855 i Rendsburg; d. 1930 i Oslo) og Adolph de Lemos (f. 1848 i Hamburg; d. 1900 i Kristiania). Ho tok handelsskulen, og etter det studerte ho språk i utlandet. Da ho kom tilbake til Oslo etter studia, arbeidde ho som språklærarinne i Oslo.   Les meir …
Pimentel Minhat Kohen (1668).jpg
Ḥakhám rebbí Abraham Cohen Pimentel (f. 16?? i Portugal; d. 28. adár 5457 / 21. mars 1697 i Amsterdam) var ein vidkjent rabbinar for portigisarjødane i Amsterdam og seinare ḥakhám for portugisarjødane i Hamburg. Han skreiv boka Minḥàt Kohén (utg. 1668), der han blant anna tok for seg zemanním (halakhiske tider) sett i lys av kronometer (mekaniske klokker).   Les meir …
Isak Granada (òg skrive Isaak, Isach; f. i Amsterdam; d. 1731) var ein portugisarjøde i København. Han tok borgarskap i København i 1702. Kring same tid gifta han seg med Debora de Lima, eldste dottera av Rachel og Samuel de Limma (d. mai 1687). Dei fekk to born: Jacob Isaac Granada de Lima (f. 1709 i Hamburg; d. 1755 i Amsterdam) og Gracia Granada (f. 1713 i København; d. 25. juni 1763 i Amsterdam). Isak Granada hadde ei sentral rolle i den første esnogaen i København og var den som i 1715 kjøpte land til ein gravlund for menigheita.   Les meir …
M03923 Jødekaker.jpg
Portugiesische Kuchen var ein tradisjonell småkaketype blant portugisarjødar i Hamburg. Det er eit av bakverka som går under namnet jødekaker i Skandinavia.   Les meir …
Jødekaker (nyn./bm.; da. jødekager; sv. judekakor) eller jødebrød (sv. judebröd) er det vanlege namnet på ei gruppe småkaker med sefardisk opphav i skandinavisk kokekunst. Da sefardiske kryptojødar fann vegen frå Spania og Portugal til Nord-Europa kring 1600- og 1700-talet, tok dei med seg element av iberisk sefardisk kultur — inkludert sefardisk (jødisk) og arabisk (muslimsk) kokekunst med sin bruk av sukker i tillegg til meir utbreidde søtstoff som honning og ymse typar fruktsirup. Eitt av dei elementa var småkaker baka med piska egg, sukker og vegetabilsk olje (for eksempel olivenolje) som basis. Karakteristisk for desse sefardiske småkakene er òg at det er minimalt med væske i dei.   Les meir …
Marie Henriques self-portrait.png
Marie Henriques (fødd 26. juni 1866 på Petershøj i Klampenborg i Danmark; død 12. januar 1944 på Montebello i Helsingør i Danmark) var ein dansk portugisarjødisk målar. Marie Henriques var dotter av vekselmeklar Martin Henriques og Therese Abrahamson. Marie Henriques tok privattimar tre vintrar hos Frants Henningsen. I 1888 bekosta faren eit halvt års opphald i Paris, kor ho hadde timar den belgisk-franske målaren Alfred Stevens, den norske målaren Christian Krohg og den franske målaren Othon Friesz. Same året oppretta det danske Kunstakademiet endeleg Kunstakademiets Kunstskole for Kvinder, og ho vart elev i det første kullet der med Viggo Johansen som lærar. Ho fullførte studia der i 1893.   Les meir …


Populære sider

  1. Kahal Kados Bet Israel (Hamburg 1652-1842) (vist g.)
  2. Elias Moses Delbanco (vist g.)
  3. Manoel Teixeira (vist g.)
  4. Den første esnogaen i København (vist g.)
  5. Menasseh Ben Israel (vist g.)
  6. Der Ritus der portugiesischen Synagoge (Hamburg, Oct. 1837) (vist g.)
  7. Ladino (vist g.)
  8. Tribunal del Santo Oficio de la Inquisición (vist g.)
  9. Abraham Lopes Cardozo (vist g.)
  10. Abraham de Casseres (vist g.)
  11. Den portugisiske Nakskauer Menighed (vist g.)
  12. Johann Philipp Reis (vist g.)
  13. Vaflar (vist g.)
  14. Abraham Lopez (vist g.)
  15. Emanuel Aguilar (vist g.)
  16. Leon Lopez (vist g.)
  17. Abigail Rebecca Samuda (vist g.)
  18. Baruch Spinoza (vist g.)
  19. Bevis Marks-esnogaen (vist g.)
  20. Camille Pissarro (vist g.)
  21. David Aaron de Sola (vist g.)
  22. David Nieto (vist g.)
  23. De Sola (vist g.)
  24. Grace Aguilar (vist g.)
  25. Emanuel Mendez da Costa (vist g.)
  26. Esnogaen i Creechurch Lane i London (vist g.)
  27. Gazeta de Amsterdam (vist g.)
  28. Gershom Mendes Seixas (vist g.)
  29. Isaac Lopez (vist g.)
  30. Ishac Aboab da Fonseca (vist g.)
  31. Joseph Mendes da Costa (vist g.)
  32. La Despedida (vist g.)
  33. Moses Levi (vist g.)
  34. Moses Ruben Henriques (vist g.)
  35. Orden de las Bendiciones conforme el vso del K.K. de España. Añadido y dispuesto en mejor forma que las precedentes imprenciones. (vist g.)
  36. Pescado frito (vist g.)
  37. Portugisarjødar (vist g.)
  38. Rosinvin (vist g.)
  39. Samuel Jessurun de Mesquita (vist g.)
  40. Saul Levi Morteira (vist g.)
  41. Trekornshatt (vist g.)
  42. Uriel Acosta (vist g.)
  43. Kahal Kados Talmud Torah (Amsterdam 1639-1675) (vist g.)
  44. Benjamin Duque (vist g.)
  45. Esnogas i Hamborg og Slesvig-Holsten (vist g.)
  46. Kahal Kados Talmud Torah (Hamburg -1652) (vist g.)
  47. Bendigamos al altísimo (vist g.)
  48. Esnogaen i Amsterdam (vist g.)
  49. Thesouro dos Dinim (vist g.)
  50. Miriam Mendes Belisario (vist g.)