Esnoga.no:Om

Frå Esnoga.no
Versjonen frå 14. januar 2024 kl. 20:35 av Olve Utne (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Esnoga.no er ein nettressurs for sefardisk religion, språk og kultur. Så langt har Esnoga.no 569 artiklar og 653 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

Eit av hovudmåla til Esnoga.no er å vera ei stemme for sefardím og sefardisk jødedom i Skandinavia. Utgangspunktet er ikkje ortodoks jødedom, men tradisjonell jødedom med sin variasjon, inkludert det som i dag blir kalla tradisjonell-egalitær jødedom. Spesifikt er utgangspunktet sefardisk forståing av halakhá — både portugisarjødisk og osmansk-sefardisk så vel som maghrebisk.

Eit sidefokus er masorti og progressiv jødedom.

Språkforma på Esnoga.no er nynorsk i rammeverket, inkludert kategorinamn.

  • Du kan skrive artiklar på nynorsk, bokmål, svensk eller dansk.
  • Større og mindre bidrag til artiklar — både dei du sjølv startar og dei som andre har starta — er velkomne!
  • Bidrag kan vera alt frå retting av kommafeil via tilføying av tilleggsopplysningar til å utvide artikkelen til det mangedoble.
  • Bidrag på andre språk enn hovudspråket i artikkelen er velkomne, men rekn med at dei vil bli omarbeidd til hovudspråkforma i artikkelen.

Når det gjeld val av og transkripsjon av jødisk terminologi, så er utgangspunktet sefardisk terminologi. Der asjkenazisk terminologi skil seg ut, kan vi ta med ein kommentar om dette.