Esnoga.no:Om

Frå Esnoga.no

Esnoga.no er ein nettressurs for sefardisk religion, språk og kultur. Så langt har Esnoga.no 569 artiklar og 648 bilde og andre mediafiler, og fleire er på veg.

Hovudfokus: sefardisk jødedom

Eit av hovudmåla til Esnoga.no er å vera ei stemme for sefardím og sefardisk jødedom i Skandinavia.

Sekundærfokus: masorti/progressiv jødedom

Halakhá: sefardisk

Språkform: primært skandinavisk

Artikkelspråk

  • Rammeverket, inkludert kategorinamn, er på nynorsk.
  • Du kan skrive artiklar på nynorsk, bokmål, svensk eller dansk.
  • Større og mindre bidrag til artiklar — både dei du sjølv startar og dei som andre har starta — er velkommen!
  • Bidrag kan vera alt frå retting av kommafeil via tilføying av tilleggsopplysningar til å utvide artikkelen til det mangedoble.
  • Bidrag på andre språk enn hovudspråket i artikkelen er velkomne, men rekn med at dei vil bli omarbeidd til hovudspråkforma i artikkelen.

Transkripsjon av jødisk terminologi

  • Vi bruker sefardisk terminologi. Der asjkenazisk terminologi skil seg ut, kan vi ta med ein kommentar om dette.