Esnoga.no:Musikk
Frå Esnoga.no
SKRIFTER • SPRÅK • MAT OG DRIKKE • MUSIKK • SJABBÁT • HØGTIDER • ESNOGAS |
Ein sjivvíti er ein mikrografisk presentasjon sentrert kring Tehillím 16:8 (שויתי יי לנגדי תמיד) og Tehillím 67 — den sistnemnte skrìven i form av ein menorá. Sjivvíti finst i ein del sefardiske, mizraḥiske og ḥasidiske siddurím for meditasjon over Namnet under morgongudstenesta. I mange austleg sefardiske og mizraḥiske synagogar markerer ein sjivvíti retninga mot Ereṣ Yisraél og Jerusalem. Sjivvítien blir òg ein del bruka til å markere bøneretninga i sefardiske og mizraḥiske heimar. Les meir …
Flory Jagoda (f. 21. desember 1923; d. 29. januar 2021) var ein sefardisk kvinneleg songar, gitarist og komponist som blant anna er kjent for å ha skrive songen «Ocho candelicas». Ho gav ut fire plater, den siste av dei i 2005. Flory (Floritza) Papo vart fødd inn i ein sefardisk familie i Sarajevo i Bosnia-Hercegovina i det daverande Jugoslavia i 1923, men mora og stefaren flytta til Zagreb i Kroatia da ho var lita. Flory budde med bestemor si i to år føre ho flytta etter til Zagreb, der ho fikk formell musikkundervisning. Da det fascistiske ustaša-marionettregimet vart innsett av Nazi-Tyskland i 1941, kom det fort antisemittiske lovar. Familien flykta derifrå snart etter. Les meir …
«Portugisarjødisk synagogemusikk» av dr. Martin M. Rodrigues Pereira z"l
Dei mange sefardiske samfunna som vart etablert i Vest-Europa og Amerika etter år 1600 fikk dei fleste skikkane og tradisjonane sine frå «modersamfunnet» sitt — den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Eksempel på det er dei sefardiske samfunna i: Den Haag, Maarssen og Naarden i Nederland; Hamburg og Altona i Tyskland; London og Manchester i England; New York og Philadelphia i USA; Paramaribo i Surinam; og Curaçao, St. Thomas og mange andre plassar i Karibia. Les meir …
Dei mange sefardiske samfunna som vart etablert i Vest-Europa og Amerika etter år 1600 fikk dei fleste skikkane og tradisjonane sine frå «modersamfunnet» sitt — den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Eksempel på det er dei sefardiske samfunna i: Den Haag, Maarssen og Naarden i Nederland; Hamburg og Altona i Tyskland; London og Manchester i England; New York og Philadelphia i USA; Paramaribo i Surinam; og Curaçao, St. Thomas og mange andre plassar i Karibia. Les meir …
«El Dio alto» er ein tradisjonell osmansk-sefardisk song som tradisjonelt blir sungen i samband med habdalá ved utgangen av sjabbát etter solnedgang på laurdag. Det er to hovudmelodiar — ein viseaktig melodi som vart brukt i Salonica og ein meir melismatisk melodi som blant anna er tradisjonell blant tyrkiske jødar. Den sistnemnte melodien blir òg brukt på ʕereb kippúr. Les meir …
Tehillím 92, eller «Mizmór sjir leyóm hasjabbát», blir sungen som del av ʕarbít på fredagskvelden og markerer det punktet i gudstenesta at menn ifølgje Sjulḥán ʕarúkh (Óraḥ ḥayyím 261:4) tek på seg sjabbátkvila, enda om det skulle vera føre solnedgang. I fredagskveldsgudstenesta kjem «Mizmór sjir leyóm hasjabbát» etter «Lekhá dodí» og føre Tehillím 93 («Adonái malákh, geút labésj»). Les meir …
Abraham de Casseres, òg skrive Abraham de Cáceres, var ein portugisarjødisk musikar som levde i Nederland tidleg på 1700-talet. Første gong vi hører om honom er i 1718. Frå 1720 til 1740 var han komponist for den portugisarjødiske menigheita i Amsterdam. Han sette blant anna musikk til fleire av dikta av Moses Hayyim Luzzatto. Av verk etter honom kjenner vi blant anna kantaten Hesqui hesqui, som han komponerte i 1725 til ein tekst av Ishac Aboab da Fonseca for simḥàt Torá. Les meir …
«Bendigamos al altísimo», oftast rett og slett kalla «Bendigamos», er ein song som er bygd over same temaet som Birkàt hammazón (signinga etter maten) og som ofte blir sungen i samband med Birkàt hammazón blant portugisarjødar på Gibraltar, i Amsterdam, i London og andre plassar i Vest-Europa, så vel som i dei gamle portugisarjødiske samfunna vestom Atlanterhavet (inkludert New York City, Philadelphia og Curaçao). Songen er òg bruka i dei gamle sefardiske samfunna i Bordeaux og Bayonne i Frankrike, men der syng dei han i ein fransk versjon. Les meir …
- Adón hasseliḥót (vist g.)
- Flory Jagoda: «Ocho candelicas» (vist g.)
- Las estrellas de los cielos (vist g.)
- La Despedida (vist g.)
- Hazeremos una merenda (vist g.)
- Adió querida (vist g.)
- Una noche al lunar (vist g.)
- Sefardisk musikk (vist g.)
- Por una niña tan hermoza (vist g.)
- Era escuro (vist g.)
- Sjivvíti (vist g.)
- Abraham de Casseres (vist g.)
- Mi ze yemallél (vist g.)
- Mossé, Mossé (vist g.)
- Una tarde de verano (vist g.)
- Páxaro d’hermosura (vist g.)
- Mossé salió de Miṣráyim (vist g.)
- Flory Jagoda (vist g.)
- George Frideric Handel: Judas Maccabæus (vist g.)
- El Dio alto (vist g.)
- Tehillím 92 (vist g.)
- Bendigamos al altísimo (vist g.)
- Quien supiese y entendiense (vist g.)
- Maʕóz ṣur (vist g.)
- Portugisarjødiske teʕamím (vist g.)
- M.M. Rodrigues Pereira: «Portugisarjødisk synagogemusikk» (vist g.)